Gå til innhold
🎄🎅❄️God Jul og Godt Nyttår fra alle oss i Diskusjon.no ×

Paint Shop Pro Photo X2


Anbefalte innlegg

I LR 1.x kan eg ikkje sjå at det skal vere nokon forskjell på arbeidsflyten med PS i høve til PSP, med unnatak av hurtigtasten. For å opne eit bilete i PS, trykk Ctrl + E, for å opne i eit anna, eigedefinert program, Ctrl + Alt + E. Det vert i begge tilfelle laga ei ny fil, som automatisk vert lagt til biblioteket i LR.

 

Når LR 2 kjem derimot (kan testast som beta no), vert det forskjell. Då kan ein velge å opne filer i PS som smart objects, og ein kan merke fleire og sende dei rett til panoramafunksjonen eller HDR-funksjonen i PS, eller opne dei som lag. Du kan sjå ein liten video om dette her, den som heiter Between Photoshop and Lightroom.

 

Det kan forresten vere at du kan kjøpe programmet med ein studentlisens, noko som er mykje billegare. Les om kven som kan gjere det her. Det inkluderer ansatte ved godkjende skular, so spørsmålet er vel om skulen din er godkjend.

Lenke til kommentar
×
×
  • Opprett ny...