Gå til innhold

På utkikk etter passande ryggsekk for berbar PC


Anbefalte innlegg

Eg er på utkikk etter ein hendig og solid ryggsekk laga for transport av berbar PC. Eg reiser ein del med fly i jobbsamanheng, og vil helst unngå å ha med meg meir enn berre handbagasje (eitt kolli). Det eg treng å ha med er PC-en (ein Asus-maskin med 15,4" breiskjerm) med ladar og ekstern mus, enkelte papir/dokument, og klede/toalettsaker for 2-5 dagar. Det hadde vore veldig greitt å ha ein PC-sekk som hadde plass til alt dette og som er akseptabel som handbagasje. Krava som står på t.d. Widerøe sine sider i denne samanheng er maksimalt 55x40x20 cm, men eg har inntrykk av at det ikkje er all verdens krise om ein overskrid dette eit lite grann.

 

Så viss nokon har ein høveleg PC-sekk å anbefale som er romsleg og grei, gjev god beskyttelse for PC-en, er solid og går fint å ta med som handbagasje på fly så set eg pris på alle tips! :)

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Takk for tipset! Men problemet mitt er ikkje å finne ein plass der dei sel dataryggsekkar - det eg er mest interessert i er å høyre erfaringar frå folk som har ein spesifikk modell å anbefale. Eg tykkjer det er greitt å høyre frå folk som har erfaring med praktisk bruk av ein ting før eg brukar pengar på det.

 

Men takk for svar uansett! :)

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...