Schnell Skrevet 23. mars 2008 Del Skrevet 23. mars 2008 har hatt ein draum heile livet om å bli bonde, men sidan eg ikkje har odel på garden, og det er dårlege tider i landbruket bestemmde eg meg for å leggje den planen på hylla og til plan b, som var å bli dyrlege. men eg hadde visst alt for dårlege karakterar til å bli det så eg har snakka med ein del kammeratar og sånn, og dei seier det er bra tider å vere reinsdyrbonde. men eg er søring, og har ikkje mykje kunnskap når det gjeld sånt noke, så eg lurar på om det er noken her som veit korleis eg kan bli det liksom. kor i landet må eg flytte for å bli det?? treng eg utdanning?? kor mykje pengar ca tener eg på å bli det? kan eg ha kyr og sauer i tillegg til å ha reinsdyr?? kor mykje kostar ein reinsdyrfarm oppi nord sånn ca?? er det berre samar som er det? og i tillegg til å vere bbonde har eg lyst å drive med fiske: er eg nødt for å kjøpe ein svær trålar og sånn, eller hell det med ein liten fiskebåt liksom?? håpar noken har erfaring med dette og kan gje meg noken gode råd Lenke til kommentar
Douglas Quaid Skrevet 23. mars 2008 Del Skrevet 23. mars 2008 kor i landet må eg flytte for å bli det?? Det er ikkje kun i Nord-Noreg det vert drive reindrift. Både på Lom og Vågå i Ottadalen er det tamreinslag. Om eg ikkje tek feil vert det drive rein på Hardangervidda og i Valdres òg. Altso, du bør vel bu i nærleiken av viddelandskap der reinen kan beite. treng eg utdanning?? I og med at du vil verte sjølvstendig næringsdrivande er ikkje utdanning noko krav, men det kan vel vere bra å ha teke naturbruk på vidaregåande. Kunne vel òg vore greitt dersom du kunne få arbeid hjå ein som driv med rein slik at du får bygd opp erfaring. kor mykje pengar ca tener eg på å bli det? Det kjem an på kor stort du satsar. Ugunstige beiteforhold om vinteren kan gjere at du taper på det. kan eg ha kyr og sauer i tillegg til å ha reinsdyr?? Ja det kan du godt! er det berre samar som er det? Nei, det vert drive med reinsdyr her i Sør-Noreg òg. Dessutan er det sikkert mange i Nord-Noreg som driv med det utan å vere samar. Det er nok berre det at sidan det er kulturen til samane, trur vi at det er kun dei som driv med det. Vikingane dreiv faktisk reindrift! og i tillegg til å vere bbonde har eg lyst å drive med fiske: er eg nødt for å kjøpe ein svær trålar og sånn, eller hell det med ein liten fiskebåt liksom?? Ein stor trålar kostar mange millionar. Fiskarar som eig og utfører fisket sjølv brukar ein liten sjark. Skal du ha rein, kyr, sau og fiskebåt kan eg love deg at du ikkje har mykje tid att til andre ting Lenke til kommentar
Schnell Skrevet 24. mars 2008 Forfatter Del Skrevet 24. mars 2008 takk for svara eg vart overaska over at det ikkje berre er i nord dei driv med rein. Men eg trur nok eg satsar på å flyttje til Finmarksvidda eg kjem til å statse stort på dett altså!! det gjer ikkje meg noke at deet er kun det eg kjem til å få tid til, det er det einaste eg har lusst å gjere så :D Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå