Gå til innhold
🎄🎅❄️God Jul og Godt Nyttår fra alle oss i Diskusjon.no ×

Gyldig grunn for utsetting av førstegangsteneste?


Efreet

Anbefalte innlegg

Hei.

 

Eg er blitt innkalt til førstegansteneste i Januar, noko som er eit veldig dårleg tidspunkt for meg, eg har andre planar.

 

Eg har desse vala,

1) Ta imot studieplass ved NTNU, og få utsatt førstegangstenesta pga høgare utdanning.

2) Jobbe i Trondheim fram til Januar, for så å reisa 6månader til Ecuador som volontør i Misjonsalliansen.

 

Eg har veldig lyst til å reisa til Ecuador.

 

MEN, eg veit ikkje om dette er gyldig grunn for utsetjing av førstegangstenesta, eg har enda ikkje fått det 100% sikkert at eg skal til Ecuador (kontoret til MA har sumarferie fram til August). Så det gjenstår fortsatt eit intervju der, men sei for sakas skuld at eg er tatt inn.

 

Eg veit eg må senda ein søknad om utsejing av førstegangstenesta med bevis på at eg skal noko anna, t.d. bevis på tilbod om studieplass eller volontørstilling i Ecuador.

 

Er usikker på om hjelpearbeider, bistandsarbeid, volontørarbeid, eller kva ein skal kalla det, er gyldig grunn til utsetjing av førstegangsteneste, ev. om det kan gå som sivilteneste?

 

Frå eg får bekreftelse om tilbod frå MisjonsAlliansen, til eg sender søknad til MIL, (forhåpentlegvis rundt 15. august), vil det ta 3-4 uker før eg får svar.

 

Eg må uansett ta imot studieplassen, og senda søknad om utsetjing pga av den, for så å endra grunnen min til volontørarbeid om det vert aktuelt.

 

 

Om dette er veldig forvirrande, så bare spør, men eg er ganske rådlaus.

 

Eg må jobba for å betala for 3-6mnd med volontørarbeid, og om eg ikkje får utsatt militærtenesta pga det så er jo heile greia poenglaust. Så eg må ta imot studieplass, og følge opplegget der til eg får veta om eg får tilbod samt utsetjing, og derifrå skaffa meg ein jobb i trondheim.

 

 

Veitkje heilt om dette blir rett forumsdel, men er litt innanfor iallfall.

 

 

Håpar nokon kan hjelpa ein rådlaus gut, fordi eg veit ikkje kva eg skal gjera på dette tidspunktet.

Takk på førehånd!

 

 

mvh,

Geir

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Spenstig av deg å ville reise som frivillig. Verden trenger slike som deg! Ta en kjapp telefon til vernepliktsverket (03003) og spør om den slags arbeid er gyldig grunn for utsettelse. Sannsynligvis er det det, og om det ikke er det kan de nok fortelle deg det nå.

Lenke til kommentar

Var der dei fortalte meg at eg måtte senda søknad, noko som fungerer veldig dårleg for meg. Men eg synst nesten det ville vore veldig rart om det ikkje var gyldig nok grunn. Takk forresten.

 

får vel prøva dei igjen, skadar ikkje.

Lenke til kommentar

Snakka med dei og spurte etter saksbehandlar, men fekk det ikkje, men ho sa ho kunne svara.

 

Det eg fekk som svar var at eg måtte søka NTNU og MIsjonsAlliansen om å få utsetjing av studieplass/volontørstilling pga verneplikt.

 

Eg veit ikkje kva prosedyrar NTNU har med det, mtp at det ville utsatt studiet heile 2 år framover (med militær) som går over 2 studieår).

 

Men eg kan nok få volontørstillinga som "Det kan ikkje lovast at stillinga vert avsatt til den perioda" eller noko slikt, men eg trur det er verdt eit forsøk det. Det er jo ei dame som jobbar der, og ho virka veldig hyggeleg, så det skulle kunna gå trur eg, om det er lov? eller om det blir akseptert, det veit eg ikkje. Dama på 03003 sa bare at "du får sikkert utsatt det pga det".

 

Men eg må jo fortsatt senda søknad. Eg må uansett ta imot studieplass ved NTNU. Fordi eg får ikkje veta om eg får volontørstillinga før etter at moglegheita for å ta imot studiet er gått bort. Slik at om eg ikkje får volontørstillinga, så får eg andrevalet mitt, psykologi-studie ved NTNU.

 

Kan eg senda ein søknad med 2 grunnar for utsetjing? Slik at grunn 1 er volontørarbeid, og om det ikkje vert godtatt så er grunn 2 studie ved NTNU?

 

Er det noko med at eg er midt i studiet, og difor ikkje kan byrja med verneplikta fordi det betyr at eg må hoppa av studiet? Slik at det bare er for meg å istadenfor å søke utsetjing NO, ventar til eg ev. er midt i studiet, for så å søka utsetjing då. Slik at eg kan "studera" (eg jobbar istadenfor), står som student, mottar ikkje stipend, men brukar det som grunn istadenfor volontørarbeid, "hopper av studiet" eg bare stod som student på (og jobba, ikkje studerte i det heila).

 

Vil det gå? Eller vil eg møte på problemer mtp eksamen, møteplikt, eller ev. å bli sparka ut eller måtta møta på verneplikt pga avhopping.

 

Er vel kanskje litt urett å gjera, er det lov i det heila?

 

Er det noko problem med det å hoppe av eit studie og byrja jobba? Eg tenker ikkje å ta imot stipend med eingong heller.

 

 

uff, komplisert sak dette her.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...