Gå til innhold

Adde bilde på template i photoshop?


Anbefalte innlegg

Hvordan legger jeg inn bildet mitt slik at det passer i rammene på templates'ene? Vet hvordan jeg roterer og resizer, men ikke hvordan jeg til bildet i templaten ( eller under ).

Når jeg prøver så blir det på en måte 2 prosjekter som blir uavhengie av hverandre.

Har aldri drevet med PS før. Tusen takk for all hjelp :)

 

 

185024.jpeg

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Det er eit par ulike måtar å få eit bilete over i eit anna dokument:

- Bruk flytteverktøyet (move tool, hurtigtast V). Arranger vindauga slik at du ser begge, og dra frå det eine til det andre.

- Merk alt (Ctrl + A), kopier (Ctrl + C), lim inn (Ctrl + V).

- Høgreklikk på laget du skal flytte og velg Duplicate layer. Ved destination vel du det andre biletet.

- Med malen open, velg File --> Place, og finn fila du skal ha inn.

 

Når du har gjort det kan du rotere og skalere med free transform.

 

Den malen, er den ei PSD-fil? Er det nokre lagmasker, ligg innhaldet i dei to rammene på lag for seg sjølv? For i so fall er vel poenget at du skal erstatte dei laga med bileta dine. (Om du er usikker på svara, last opp PSD-fila (den må i so fall leggjast i ei ZIP-fil), eller eit skjermskot av Photoshop med den open.)

Endret av Torbjørn T.
Lenke til kommentar

OK, tenkte kanskje det var slik. Det er to måtar du kan gjere det på:


    1. Legg inn dei to bileta du skal ha, som forklart over. Dei vil havne øverst i lista av lag.
    2. Dra det eine nedover i lista, slik at det havner rett over det andre laget som heiter Your image here.
    3. Slett begge laga som Your image here.
    4. Høgreklikk på kvart av laga med bileta dine, og velg Create clipping mask.

[*]

  1. Høgreklikk på det øvste laget, som heiter Your image here, og velg Convert to Smart object.
  2. Høgreklikk ein gong til, og velg Replace contents. Finn fila med biletet du vil ha inn der.
  3. Gjenta med det andre laget.

Den siste metoden vil berre fungere med versjon CS2 og nyare av Photoshop. Fordelen med den er at det veldig enkelt å bytte ut bileta.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...