Gå til innhold
Spørsmål om helse? Still spørsmål anonymt her ×
Husk at de som svarer ikke nødvendigvis er helsefaglig personell. Ta kontakt med fastlege ved bekymringer!

Klor, KOR giftig?!


aspic

Anbefalte innlegg

Hei! Vi har eit lite badebasseng ute i hagen (diameter på 3 meter, høgd 1 meter), og har difor ei lita pumpe ståande ved siden som reinskar vatnet. I det siste har det vore litt problem med denne pumpa, og eg har demontert/montert ho fleire gonger. Inne i denne pumpa er det eit patronfilter, og oppå dette patronfilteret har mamma lagt ein liten klump med "klor". Sidan det er ein klump (ser "produsert ut"), vil eg anta at dette er langt frå rein klor.

 

Anyway, den første gongen eg demonterte pumpa merka eg etterkvart at eg fekk ei stor blemme på tommeltotten. Kor blemma kom frå ante eg rett og slett ikkje. Eg hadde ikkje gjort noko særleg fysisk arbeid ved bruk av fingrane i forkant i alle fall.. Dei påfølgjande dagane pådro eg meg ein ekkel hoste. Denne hosten er slik som "kilar" nede i halsen, så byrjar ein å hoste (om eg byrjar å le, går eg raskt over i hostemodus). Og eg kjenner det er "slim" nede i halsen som helst vil ut. Denne hosten har eg enno.

 

Dette var vel rundt ei veke sidan.

 

I dag måtte eg på ny demontere pumpa (ja, vi skal no bestille ny), men då eg kom inn i kveld, merka eg at eg på ny hadde fått ei blemme på tommeltotten (mykje mindre denne gong). No byrja eg å leggje saman to og to. Så eg søkte opp klor på nettet, og fann ut at det har nettopp etsande eigenskapar (joda, common knowledge), så eg kan i alle fall skylde på kloret kva blemma angår. Men kan dette vere grunnen til hosten? Kan verkeleg minimale mengder klor gjere så stor skade? Det stod jo og at klor kunne øydeleggje lungene.. Er det på tide å skaffe seg respirator?

 

Mvh. gut som aldri skal nærme seg bassengpumpa igjen.

Endret av aspic
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Okei.. Men den innåndningen er ikkje det verste. Det er ikkje verre enn at det lukta som kloret i badebassenget på skulen din. Ikkje var det noko langvarig "innåndning" heller. =o

 

På det databladet der meiner dei nok reint klor, eller klor som har sivet ut frå ein eller annan random plass. Det som det er snakk om her er ein liten bit "klor" (som vanlege kan få tak i, aka. ikkje rein klor?). Denne låg oppe på patronfilteret. Eg tok å løfta av patronfilteret, og var då såvidt borte i den klorhaldige substansen (ja, klumpen var gått litt i oppløysing). Filteret løfta eg vekk, og så starta eg å demontere.

 

Gifta går jo rett ut i bassenget vårt, og difor vil eg ikkje tru at det er noko særlig konsentrert greie. Eg trur eg skal prøve å sove godt i natt, og sjå korleis formen er i morgon tidleg :) Om eg ikkje skriv på forumet i morgon, kan de konkludere med at eg har strøke med.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...