Gå til innhold
Spørsmål om bil og motor? Still spørsmål her ×

Volvo 245 varebil, ombygging og litt smådill


Anbefalte innlegg

Halloen

 

Fredag var endeleg dagen da eg fekk kjøpt meg ein 245. Har sett etter 245 i eit halvt år no og hatt ein på prøve og fått nokon til å prøvd ein annan ein. Men dei blei for dyre. Har vore på finn i lange tider og sett etter 245 med visse krav: Den skulle vere ifra 90-tallet, ha gått mindre enn 250 tusen og til ein pris under 35. Det viste seg at dei krava var ikkje like lett å få gjennomgang med. Dei fleste hadde gått over 250 og var ikkje ifra 90.tallet.

 

Men fredag i eit-tiden blei det lagt inn ei annonse på finn. Ein Volvo 245 ifra 92 som hadde gått cirka 150 tusen til den nette sum av 23 tusen. Ringde med eingong på den når eg kom heim i tre tiden. Heldigvis var ikkje bilen seld, så høyrde litt på kva ho hadde å sei om bilen og den virka ganske fin. Så eg sa at eg kjøpte den. "Hva, kjøper du bilen usett?!" svarde ho :) Da måtte eg le litt, men eg visste at dersom ikkje kjøpte denne med eingong, så kom det ein annan ein ganske fort å kjøpte den. Laurdag (igår) fekk eg ein til å sjå på bilen for meg å da fekk eg vete at det var litt rust nede i bakkant av dørene, men den var til å pirke vekk. Eksosanlegget var ganske nytt og da hadde ho fått vete at bilen var rustfri under. Under panseret var det litt drete, men ikkje voldsomt. Den sveitta litt ifra toppen, klassisk. Sommardekka var visst ganske sletne og felgane fekk eg ikkje med. Defa pakke var det og på denne bilen, det eg veit om den er at du kan sjå temperaturen ute og spenninga på batteriet. Og visst det er som ein her i bygda hadde på traktoren sin, så kan du programere motorvarmaren til å koble ut og inn.

 

Til ein pris av 23 tusen så var eg fortsatt meget interesert og ho spurde meg 4-5 gonge om det var sikkert at eg kjøpte bilen. Men 245 skulle eg ha. Heilt sidan eg var i 10-års alderen bestemte eg meg for at eg skulle ha ein 245 eingong. Pappa hadde ein 245 ifra starten av 80-tallet, men den var forgassar på og karosseriet rusta vekk. Så den blei skrota. For nokon år sidan skulle mamma ha seg ny bil og etter innskot ifra pappa så kjøpte ho seg ein 945 ifra 98. Det blei sagt at eg skulle overta denne, men desto meir eg tenkte over det, desto mindre fekk eg lyst på bilen. Den har vore på regelmessig service til den hadde gått 100 tusen, da kjøpte me den. Etter det har den ikkje vore på service anna enn for å bytte det som må byttast, og no har den gått vel 200 så eg stolar ikkje heilt på kva stand bilen er i. Det luktar litt svidd når du stoppar bilen og den går ikkje jamnt på tomgang, virkar som om ein av sylindrane ikkje alltid tenner.

 

Så eg ville ha ein annan bil kan du sei... Og når eg endeleg fant denne, blei eg gira. Dette var den femte 240 hennas og ho hadde fullt servicehefte på den. Ho er eigar nummer to og forrige eigar var ein kar i eit røyrleggjarfirma. Kilometervisaren står på 103 tusen, men den fuska så ho tippa den hadde gått 150 tusen. Men det er jo lite til å vere ein 240.

 

Bilen kjem til gards den 20 april da pappa skal til Biri den helga. Og da er det kort veg til Elverum. Høyrde og med Interdekk på Lillehammer om dei hadde nokon felgar til 240. Nei det hadde dei ikkje på lager, men eg skulle jo ha nye dekk så eg spurde etter det og. Joda, skulle få rabatt på dekk sidan dei ikkje hadde felg til meg. 4 stk Firestone dekk til sum av 1800kr. Eg slo ikkje til, men eg skal ringe opp igjen tenker eg å slå til. Det er jo grisebilligt. Så kan pappa hente dei når han reiser forbi dei fredag/laurdag.

 

Det som skal gjerast på bilen:

-Byggje om til 5 setar

-Skaffe felgar og dekk

-Montere ekstralys, 1000-metrar

-Kanskje byte noko på førardøra da noko på lomma der var knekt

-Var visst noko med skiltholdar som var teipa

-Pirke vekk den rusten som er å legge på noko lakk

-Vask...

-Skaffe skinntrekk til alle seter

 

Så hvis nokon har skinntrekk eller bakseter med blå farge til ein 245, ta kontakt.

Kan ta litt tid før ting skjer her, for eg er kun 17 år og går på skule så altfor mange timar i veka. Og så må eg jo passe litt på økonomien.

 

Fleire bilder kjem om ei veke.

post-107692-1208082336_thumb.jpg

post-107692-1208082342_thumb.jpg

post-107692-1208082346_thumb.jpg

post-107692-1208082352_thumb.jpg

Endret av Stressis
Lenke til kommentar
  • 4 uker senere...
Videoannonse
Annonse

Hmm, har vist gløymt denne tråden litt...

 

Da var 245' endeleg heimkommen :D Pappa kom heim klokka 11 i går kveld, eg berre måtte vere oppe å sjå bilen før eg la meg... Har fått sett meir på den idag og køyrt den noko heime. Og det er nok slettens ikkje nokon dårleg bil eg har kjøpt meg. Motoren går helvetes godt, men det er ulyd ifra motorrommet som går og kjem. Må prøve å finne ut av den. Defa anlegget er programmert så nå er det i orden. Får ikkje bruk for det før til vinteren da... Men eg dreiv å stussa på spenningen. Når motoren er av så ligg spenningen på 12,5-12,8V cirka. Men når motoren går så går den først opp til 13,4 for så å gå ned til 13,1. Er ikkje det litt lite? Burde den ikkje ligge mellom 13,8 og 14,4? Eg får ta med multimeteret heim ifra skulen og dobbelsjekke med Defaen direkte på batteriet.

 

Sprekka i dørkofferten var større enn eg trudde, så den skal bytast. Tåkebaklyset lyste nett når eg trykte på brytaren, men så slokna det. Alle sikringane er heile så eg veit ikkje heilt kva som er feilen, får leite litt. Lyset til skiltet må ordnast, noko jalla greiere det som er no :p Ellers så startar motoren fint. Var 0 grader i dag tidleg og etter dei omdreiningane som B230F motoren skulle ha, så starta den med eingong. Handbrekken må og strammast syns eg, må dra så langt før den tek skikkeleg. Så må eg skaffe meg noko dørtrekk og sveiv til bakdørene, da det var ei plate på dette. Kan jo og berre ha det sånn.

 

Ellers så virkar alt til å vere i skjønneste orden, B230F er sterk som faen. På flata treng du ikkje gje gass for å løyse den. Fin lyd er det i den og. Og som skikkeleg klassisk 240 så har me ettertenning og :) Bilen er stødig og god å køyre, bremsene tek og godt. Einaste er radioen eg ikkje veit korleis fungerar :roll: Må sjå om eg ikkje finn ei online handbok til den da det ikkje fulgde med og eg skjønnar meg ikkje heilt på den. Varmeapparatet er og i skjønnaste orden, blir spanande å sjå korleis det kjøler...

 

Så det som må gjerast i tillegg til det som står i førstepost er:

-Skaffe dørkoffert

-Feilsøke tåkebaklyset

-Montere sånn relesett for køyrelysa som Biltema har

-Er vel kanskje på tide å bytte til sommardekk og :roll:

 

Og så, det alle har venta og sett fram til, bilder. Og så må eg minne meg på at det er ikkje bra å ta bilder med KNALL sol...

Hmm, bildeopplastingen likte meg ikkje heilt. Skal laste opp hos imageshack og sette inn om få straksar.

Selvfølgeleg så var imageshack korrupt og, så da konverterte eg til bildebøtta. Kjem bilder om nokon straksar til.... :!:

 

th_IMG_2662.jpg

th_IMG_2665.jpg

th_IMG_2666.jpg

th_IMG_2667.jpg

th_IMG_2668.jpg

th_IMG_2669.jpg

th_IMG_2670.jpg

th_IMG_2671.jpg

th_IMG_2672.jpg

th_IMG_2674.jpg

th_IMG_2676.jpg

th_IMG_2677.jpg

th_IMG_2678.jpg

th_IMG_2681.jpg

th_IMG_2682.jpg

th_IMG_2683.jpg

th_IMG_2685.jpg

th_IMG_2687.jpg

th_IMG_2690.jpg

th_IMG_2697.jpg

Endret av Stressis
Lenke til kommentar

Idag har eg montert eit potensiometer til å justere intervallen på vindusviskerane. Men eg fekk eit lite problem. På relet så var det ikkje ein 56Kohms motstand, det var ein 26. Men eg tok vekk den og lodda på høgtalarledningar og lodda på eit potensiometer på 220Kohm i den andre enden. Minste tiden nå er 6 sekund og lengste veit eg ikkje, det er i alle fall fleire minutt. Har fått den til å vare i 15 sekund, men du skal skru bittelitt på den så har du enten 6 sekund eller fleire minutt. Er det noko gale med relet eller skal eg bruke eit mindre potensiometer?

th_0422171318.jpg

Bakom den plata var det gøymd.

 

th_0422172203.jpg

Inni skummgummien i bakgrunnen var det innpakka

 

th_0422173500.jpg

Sånn ser den ut inni

 

th_0422180629.jpg

Her var den kommen på plass igjen

 

th_0422182046.jpg

Ikkje noko bra bilde, men her har eg lodda på ledningane på potensiometeret

 

th_0422182139.jpg

Her er den tatt ut av ein ledig plass.

 

th_0422184839.jpg

th_0422184912.jpg

Og her var den montert.

Lenke til kommentar

Har funne meg eit 100Kohms potensiometer og eg kan no skaffe eit 47K og om 100 blir for stort... Men det får eg ta i morgo eller ein annan dag. Idag har eg montert nytt horn :p Kjøpte meg eit båthorn hos biltema som eg har skrudd fast i taket bakom grillen. Kobla så ut det originale og stakk to flatstift kabelsko som var samenklemt i den originale kontakten til hornet. Funka med eingong :p

 

0423190604.jpg

Her er hornet montert.

 

0423190615.jpg

Kontakten

 

 

0423070806.jpg

Her står bilen og kosar seg veit du :D

 

 

Laga og nokon filmar idag:

Original hornet

Biltema hornet

Walkabout

Så har eg ein liten ulyd ifra motoren, er som om luft sig ut ein plass. Forslag?

Ettertenning

Endret av Stressis
Lenke til kommentar

Dreiv å sjekka idag ette falskluft med startgass, men eg klarde ikkje finna noko :D Og so kom eks-naboane på besøk idag, så nokommande laurdag blir det vasking og polering av 245. Han har jobba på bilverkstad og har gjort dei mattaste bilane om til bila du kan speigla deg i! Så dette ser eg fram til. Og på fredag skal eg og pappa til Førde på Biltema, så da blir det å bruke ein 2000-2500kr der :p Litt deler ifra Volvo er og bestilt, tennpluggar, vindusviskarblad overalt, stopparar til køyrelysviskarane og lokk over luftrillene på panseret. 3stk Hella Rallye 3000 Blue som er pent brukt har eg og fått ordna, kjem til å bruke 2 da det er lovleg.

 

Så fekk eg ein tur med 245' og idag. Køyrde vel ein 30-35km med gamlingen attmed meg :roll: Og jøsses for ein stødig bil, var fullt av svinga i all slags grader, men den holdt seg like stødig heile tiden. Og så på hompane var den mjuk og fin. Ein merka heller ikkje at ein låg i 60-70 :roll: Og det er hverken meir eller mindre enn 116 hesta i den bilen. Den drog godt på flata, men i nokon gode bakkar så merka du at det var ikkje meir hestar. Men den drog godt i bakkane, seige greier.

 

Mamma var til Førde idag på hundeutstilling. Men når ho skulle reise derifra var alt daudt, batteriet var flatt. Men ho fekk no startkablar ifra nokon og da kom ho seg heim igjen. Me sa at ho måtte for guds skyld ikkje stoppe bilen undervegs... Heime så var det fram med syrevektmålaren, og joda, den cella som var ved minuspolen var niks mer. Men ho klarde no gjera noko bra når ho kom heim, parkere attmed min :cool:

 

0427164821.jpg

 

 

 

Så no er det berre å vente på neste update

Endret av Stressis
Lenke til kommentar

Fekk nokon "små" lykter hin dagen...

0503151615.jpg

0503151918.jpg

0503151931.jpg

0503152305.jpg

 

 

Og så har me vore å handla på Biltema i Førde idag. Pappa kom å henta meg etter skulen og så køyrde han til Førde. Heimatte fekk eg køyre :lol: 13 mil... Eg skjønnar meir og meir kvifor Volvo 240 selde så bra. Det er jo heilt fantastiske bilar. Stødige og sterke som fy. Blei litt handling på Biltema og... Så i morgo blir det til å montere lykter å litt anna dill.

0508215916.jpg

0508215934.jpg

0508215950.jpg

0508220014.jpg

0508220024.jpg

Endret av Stressis
Lenke til kommentar

Da har eg fått gjort litt idag og 8) No blir det faen meg lys i mørket her... Har skrudd i mangen timar for å få 1000-metrane i orden ja. Men det blei no eit bra resultat tilslutt. Å eg kan no sei som eg har sett på andre, 240 kler store runde 1000-metrar!

 

0509155258.jpg

Slik ser det da ut under dashbordet

 

0509155310.jpg

Brytaren. Feil kobla, lyset i brytaren fungerar ikkje

 

0509155335.jpg

Der ein plass skal ein ledning igjennom

 

0509155346.jpg

Nermare bestemt, der

 

0509180013.jpg

Da her me fått gjort ferdig kablingen og har sett på plass lyktene og surra dei fast med ledning for å sjå kvar dei skal vere...

 

0509180035.jpg

Sikring må ein ha

 

0509183303.jpg

Da var det båra hål og lyktene var festa

 

0509183319.jpg

Relet

 

0509191010.jpg

Og det lyser! Parklys foreløpig 8)

 

0509191118.jpg

Og så fjærnlyset

 

0509194438.jpg

0509194451.jpg

Steikje kå dan kledde å få på lyktene!

Endret av Stressis
Lenke til kommentar

Ja idag var eg i godt humør. Så eg tok fram posen min med litt diverse glansutstyr. Første punkt var å ha på avfettingsmiddel på bilen. Så blei det spyling med høgtrykksspylar 2 gonger. Så gjekk me over med hand og pusseskinn. Så køyrde me bilen i skyggen og begynte med "color back". Men så begynte det å regne etter ei stund så da måtte eg slutte. Men eg har kun igjen panseret og halve taket.

Lenke til kommentar

Før i denne veka så fekk eg polert ferdig bilen og det blei ein annan bil no ja. Den var kremfarga før, no er den kvit.

 

Og idag har eg fjerna dei platene som er over fjørene framme for å få heva bilen. Så no er bilen komme ned til vanleg 245 høgd :!:

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...