Gå til innhold

Guide: PAL vs NTSC, SD vs HD


Anbefalte innlegg

Guide: :yes: Format og kompatibilitet og anna krimskams ein skal kunne

(Utkast 2.1)

Vi har kommi til ein overgangsalder mellom forskjellege format, og naturlegvis fører det til at vi må lære oss ein heil del nye begrep, som til dei grader kan bli misforstått – eg håper derfor at denne tråden kan bidra til å informere. Eg vil ta utgangspunkt i dei mest relevante begrep og format i dag, etterfølgt av meir breidde og dybde seinare, dersom det skulle bli aktuelt.

 

Formata

Dei viktigaste formata for hobbyfilmmakaren er DV og HDV. Ein har også DVCPRO og DVCPROHD på meir avanserte kamera. TV-kanalane bruker eigne format og teknologi spesielt tiltenkt for formålet (nyheitssendingar), og innafor film er filmkamera (helst 35mm) det mest populære, sjølv om også ekstremt høgoppløyselege digitale filmkamera som RED-SERIEN :dribble: får stadig fleire fans.

 

DV – Digital Revolusjon

DV-formatet forandra ein heil verd. Kvalitetstap og analog dritkvalitet tok samfunnet raskt avskjed med – utan å felle ei tåre.

DV-formatet er i "Standard Definition" (SD), det vil si:

*-ein oppløysing på 720*576 pixler, som er standard på alle ikkje-HDTV-sendingar og dvd-filmar

-DV er eit komprimert format, det vil si at den må ta vekk ein del informasjon frå fila for å behalde ein relativt lav storleik (ca 13GB/t). Det betyr at fargane ikkje blir like pene som reallife, men skal ein gjere noko med det, må ein skaffe seg eit kamera som tar opp i eit proffare format enn DV og HDV.

 

Mange har hørt om DV PAL og DV NTSC. PAL og NTSC er to forskjellege måtar å kode signal til kringkasting, og er langt eldre enn DV.

 

-NTSC har 29,97 fps, 720*480 pixler og eigen fargekoding. Ting er som det er pga historiske årsaker (straumnett og kringkastingsmetode). Fargane er fine, men kringkastingsmetoda gir somme stader rare fargar.

 

-PAL har 25 fps, 720*576 pixler og eigen fargekoding. PAL-og NTSC-formata kan ikkje bli brukt om kvarandre, dei må fyrst bli konvertert. Dette kan ein gjere simpelt i eit redigeringsprogram. Eg har valt å bruke PAL-specs ovanfor, fordi dei er det suverent vanlegaste og mest populære i Noreg og Europa. Måten PAL kodar fargar på, gav oss betre fargar på TVene våre i forhold til USA, der signala kunne bli forvrengt på veg til TVen.

 

HDV - Reformen

"High Definition" (HD) skal erstatte SD. Det viktigaste formatet som går innafor HD er HDV, som er ein relativt billig løsning. Dette formatet skiller seg betydeleg ut ifrå DV:

-Oppløysinga varierer (vi har variantane 1280*720p/i, og 1440*1080i)

-Historiske tilpassingar som oppløysing og fargekoding er den same på alle kameraer.

-Unntaket er fps, som forblir den same i USA og nokre andre stader pga straumnettet dei har.

-HDV er komprimert i mpeg2

-resultatet er alltid i 16:9.

 

-dei fleste land sender signalane digitalt, i motsetning til PAL og NTSC, som er analogt.

-kodinga er framleis forskjellege, men lettare å konvertere

-kapasiteten er mykje større

-bileta blir helst sendt progressivt i staden for interlaced, som vi skal sjå på lenger ned.

 

I praksis...

...så vil dette bety at forskjellane mellom PAL og NTSC blir viska ut med HD-formata. Straumnett – og derfor også fps - vil muligens stå i vegen, noko som kan bli konvertert i eit redigeringsprogram, med kvalitetstap avhengig av kva for metode ein bruker. Videocopilot har ein god metode for After Effects. No er begynner det også å bli vanlegare å velje framerate på kameraer (Om ein kan bruke same straumadapter i USA og Noreg er framleis litt diffust...).

 

Begrep

Til slutt har vi ein rekkjae begreper som blei nemnt her eller som er viktige å kunne:

-Format: Ein måte å kode filmfiler på. DV-kassettar lagrar i eit eige format og ikkje i faktiske bilete.

-komprimering (kompresjon): ein måte å forminske filmfiler på, slik at dei tar mindre plass. Codecs er dei forskjellege kompresjonsteknikkane kalla.

-interlaced: måte å vise/recorde film på ved å sende 50 halve bilete i sekundet. 50/2=25. Gamal teknologi som blei brukt pga begrensninger ved kringkasting.

-progressiv: måte å vise/recorde film på ved å sende 25 heile bilete i sekundet. Er vitskapeleg bevist at 720*1280 i progressiv ser betre ut enn 1080*1920 i interlaced under bevegelse.

-Aspect Ratio: forholdet mellom breidde og høgde. På HD-opptak er aspecten alltid tilspassa oppløysinga slik at bildet ender opp med 16:9. Eit klipp på 1440*1080i krever at breidda på pixelane blir strekt ut med 1,33 for å oppnå riktig lengdeforhold.

-fps: Frames per Second

Endret av Great Aftabeh
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse
"High Definision" (HD) skal erstatte SD. Det viktigaste formatet som går innafor HD er HDV, som er ein relativt billig løsning.
Definition. Det viktigaste formatet på forbrukarnivå er vel sikkert HDV, men mange (dei fleste? - eg veit ikkje) HD-kamera som vert selgt i dag bruker vel AVCHD. Det er iallfall fleire AVCHD-kamera på forbrukarnivå i prisguiden enn det er HDV-kamera.

 

-Oppløysinga varierer (vi har variantane 720*1280p, 1080*1920i og 1080*1440i)

Oppløysning er vanleg å skrive på forma [breidd]x[høgd], ikkje omvendt. Altso 1920x1080 og 1280x720, ikkje 1080x1920 og 720x1280. HDV er anten 1280x720 eller 1440x1080.

 

-bileta blir sendt progressivt i staden for interlaced, som vi skal sjå på lenger ned.
HDV er i dei fleste tilfelle interlaced. Sendt? Du tenkjer tydelegvis på TV-sendingar, men her vert vel ikkje HDV-brukt. Eg ville tatt kringkasting og opptak for seg, ikkje legg alt under overskrifta HDV.

 

-HDV-kamera kan bruke kassett, minnekort (P2) og harddisk (proft nivå). Kan i somme tilfeller skifte mellom ulike format også – som til DVCPRO.
Dette vert litt feil, HDV vert kun lagra på (DV-)kassett, og er kun MPEG2. P2-kameraa til Panasonic bruker dei ulike DVCPRO-formata (DVCPRO, DVCPRO50 og DVCPRO-HD) eller AVC-intra. Om du endrer HDV i den setninga til det meir generelle begrepet HD vert det meir rett.

 

-Aspect Ratio: forholdet mellom breidde og høgde. På HDV er aspecten alltid tilspassa oppløysinga slik at det ender opp med 16:9. Eks: 1440*1.33333 : 1080 = 1920 : 1080 = 16:9
Det kjem kanskje litt dårleg fram at du her snakker om både forholdet for heile biletet ((image) aspect ratio) og forholdet for enkeltpikslar (pixel aspect ratio). Det som gjer at 1440x1080 vert til 1920x1080 er jo det at pikslane har forholdet 1,33:1.

 

 

Litt sånn på generell basis trur eg du må passe på å skilje mellom HD og HDV, og mellom opptak og kringkasting.

Lenke til kommentar

Jeg ser at du skriver at i praksis blir forkjellene mellom PAL og NTSC visket ut med overgangen til HD. Er du sikker på det?

 

Grunnen til at jeg spør er at HD i NTSC-land p.t. vanligvis vil være 720p/60 eller 1080i/60 mens det i PAL-land vil være /50 på begge. Jeg vil anta at dersom man skal konvertere et /50-opptak til et /60-opptak eller omvendt, så vil dette medføre kvalitetstap. Det samme prinsipp vil vel også gjelde for opptak i /25 eller /30.

 

Slik jeg ser det medfører innføring av HD-standard at det er oppløsningen som blir enhetlig mens framerate forblir forskjellig i PAL og NTSC-land. Eller har jeg misforstått noe?

Endret av roolf
Lenke til kommentar
Gjest Slettet-XHLacM

USA pleier å kjøre i 60i/24p (med 3:2 pulldown)

EU pleier å kjøre i 50i/25p (med 2:2 pulldown; men den tenker ingen på)

Lenke til kommentar
Gjest Slettet-XHLacM
-Oppløysinga varierer (vi har variantane 1280*720p/i, og 1440*10800i)

En null for mye vil jeg tro. Hvis ikke hadde det vært et ultra-bredt kinoformat. :p

Lenke til kommentar
Gjest Slettet-XHLacM
En null for mye vil jeg tro. Hvis ikke hadde det vært et ultra-bredt kinoformat. :p
Ultra-høgt ja ...

;)

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...