Scarn Skrevet 4. mai 2008 Del Skrevet 4. mai 2008 (endret) Hmm, Tja, blei uklårt her i førstepost, så oppdaterar heile loggen og førsteposten. Hardware og litt til. Det blei eit litt anna hovudkort, men det yter omtrent likt. + 1TB hardisk. Vifter++ kan du like så godt sjå nedanfor, og i ein av dei første spoilerane Endret 4. juni 2009 av Scarn Lenke til kommentar
Scarn Skrevet 18. mai 2008 Forfatter Del Skrevet 18. mai 2008 (endret) Update 1 No har eg bestilt inn casemod's og mykje anna dill dall frå Microplex sida det var ryddesalg. Eg kjøpte ikkje lcd-skjerm og kabinettføtene, men mykje anna rart: Kommentartråd Edit: Fiksa det veldig uklåre biletet Endret 31. mai 2009 av Scarn Lenke til kommentar
Scarn Skrevet 25. mai 2008 Forfatter Del Skrevet 25. mai 2008 (endret) Update 2 Har vore litt slapp med oppdatering. Etter eit par kutt i kvar finger har eg endeleg fått demontert heile kabinettet. For eit slit det var! Her er bileter av kabinettet og resten av tinga eg kjøpte hos Microplex. Kabinett Before After Pleksiglas.(ikkje tatt av beskyttelses teipen) Dill Dall Det meir nødvendige. Alt samla. Kommentartråden Endret 31. mai 2009 av Scarn Lenke til kommentar
Scarn Skrevet 13. juni 2008 Forfatter Del Skrevet 13. juni 2008 (endret) Update 3 Dei siste dagane har eg gått til innkjøpe av Minislipar (dremel), og ekstra utstyr til multiverktøyet. Når eg var oppe på Biltema kjøpte eg òg nøkkelstartar og "pilotknapp" Eg har brukt lang tid på å skjære i hk brettet, hdd og cd/dvd rack. Her er nokre bileter av korleis dei no ser ut: Det neste eg må kjøpe er mutterar og skruar til å feste hk-brettet saman til èin del. Eg må og kjøpe fleire kutteskiver. Eg er nødt å finne ein passande restartknapp. Ellers er eg ferdig med "skjelettet", og kan tenkje på å gå til innkjøp av 9mm kryssfiner. Kommentartråd Endret 31. mai 2009 av Scarn Lenke til kommentar
Scarn Skrevet 16. juni 2008 Forfatter Del Skrevet 16. juni 2008 (endret) Update 4 Hei! I går kveld og idag har eg jobba med ein modell av pappøskja til kabinettet eg kjøpte. Modellen er nesten heilt lik størrelse som kabinettet eg skal lage. Det som er ulikt er at eg mest sannsynleg vil ha ein smalare topp. Eg har gjort ein del forandringar i forhold til sketchup modellen. Den største er at eg har bestemt meg for å ha 240mm vifta framme. Det vil jo bli stygt, så derfor har eg lagt på ein ny front framfor fronten. Her er bileter: Klikk for å se/fjerne spoilerteksten nedenfor I første omgang tok eg dei størrelsane som viste at kabinettet blei for meg alt for stort: Så har eg tatt dei størrelsane eg synast var best, men eg skal altså ha toppen smalare. Her er det med ein front framfor fronten igjen: Eg har ikkje tusja viftehol i toppen, men der skal det mest sannsynleg vere 2x120mm vifter. [!spoiler] Edit: Sannsynlegvis skal eg lage kabinettføter i pleksi, men då treng eg å vite kva eg kan bruke for å skjære i pleksi Mellom dei to frontane skal eg ha ei kvit 30cm diode, som lyser ut. Er sommarferie på onsdag, så blir sikkert ein del jobbing framover Kommentartråden bit ikkje! Endret 31. mai 2009 av Scarn Lenke til kommentar
Scarn Skrevet 19. juni 2008 Forfatter Del Skrevet 19. juni 2008 (endret) Update 5 Hei! Idag har eg jobba med ein heilt ny modell, og har funne ut og bestemt meg korleis den skal vere. Kabinettet skal ikkje ha to etasjar, fordi uansett blei det altfor svært. Eg har kutta ut meir i hk.brettet og gjort plata mykje smalare. Eg vil så vidt få plass til alt saman. Her er nokre bileter eg laga kjapt i Sketchup for å vise korleis eg har tenkt. Einaste er at eg kjem til å ha psu-en nede og hdd-en oppe; Her er bileter irl: Det vil ikkje bli andre forandringar utanom størrelsane. Det blir svart lakk utapå og kvit inni +hk-brett. Håpar ikkje dette blei altfor forvirrande. Kabinettet vil altså ikkje sjå ut som i update 4 (og dei andre update-ane eigentleg), men slik som du no nettopp har sett i sketchup og i modell. Eg tar imot all kritikk i komentartråden! Endret 31. mai 2009 av Scarn Lenke til kommentar
Scarn Skrevet 28. juni 2008 Forfatter Del Skrevet 28. juni 2008 (endret) Update 6 God Kveld! Dei siste dagane har eg kjøpt kryssfiner og mykje anna til kabinettet. Eg har fått skjært ut platene bortsett frå dei bak med hk-brettet. Dei skal eg kappe ut sjølv. Eg har pussa kantane på platene, og skal pusse resten når eg har kjøpt fint pussepapir. Eg har gravert inn "ingame-namnet" mitt på ei lita pleksiplate som skal vere limt fast på hk-brettet. Eg veit igrunn ikkje heilt kvifor eg har det namnet, har berre alltid hatt det sida eg byrja å spele spel. Her er nokre bileter ivertfall! Veldig uklårt. Er ikkje heilt venn med kameraet endå.. Slik gjekk eg fram når eg graverte. Fungerte strålande! Lommelykta lyste opp arket, sida eg graverte speilvendt. Veldig uklårt bilete igjen. Poenget er at eg skal vise at eg brukar ein rund bit. Heimelaga arbeidsbenk. Vi tar det vi har (og nei, det er ikkje ei truse som ligg der, det er ei fille) Kryssfineren. På biletet er den fuktig, sida eg "vaska" den før den kom i hus. Første gang eg har prøvd dette, så eg blei fornøgd med graveringa! (kantane skal ikkje visast) Kommentartråd Endret 31. mai 2009 av Scarn Lenke til kommentar
Scarn Skrevet 2. juli 2008 Forfatter Del Skrevet 2. juli 2008 (endret) Mini-update Hei! Eg har bestemt meg for at eg skal ha kabinettet til ein foreløpig htpc, og treng derfor hardware. Det eg har frå før: - Asus A8N-E s939 hovudkort (uviss tilstand) - 40gb Hardisk - 512mb-1gb minne - lydkort - trådlaust nettverkskort Så då treng eg eit skjermkort, cpu, psu, dvd-spelar. Evt. eit nytt hk+cpu. Så er det nokon der ute som har noko til overs, så hadde eg vore evig takknemleg! Kontakt meg på PM eller i kommentartråden. Kommentartråd Endret 2. juli 2008 av Gizmo93 Lenke til kommentar
Scarn Skrevet 16. juli 2008 Forfatter Del Skrevet 16. juli 2008 (endret) Update Teaser Hei! Eg har vore i Danmark den siste veka, men er no tilbake. Eg har skjært ut viftehol, men dei blei ganske så stygge, sida eg måtte bruke Dremelen (og sjølvsagt litt min feil) ; Eg har derfor bestemt meg for å skjære ut viftehola som 8-kantar istedenfor rundingar. Imorgon kjem det mest sannsynlig ein update som viser viftehola. Trur eg skal få skjært dei ut imorgon. Men eg må jo ha ein ny "vegg", sida eg allereie har skjært ut runde viftehol på eine sida av kabinettet (som du ser på bileta ovanfor). Så visst eg har tid, er det ein update imorgon som inneheld alle viftehola - ferdig utskjært. Edit: Eg treng og tips til start- og restartknapp, sida eg ikkje vil bruke nøkkelstartaren. Kommentartråden er der fortsatt! Endret 16. juli 2008 av Gizmo93 Lenke til kommentar
Scarn Skrevet 21. juli 2008 Forfatter Del Skrevet 21. juli 2008 (endret) Update 7 God kveld! No har eg fått skjært ut alle viftehola. Eg fant aldri ei ny kryssfinerplate, så eg gjekk for ei huntonitplate som du kan sjå på to av bileta nedanfor. Det er ein mørkare sort, men den var like tynn, så eg tok den. Kantane skal ikkje visast her. Kommentartråd Endret 31. mai 2009 av Scarn Lenke til kommentar
Scarn Skrevet 10. august 2008 Forfatter Del Skrevet 10. august 2008 (endret) Update 8 Idag har eg og ein kompis montert dvd-racken. Vi blei fornøgde, sjølv om det ser litt skjeivt ut, det blir retta opp igjen. Det ser kanskje ut som vi kun har limt fast dvd-racken men vi har skrudd 3 skrua fast. Dei stakk langt ut, men vi kutta dei til med dremelen, slik at dei ikkje visast. Eg savnar kommentarar Endret 31. mai 2009 av Scarn Lenke til kommentar
Scarn Skrevet 12. august 2008 Forfatter Del Skrevet 12. august 2008 No har forumbrukaren Flippo sponsa meg med ein Creative dvd-spelar og trådlaust tastatur/mus. Tusen takk for det Lenke til kommentar
Scarn Skrevet 13. august 2008 Forfatter Del Skrevet 13. august 2008 (endret) Update 9 Idag har eg jobba med start- og restartknapp og litt andre småting. Eg er då ikkje ferdig med knappane, for dei som skulle lure. Kommentartråd Endret 31. mai 2009 av Scarn Lenke til kommentar
Scarn Skrevet 16. august 2008 Forfatter Del Skrevet 16. august 2008 (endret) Update 10, kabinettføter! Den siste tida har eg jobba litt med kabinettføtene og gjort dei ferdige + eg forstod plutseleg kameraet eg hadde med å gjere Den nye dremelen og eine kabinettfoten. Før. Etter. (Riktig nok ikkje same kabinettfot..) Først pussa eg med 120 kornspapir, så gjekk eg over til 240, så 400, så våtsliping med 1200. Edit: Etter det så polerte eg dei med dremelen, så tørka eg over med ei våt fille. Som alltid, her er kommentartråden. Edit: Eg polerte føtene etter eg hadde pussa dei, så tørka eg over med ei våt fille. Endret 31. mai 2009 av Scarn Lenke til kommentar
Scarn Skrevet 24. august 2008 Forfatter Del Skrevet 24. august 2008 (endret) Update 11 Idag har eg teipa fast korleis kabbinettet blir og lakka hk-brettet. Eg har og gjort ei stor forandring. Det blir nok ingen "skuffe-effekt" for kablane hadde blitt for korte. Det eg då gjer er å lage toppen til ei luke. Eg har og kjøpt inn klarlakk Eg hadde tenkt å kjøpe grunning, men han som solgte det sa at det ikkje var nødvendig sida det skulle stå inne, men eg ser jo at dei fleste andre her inne grunnar kabinetta sine. Kva bør eg gjere? kommentartråden. Endret 31. mai 2009 av Scarn Lenke til kommentar
Scarn Skrevet 31. august 2008 Forfatter Del Skrevet 31. august 2008 Ny sponsor! Vendur.no sponsar meg med eit pci-express skjermkort, tusen takk! Lenke til kommentar
Scarn Skrevet 14. september 2008 Forfatter Del Skrevet 14. september 2008 (endret) Update 12 No har eg endeleg fått litt tid til å jobbe med kabinettet. Eg var nødt til å ta ut start- og restartknappane, fordi dei ikkje fungerte skikkelig. Nye og betre knappar er laga. Eg bestemte meg for å ha knappane oppe istadenfor nede. Pleksibiten er til for å benke ut hk-brettet. kommentartråd. Endret 31. mai 2009 av Scarn Lenke til kommentar
Scarn Skrevet 16. september 2008 Forfatter Del Skrevet 16. september 2008 (endret) Miniupdate Eg har tenkt på ein liten ting. Om den store vifta på toppen vil ha såpass mykje betydning at den er verdt å ha der. Det eg heller vurderar er at eg har blått pleksiglas der. Sida det skal vere ein htpc er eg jo opptatt av at den bråkar minst mogleg. Eg har såpass bra luftstraum at eg tvilar på vifta har noko stor betydning. Forslag til kva som skal vere inngravert (om eg skal ha inngravering der), tar eg sjølvsagt gladelig imot i kommentartråden. Endret 31. mai 2009 av Scarn Lenke til kommentar
Scarn Skrevet 6. oktober 2008 Forfatter Del Skrevet 6. oktober 2008 (endret) Update 13 No har eg fått jobba ein del. Eg har montert nesten alt unntatt det som skal vere rundt hk-brettet på baksida. Her er topp-lokket. Her har eg skrudd saman sidene. For å holde oppe racket måtte eg lage ein fot. Den sølvteiprullen passa perfekt, så det enkle er ofte det beste. Her er sidene+botnen satt saman. Det var mange slike skruar eg måtte kutte. Her står det press på hk-brettet som limast fast. Eg håpar på å bli ferdig med prosjektet i løpet av haustferien. kommentartråden. Endret 31. mai 2009 av Scarn Lenke til kommentar
Scarn Skrevet 12. oktober 2008 Forfatter Del Skrevet 12. oktober 2008 (endret) Update 14 Eg blei aldri ferdig i haustferien, men det er ikkje så altfor mykje som gjenstår. Ikveld sparkla eg heile greia, så får eg sjå imorgon om eg får pussa. Her er då baksida blitt klar for pussing. kommentartråd. Endret 31. mai 2009 av Scarn Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå