Gå til innhold
Trenger du tips og råd? Still spørsmål anonymt her ×
🎄🎅❄️God Jul og Godt Nyttår fra alle oss i Diskusjon.no ×

Misser vi kontakten med familien vår?


Anbefalte innlegg

I det siste har det så smått byrja å forme seg tankar i hovudet på meg ang. familieforhold. Det slo meg plutselig at eg kjenner klassekameratane mine betre enn kva eg kjenner mi eiga bestemor. Eg tilbringjer så ufattelig mykje tid i lag med diverse folk på skulen, og så umåteleg lite tid i lag med familie à la besteforeldre/anna slekt. Eg kan f.eks. ramse opp namn på foreldre til klassefolk, likevel har eg ikkje den villaste peiling på kva foreldra til besteforeldra mine heiter (ville ha heitt om dei var i live). Eg føler eg ikkje veit noko som helst om kva bestefar har jobba med opp gjennom livet sitt, eller korleis bestemor opplevde ungdomstida si. "Javel" tenkjer du, kvifor ikkje berre ringje dei og spør om alt du lurer på? Eg veit liksom ikkje heilt korleis eg skal kunne ta opp kontakten med dei på ein måte.. Føler ikkje eg kjenner dei slik eg eigentleg burde. Såklart ville det ha vore annleis om vi budde nærare kvarandre, og hadde hatt jamnare kontakt (no er det vel rundt ein 30mins køyretur).

 

I tillegg til dette byrja eg å tenkje på familieforhold i den nære familien (mamma, pappa og brødre). Før åt vi alltid middag ilag, såg som regel på tv ilag og dreiv med forskjellige aktivitetar ilag (f.eks. fjellturar). Så byrja eldstebroren min å "falle av lasset" (gå ut på byen, hengje med kompisar), og eg sjølv er ganske fallen av lasset at the moment. Er dette berre eit biprodukt av det å bli vaksen? Eg tilbringjer liksom så umåtelig lite tid med min nære familie no, sjølv om eg eigentleg er ganske sosial av meg. Heime ein fredagskveld har det seg at eg sit på dataen, mamma og pappa ser tv og brødrene mine er over alle haugar. Eg hugsar ein gong i haust då straumen gjekk heime. Vi fann fram brennande ljos og spelte millionær ilag, heile familien! Dette er vel den første "kvalitetstida" eg har hatt med familien på sikkert 3-4 år. Så då slo det meg, misser vi kontakten med familien vår grunna teknologien? Eller er det berre slik å vekse opp?

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Ja, jeg tror utvilsomt at vi har utvilket en form for kultur der vi mister kontakten med hverandre. Prosentandelen som bor alene er mye høyere enn den var for et par generasjoner siden. Kanskje det har en del med teknologi å gjøre (at vi sitter og glor på en tv eller dataskjerm istedenfor å snakke med hverandre) og kanskje det også kan ha litt med økonomisk uavhengighet å gjøre. Hvem som helst kan jo flytte hjemmefra når de ble 18 her i i landet, og om de ikke har en jobb som dekker utgivene til bolig så er det f.eks. ting som sosial og trygdekontor som hjelper å dekke dette.

 

Jeg selv føler det er behagelig med denne uavhengigheten, det hadde vært mitt værste mareritt å ha moren og faren min boende på loftet eller kjelleren nå som jeg har vent meg til å forme mitt egen livsstil der jeg selv bestemmer. Men samtidig er det jo også ofte ting jeg savner. Har min eneste besteforelder en 10 minutters busstur unna, og selv om jeg tror både han og jeg har lyst å møtes oftere blir det liksom aldri noe av det. Antar at dette har å gjøre med at vi har utvilket hvert vårt liv på hvert vårt sted og så kjenner vi ikke hveradre noe særlig på grunn av dette. Dersom jeg hadde vokst opp på en bondegård for hundre år siden hadde nok alt dette vært annerledes.

 

Vet ikke om dette er en god eller dårlig utvilking.

Lenke til kommentar

Eg et middag i lag med familien min dei dagane eg kjem tidleg heim frå skulen(2 dagar i veka). Sit att med bordet heilt still, medan dei andre snakkar. Mor mi har dessutan sagt at ho ikkje kjenner meg lenger...

 

Besteforeldre er eg heller ikkje noko serleg i lag med, sjølv om dei alle bur i same bygda innanfor 5 minutts gangavstand. Rett og slett fordi eg ikkje har noko å snakke med dei om.

 

Syskenbarn har eg so ufatteleg mange av at eg kjenner berre nokre få av dei. Tanter og onklar som bur langt vekke herifrå ser eg berre 1-2 gonger i året.

Lenke til kommentar
Syskenbarn har eg so ufatteleg mange av at eg kjenner berre nokre få av dei. Tanter og onklar som bur langt vekke herifrå ser eg berre 1-2 gonger i året.

Same her, ein skokk med søskenborn. Er 3-4 stk av dei eg har god kontakt med, resten fell inn i rekkja av "møter kun ved høgtider og konfirmasjon". Og då sit vi og snakker om same gamle leksa. "Kva skal du til neste år?", "planar for framtida osv".

Lenke til kommentar
  • 4 uker senere...

I ungdomsalderen er det helt naturlig at man vandrer litt vekk fra familien. En helt naturlig del av livet. Når man blir litt eldre og mer etablert så er det ganske vanlig at denne kontakten forsterkes igjen med at man har et fast bosted, gift og ikke minst barnebarn.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...