Gå til innhold

Hva skjuler det seg bak din Ctrl+v?


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

David vaknar. Regnet piskar på taket som ein jazztrommeslagar. Vinden grip tak i huset, pressar det mellom usynlige kjempenevar. Huset er ein fullriggar, knakar i smanføyningane.

David spring bort for å lukke vindauget. Bøkene på skrivebordet er blaute. Regnet står som våte strengar inn i rommet. Mellom vindkasta kan han høre mora og faren gjennom den tynne veggen. Trur han hører at dei elskar. Eller kranglar. Stønna og hyla.

Alt er draum.

Kan hende vaknar han i morgon og marerittet løyser seg opp som tett tåke. Men han høyrer veslesystera klynke. Høgt og tydelig.

Han går bort til henne. Ein draum bølgjar gjennom hovudet hennar. Han ser det på korleis auga rullar under augeloka. Ho har sparka av seg dyna i søvme. Han breier dyna varsamt over ho, kyssar panna. Veslesystera snur seg og søv rolig vidare.

Før det er heilt lyst, kler David seg og listar seg ned trappa. Han trer på regntøyet og ruslar ned til naustet. Det har regna hardt heile natta. Overalt renn bekkar og små elver. David løyser båten og glir ut på vatnet.

Han fikk vite det i går kveld. Faren fortalde det då dei sette garna.

Indian summer i går. Ein av de oktoberdagane då nokon blåser i glørne, og sommaren blussar opp igjen for nokre timar. Kveldssola rulla på breen, strauk over bygda med ein mild og raud finger. Så forsvann ho bak fjellet.

 

- Inn mot elva, David! Sa faren.

Davis sette seg på tofta. Faste, sikre rykk med årene. Han sikta etter den smale kjølstripa som båten teikna i vatnet. Beint som ein motorveg.

I går kveld var det ikkje andre krusningar på vatnet enn dei som åreblada laga. Eit par svaler blei skremte opp og flaug i ville kast over vatnet i skumringa. Vengeslaga og årene som kyssa vassflata; dei einaste lydane.

Garna sette dei tett inne i elveosen. To på nordsida og to på sørsida. Faren hoppa i land med kvart garn, vada i dei grøne sjøstøvlane, festa garna med steinar han fann inne på stranda.

- Treng ikkje feste dei meir enn dette. Straumener ikkje så sterk no.

Faren ville ro heimturen. Men David protesterte.

- Greier det fint!

- Ja, det gjør du! Du er vaksen no!

Faren sat stille bak i båten. Stira på David, smilte.

Så fortalde han det.

Først skjønte David ikkje. Hørte bare orda. Han ville ikkje skjønne.

- Det beste for alle…

David bare rodde. Fossa fram. Skarpe, raske rørsler.

- Ulike vegar…

Brystet lyfta og senka seg. Han rodde, rodde.

- Framleis glad i mor…

Tankane glei over ripa, forsvann ned i det urolige vatnet.

- Sjå på meg, David!

Eit glepptak og han fall bakover. Faren var straks på beina, heldt rundt han.

- SLEPP MEG!

David rykte seg laus, sette seg i akterenden. Faren tok årene, rodde taus inn mot land. Hundre meter frå land kjente David den første dråpen. Små dråpar som laga ringar i vatnet. Blodsmak i munnen. Oktober.

 

Då han nærmar seg osen, ser han at elva har vakse seg diger der inne. Alt regnet har fått ho til å endre løp. Ho brøler, heilt brun av all sanden og gjørma som blir kvervla opp. Båten støyter mot ting som elva har ført nedover: plankar, kartong, kassar.

Inne på stranda der faren festa garna, brusar no elva stolt og hovmodig. David bannar lågt.Stormen har endra alt. No må han bruke dreggen for å sokne garna.

David plukker opp dreggen, knyter han fast i eit langt tau. Han reiser seg, står ustøtt i båten som driv i den sterke straumen. Veit ikkje kvar han skal hive dreggen, kan ikkje heilt hugse retninga.

Alt er opp ned denne morgonen.

David hiver dreggen uti, mistar nesten balansen. Men han får tak i tofta, held seg fast. Han ror sakte langs breidda med dreggen etter båten. Metallarmane famlar etter noko fast nede i det svarte vatnet.

Han kjenner det rykke og halar oppp.

Han jublar. Dreggen er festa i eitt av garna.

For ein flaks!

Garnet er svart og møkkete. Steinar, plankebitar, tang, havgras, greiner er snørte saman og kvervla inn i garnet. Men ikkje ein einaste fisk. Ikkje i detta vêret.

Dei to neste garna fangar han på same måte. Kastar dreggen ut, tar ein sjangse.

- Trolldom, tenker han og dreg garna om bord. – Tre kast og tre treff!

- DAVID! KVA FAEN ER DET DU GJØR?

Det er faren.

Han står inne på stranda, brøler og vinkar. David lét som om han ikkje hører. Han tar eit fast tak i dreggen og kastar igjen. Dreggen lyner i lufta.

- DAVID! RO INN MED EIN GONG! HØRER DU?

David smiler, kviskrar for seg sjølv:

- Bare eit garn til, far…

Denne gongen blir det to mislukka kast før han treffer. David drar det siste, dritne garnet om bord. Og der, i alt det svarte, inne i all skiten, der glimtar ein laks! Blank som ein mynt! Laksen er tynn, kan ikkje vere meir enn to-tre år. Men han har greid å vikle seg godt inn i maskene.

Han sprellar svakt då David grip rundt han. David gjør laksen fri. Nøler to sekund før han hiv laksen over ripa. Fisken blir liggande med buken opp. Men så rykker han til, slår med sporden og forsvinn ned i det svarte.

Lenke til kommentar

Nidarosdommen

Nidarosdommen

click here to add a description

 

All rights reserved Anyone can see this photo (edit)

 

Uploaded on Oct 13, 2008 | Delete

 

0 comments

 

Drunk on Whiskey

Drunk on Whiskey

The cat's name is Whiskey

 

All rights reserved Anyone can see this photo (edit)

 

Uploaded on Oct 13, 2008 | Delete

 

0 comments

 

Diagonal

Diagonal

click here to add a description

 

All rights reserved Anyone can see this photo (edit)

 

Uploaded on Oct 13, 2008 | Delete

 

0 comments

 

African Drum

African Drum

click here to add a description

 

All rights reserved Anyone can see this photo (edit)

 

Uploaded on Oct 13, 2008 | Delete

 

0 comments

 

What are you looking at?

What are you looking at?

click here to add a description

 

All rights reserved Anyone can see this photo (edit)

 

Uploaded on Oct 13, 2008 | Delete

 

0 comments

 

 

 

Hi Kjempeloff.

 

Did you know you can change the layout of your photostream page? Fun!

 

If you like, you can arrange your photostream into what we call a Set. When you're done, that Set will show up here. To get started, open up Organizr. Go for it!

spacer image

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...