Garegaupa Skrevet 3. mai 2008 Del Skrevet 3. mai 2008 Det har seg slik at eg har ein PC som eg bygde utpå hausten i 2005 (litt oppgradert etter den tid), og som absolutt tek til å slite med å hengje med i svingane når det gjeld det nyaste innan dataspel. Systemet ser per i dag slik ut: AMD Athlon 64 X2 4200+ @ 2,53 GHz MSI K8N Diamond 4GB Crucial DDR-RAM GeForce 8800 GTS 320 MB Western Digital 250 GB SATA-300 Corsair HX620W (Alt er luftkjølt.) Skal ein til med ei større oppgradering av dette systemet, så må ein til med nytt hovudkort - og då sjølvsagt ny prosessor og nytt minne. Såpass mykje pengar har eg ikkje til hensikt å bruke på denne PC-en då eg tenkjer å byggje meg ein ny PC med vasskjøling etter kvart, truleg ein gong i løpet av 2009. Eg meiner eg har oppgradert dette systemet bortimot så langt det let seg gjere, bortsett frå på eitt punkt: Prosessoren. Det kraftigaste ein kan få til S939 skulle vere ein Opteron 185, så langt eg kan skjøne. Billegaste pris eg kan finne på desse i Prisguiden er kr. 1.759,-. Spørsmålet er om det vil ha nokon hensikt for meg å gå for ei slik oppgradering? Per i dag har eg overklokka prosessoren frå stock (2200 MHz) til 2530 MHz. Lenger kjem eg ikkje grunna eit svært lite samarbeidsviljugt hovudkort som ikkje vil lenger enn til 230 MHz HT. Ein Opteron 185 har ein multiplier på 13, noko som vil seie at det maksimale eg kan få overklokka til vil vere 2990 MHz (frå stock 2600 MHz). I verste fall, viss han ikkje klarar dette og eg må gå ned til 12 på multiplier, så vil eg kunne klare 2760 MHz. Dette er ei auke i klokkefrekvens frå det eg har i dag på høvesvis 18% eller 9%. Eg er sjølvsagt klår over at eg ikkje er garantert å klare å overklokke noko som helst, men ut frå søk på nettet så får eg inntrykk av at dei fleste klarar 3 GHz på luft på desse prosessorane. Så kva trur folket? Er dette ei oppgradering som er verdt prisen? Eg køyrer i dag med uoverklokka skjermkort, då resten av systemet ikkje klarar å hengje med i det heile teke viss eg overklokkar. Trur de dette kan gje meg ein sjanse til å få utnytta skjermkortet litt betre, samt gje meg litt betre ytelse generelt, slik at maskina kan leve og blomstre til over nyttår pluss litt til? Eller er det tale om så lita ytelsesauke at det berre er å kaste pengar ut vindauga? Eg set pris på alle innspel! Lenke til kommentar
Mann_Av_Gull Skrevet 3. mai 2008 Del Skrevet 3. mai 2008 Hei, nei synes ikke det er verdt å kjøpe Opteron 185 for den prisen. Du greier kanskje å klokke den til 2.8GHz, eller litt mer, men forskjellen vil du knapt merke fra din X2 på 2.5GHz+. Du har igrunnen nok CPU-kraft for å drive det skjermkortet du har.. Hvis du føler at du må oppgradere så får du jo nesten både hovedkort, RAM og CPU til samme pris som hva Opteron 185 koster. Og som yter mye bedre enn det du har.. Da tenker jeg på ett billig P35 hovedkort, til rundt 500 - 600, en billig core2 til 600 - 700, som du klokker. Og DDR2 RAM er jo kjempebillig.. Du får jo 4GB for rundt 500 - 600,-. Men vil si at du har ett rimelig bra oppsett som du har der. Kanskje ikke det aller beste, men duger sikkert til det meste.. Lenke til kommentar
Uglegutt Skrevet 5. mai 2008 Del Skrevet 5. mai 2008 Hei, nei synes ikke det er verdt å kjøpe Opteron 185 for den prisen. Du greier kanskje å klokke den til 2.8GHz, eller litt mer, men forskjellen vil du knapt merke fra din X2 på 2.5GHz+. Du har igrunnen nok CPU-kraft for å drive det skjermkortet du har.. Hvis du føler at du må oppgradere så får du jo nesten både hovedkort, RAM og CPU til samme pris som hva Opteron 185 koster. Og som yter mye bedre enn det du har.. Da tenker jeg på ett billig P35 hovedkort, til rundt 500 - 600, en billig core2 til 600 - 700, som du klokker. Og DDR2 RAM er jo kjempebillig.. Du får jo 4GB for rundt 500 - 600,-. Men vil si at du har ett rimelig bra oppsett som du har der. Kanskje ikke det aller beste, men duger sikkert til det meste.. Må nok si meg enig med OcMax. Det er fryktelig mye penger for lite ytelsesøkning. Ville for såvidt tro at du burde kunne overklokke skjermkortet en del, prosessoren skal da vel klare å følge med det skjermkortet du har. Lenke til kommentar
Garegaupa Skrevet 5. mai 2008 Forfatter Del Skrevet 5. mai 2008 Takk for innspel, karar! De har nok heilt rett med betraktningane dykkar. Som du, OcMax, seier så er det nok litt dumt å kjøpe ein ny prosessor for prisen på nytt hovudkort/prosessor/minne som gjev betre ytelse... Du har igrunnen nok CPU-kraft for å drive det skjermkortet du har.. Ville for såvidt tro at du burde kunne overklokke skjermkortet en del, prosessoren skal da vel klare å følge med det skjermkortet du har. Det trudde eg og, men om eg overklokkar kortet lite eller mykje - både med funksjonen som er innebygd i NVIDIA-drivarane og med RivaTuner - så får eg ikkje noko utslag verken i benchmarks eller på reell ytelse i spel. Eg har søkt rundt på Internett og posta på andre fora, men stort sett ikkje fått noko svar på kvifor det skal vere slik. Dei som har svart rekna som dykk med at systemet mitt skulle klare å hengje med viss eg overklokka skjermkortet. På RivaTuner-forumet fekk eg i relativt klåre ordelag beskjed om at eg var ein tulling som ikkje forstod grunnleggjande overklokking sidan eg spurde om dette... I mangel av noko betre forklåring så har eg berre gått ut frå at det var systemet mitt som ikkje klarte å hengje med. Men viss det er nokon av dykk som har ein annan teori eller ein ide som kan hjelpe meg vidare, så seier eg mange slags takk for det! Lenke til kommentar
ⅵdar Skrevet 18. mai 2008 Del Skrevet 18. mai 2008 Det ville sikkert lønne seg å oppgradere hovedkort og ram med det samme. Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå