Gå til innhold

Idear og hjelp til ballettutfordring?


Anbefalte innlegg

Fekk i går eit tilbud om å vere med under generalprøve på ei ballettforestilling for å ta ein del bilder. Syns ikkje eg kunne seie nei til det, ettersom eg aldri har tatt liknande bilder før og det vil vere ei flott utfordring og ein fin måte å lære på. Samtidig så tenkte eg at det kunne vore litt gøy å høre kva tankar andre kunne gjere seg rundt dette.

 

Det er enkelte utfordringar som eg må komme over. Dessverre så har eg ikkje tilgang på telezoom, så lengste brennvidde blir 85mm, som innskrenkar litt av bevegelsesfriheita mi. Objektiva eg har tilgang på i dag er 10-20mm, 17-85 og 50mm 1.4. Tenker sjølv at det er dei to sistnevnte eg vil få mest bruk for, sjølv om at det kanskje kan gå an å få til noko smått surrealistisk med kraftig vidvinkel.

 

Det er godt mulig at eg må begrense eller sløyfe bruk av blits, ettersom oppsetninga muligens skal filmast. Når eg i tillegg reknar med at lyset vil vere ganske varierande, med mørk sal bak og varierande opplyst scene.

 

Mine idear hittil: Lang/moderat lukkertid for å få slørete bevegelsar. Fryse og helst isolere fine poseringar ol. Kombinasjon av dei foregåande, men det spørs litt på koreografien. Det blir nok også slik at eg må sjå kva eg kan gjere utifra det som skjer på scena til ei kvar tid. Så vidt som eg veit så er det ei god blanding av både eldre og yngre dansarar som skal opptre, men det er nok mest dei eldre som er interessante å ta bilder av.

 

Dersom du har eit lite tips eller ein ide som du vil dele, så setter eg stor pris på det.

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Bare litt tekniske tips: Prøv å få sete omtrent midt på og i samme høyde som danserne. Det tror jeg er det mest fornuftige perspektivet.

 

Bruk stativ så du slipper å ødelegge bilder pga ustø hånd.

 

Jeg mistenker at du må presse opp ISO og bruke de største blenderåpningene for å få nok lys/kort nok lukkertid til 85mm.

 

Skyt for all del i råformat så du kan stille hvitbalansen perfekt i ettertid.

Lenke til kommentar

Gode tips, men eg trur eg har den biten på plass.. ;) Stativet står klart og eg trur egentlig eg har både plass og muligheit til å bevege meg omtrent som eg vil, så kan både gå heilt fram til scena og plassere med litt opp i radene som du foreslår. Blir spennande å sjå korleis det blir med støy, for må nok presse iso'en litt ja.

 

Takker;)

Lenke til kommentar

Alltids lurt å høre om sånt :)

 

Et lite tips, forresten: Skyt RAW. Kan ikke stole på hvitbalanse-sensor under sånne forhold. Og om lyset på scenen er rimelig konstant så kan du kanskje stille inn blender og lukkertid helt manuelt. Noen kameraer justerer automatisk lukkertid når man zoomer, vet ikke om 30D gjør det så bør du kanskje la være.

Lenke til kommentar

Huskar faktisk ikkje siste eg tok eit bilde i JPEG. Kanskje litt dumt, ettersom eg innimellom kunne sluppe å redigere så mykje, men likar godt RAW.

Trur ikkje det justerer lukkartida, men det får eg sjå. Godt mulig det blir manuell eksponering uansett ettersom eg heilt sikkert vil måtte prøve litt forskjellig for å få fine effektar. lys dansar mot mørk bakgrunn kan jo også lure lysmålaren litt så.. vi får sjå.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...