Gå til innhold
Trenger du tips og råd? Still spørsmål anonymt her ×

Hvordan flørte på nett?


Gjest -Dahlin

Anbefalte innlegg

Gjest -Dahlin

Hvordan flørte over nett med en jente du også vil ha IRL. Ingen mulighet for å møte henne på et par måneder.

Hva sier man og hvordan går man frem?

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Fyrst vert du bra kjend med ho, og seinare kan du byrja med litt flørting. Snakk mykje om alt mogleg som skulle falle deg inn! Dersom ho har webcamera kan de ha videosamtale, og då har du eit flott høve til å kommentere utsjånaden hennar. Gje ho kompliment, men ikkje ver for raus heller. Får du kompliment tilbake, vil det sannsynlegvis utvikle seg i riktig retning.

Når du startar med å gje kompliment, brukar du heilt enkle fyrst som "Du ser slett ikkje verst ut". Er du heldig prøver ho å undervurdere seg sjølv, og då slår du til og seier "Eg meinar det! Du ser jo nydeleg ut jo:D", og fortsetter ho med å undervurdere seg sjølv, kan du bare spe på med endå meir flørtete ord! Til slutt vil ho kanskje seie "takk". Då er det på tide å starte eit nytt samtaleemne. Dette kan du gjerne ha i bakhovudet ditt før du tek til å snakke med ho, og tenk ut nokon kompliment som kan kome til nytte i det emnet!

Ein dag må du logge av msn midt i samtala. Då gjev du henne mobilnummeret ditt, og seier at det er bare å sende medling viss ho kjedar seg. Er ho interresert i deg, trur eg ho vil gjere det! Når de har funne tonen på sms, er det på tide å ligge vaken heile natta å melde med kvarandre. Snakk om alt mellom himmel og jord. Sovar ho (du merkar at du det går lang tid før du får svar), skriv du i meldinga: "Sovna no? Jaja...God natt, og sov godt søta;) Vekk meg når du vaknar". Då vil du få svar når ho vaknar etter nokre timar, og de er i gang med å melde att.

Etter kvart kan du byrja å ymte om at de kanskje skulle ringe kvarandre. For å starte dette kan de kanskje snakke om sang? Du seier til ho at du veddar på at stemma hennar er nydeleg. Då vil ho seie at den er stygg, og du seier at den er fin, til det motsette er bevist. Då kan du kanskje prøve å få fram at det kunne vore artig å snakke saman i telefonen, og er ho villig til å bevise at ho har ei stygg stemme, då er ho nok gladeleg med på at de ringjer kvarandre. Når du skal snakke i telefonen, gjeld det å ha tunga beint i munnen. Det er ikkje spesielt morosamt når samtala døyr ut, og det vert stilt. Ha difor klar nokre idear til kva de kan snakke om dersom dette skulle skje.

Når du seier du ikkje kan møte henne på eit par månader, antar eg at det er i sommarferien. De har no snakka med kvarandre lenge. Du byrjar å seie at det hadde vore artig å treffe deg i RL. So seier ho: "Jau, det hadde det". Når ferien nermar seg, spør du: "Kva skal du gjere i ferien då?". Ho seier: "Eg skal eit par veker på ferie i lag med familien min, men elles skjer det ikkje noko spesielt. Du då?" Då seier du: "Besøkje deg vel". No ventar du på svar, og seier: "Ja hadde ikkje det vore artig då? xD". har ho ein positiv tone, kan du utvikle dette til å verke meir seriøst. Verkar ho ikkje positiv til det, lyt du berre bite i det sure eplet og seie: "HAHA:D Eg berre køddar, du skal få sleppe meg altso:P". No er det berre å flørte intenst vidare for å prøve å overvinne ho.

 

Ynskjer deg hell og lukke! Det skal nok gå heilt strålande skal du sjå :thumbup:

  • Liker 1
Lenke til kommentar
  • 2 år senere...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...