Gå til innhold

Finnes det et lydprogram som tidsinnstilles etter klokken?


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Anbefaler Audacity, det beste verktøyet for alt som har med opptak og redigering av lyd å gjera. Audacity kan ta opp kva enn slags lyd som PC-en køyrer, også internett radio. Gå rett på den siste betaversjonen, den er meir enn stabil nok og inneheld mykje bra nytt. Tips; klikk Ctrl+P for å få opp >Innstillinger og velg rett lydkjelde i nedtrekksmenyen som heiter "Opptak - enhet" (i den norske språkversjonen) under punktet "Lyd I\O". Eventuelt prøv og feil. Alternativa her er avhengig av kva for lydkort og drivere som er installert. I neste punkt, "Kvalitet", kan du spesifisere kor høg kvalitet du vil ha på opptaket. Mhp eit kjapt radio-opptak vil vel det sei kor stor du vil tillate fila å bli.

 

So er det berre å gå til menyen >Spor og >Nedtellingsopptak og her kan du spesifisere start- og sluttdato og klokkeslett. Eventuelt starttidspunkt og varigheit. Det gode med Audacity er at du kjapt kan klippe vekk deler av opptaket, legge på eit nytt lydspor med eigen mikrofon, eksportere som MP3, wav.... Lykke til!

 

Veit at det på nettet finnast gratis program som er spesialisert på akkurat det å ta opp nettradio - utan å ha eiga erfaring med desse. Men med alle desse må du spesifisere kva for kjelde /"radiokanal" du vil benytte. Med Audacity er du fri som fulglen - so lenge du ikkje benytter PC-en til anna lyd-arbeid samstundes, men det er vel ikkje noko stort problem?

Endret av Dabola
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...