Gå til innhold
Trenger du skole- eller leksehjelp? Still spørsmål her ×

Klage på muntleg eksamen i 3kj


Anbefalte innlegg

Hei!

 

Har funne ut at eg ønskjer å klage på muntleg eksamen. Lurte difor på kva som då kunne klagast på og kva eg kan oppnå med ei slik klage. Sidan eg ikkje kan klage på karakteren som var sett, må eg klage på rammene rundt eksamen, som etter mi meining ikkje var heilt ideelle.

 

Eksamenen vart gjennomført på den måten at eg hadde 45 min med førebuing, der eg fekk utdelt oppgåvene, og fekk vite om forsøket som skulle utførast. Oppgåvene var ikkje skrivne på mi føretrekte målform.

 

Oppgåvene virka som nokolunde greie, og eg køyrer gjennom heile settet. Eksaminator stilte eit par spørsmål under vegs, og eg tvilte ei stund på nokre av dei, men rett svar kom fram til slutt (gjennom å lese ansiktsuttrykk).

 

Når eksamenen var ferdig så tok eksaminator og sensor ein liten diskusjon før eg fekk vite korleis det gjekk. Sensor la fram ein grundig grunngjeving på karakteren, og det viste seg at han forventa mykje meir djuptgåande svar på oppgåvene enn det eg kunne lese av oppgåveteksta. For eksempel var ei oppgåve «tegn strukturformelen for den funksjonelle gruppen i aldehyd», og sensor forklarte at her burde eg forklare meir generelt om aldehyd, og kva den funksjonelle gruppa gjorde. Verken eksaminator eller sensor ga uttrykk for dette under sjølve eksamenen.

 

Det skal også nemnast eg heller ikkje har fått utdelt pensumliste i kjemi.

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Hadde du informert om din forretrukne målform ?

 

Når det gjeler muntlig sånn generelt er det alltid viktig å ta kontrollen og snakke så mye som mulig om og rundt det du blir spurt om. Du må gi sensor et intrykk om at du kan mye, og dersom han/hun lurer på noe får han/hun heller avbryte deg hvis du begynner å gå for langt vekk fra tema.

 

Men dersom du hadde informert om målform og du får feil er vel dette grunn til å klage ja.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...