Gå til innhold
Trenger du skole- eller leksehjelp? Still spørsmål her ×

Sosiologi eller marknadsføring som programfag?


Anbefalte innlegg

Tidlegare i år valde eg Internasjonal engelsk, Marknadsføring, strategi og leiing og Kommunikasjon og kultur som programfag. No nettopp fekk eg beskjed om at skulen ikkje vil tilby Kultur og kommunikasjon likevel, so då må eg velje eit anna fag. Dei to vala eg har no er Sosiologi og Sosialantropologi og Marknadsføring, strategi og leiing. Dette kom ganske brått på, og eg har kort frist for å bestemme meg. Eg har lyst å utdanne meg vidare som eitt eller anna innan media, so då kunne vel kanskje sosiologi vere greitt? Mor mi meiner at eg kan ha god nytte av marknadsføring, men eg veit no ikkje sjølv. Nokon som som kan kome med råd om kva eg bør velje? Har ikkje so god peiling på kva dei to faga innber.

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Jeg ville valgt sosiologi ;) Beste faget jeg hadde i år, og lærte mye.

Er et fag som krever veldig mye, og vi hadde ganske vanskelige prøver, men hvis du er typen som er flink til å reflektere og kan se flere sider av en sak har du et bra utgangspunkt.

 

Er jo også mange begreper å lære, men det er det jo i alle fag.

Lenke til kommentar
Det vart sosiologi ja. Trur eg skal klare å meistre det, og det verkar dessutan interessant ut ifrå det vesle eg høyrt om det.

 

Ja, er veldig interessant. Klassen min var så heldig at vi fikk en utrolig bra lærer, noe som gjorde det enda bedre :)

 

Synd at du ikke fikk Kultur og Kommunikasjon, hadde det i år, og det var også et veldig morsomt fag. Siden det var et helt nytt fag så var det ingen lærebøker, så det ble mye papier og litt rot av og til, men lærte fortsatt mye. Hvis du skulle få sjansen til å velge det igjen ville jeg absolutt tatt det ;)

Lenke til kommentar

Dei kutta ut kultur og kommunikasjon fordi vi var for få som hatte valt det. Det er berre ein klasse studiespesialisering per årstrinn på skulen her, so det er jo avgrensa kva fag dei kan tilby. Då eg valde fag tidlegare i år var eg ikkje i tvil om at skulle ha kultur og kommunikasjon, men kan vel ikkje få alt eg vil ha heller.

 

Eg har ikkje aning om kva for lærar eg får i sosiologi, men håpar på nokon som kan gjere undervisinga interessant og variert. Merka utruleg godt i år kor ulik motivasjonen min var i dei ulike faga. Nokre lærarar køyrer same opplegg kvar einaste time, medan andre lagar varierte opplegg som gjer at ein gler seg til timen. God motivasjon i eit fag viser godt att på karakterane.

Endret av Kalvegodt
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...