Gå til innhold
Trenger du skole- eller leksehjelp? Still spørsmål her ×

Flaggermusmannen og Kakerlakkene, analyse


Anbefalte innlegg

Eg er idag ferdig med mitt særemne. Eg hadde særemne om Harry Hole, Flaggermusmannen og Kakerlakkene. Då eg jobba med analysen av desse bøkene fant eg mykje god hjelp i å lese andre analyser av bøkene. Av den grunn vil eg poste min analyse av Flaggermusmannen. Vonar nokre får hjelp i den. :)

Analysen er kun til hjelp og inspirasjon, ikkje til direkte avskriving.

 

Handlingsreferat

Harry Hole, ein norsk politietterforskar med fortid som alkoholikar blir sendt til Sydney i Australia for å etterforske valdtekta og drapet av den norske jenta Inger Holter.

Når Harry kjem til Australia byrjar han etterforskinga saman med sin nye, australske partnar, Andrew Kensington. Dei har få spor, men byrjar med baren der Inger Holter jobba. Her treffer dei Inger sin svenske kollega, Birgitta. Birgitta og Harry innleiar etter kort tid eit kjærleiksforhold. Ho kan fortelje dei at Inger hadde ein eks-kjæraste med namn Evans White, ein narkotikalangar. Evans seier han har alibi for dagen mordet tok plass, og blir ikkje teken i varetekt. Harry og Andrew ender opp i slagsmål med nokre av narkotikalangarane til Evans på ein bar, og Andrew blir sendt på sjukehuset.

På baren, der Inger Holter jobba, blir Harry kjent med ein homofil klovn, Otto, ein kjenning av Andrew. Otto blir etter kvart ein av dei mistenkte, ettersom han er ein stamgjest på baren, og hadde god kontakt med Inger. Harry blir invitert av han til premieren på sirkuset han opptrer i, og Harry planlegg å pågripe han like før førestillinga skal byrje. Då finn dei han myrda i garderoben sin.

Dagen der på finn dei Andrew død, tilsynelatande etter eit sjølvmord. Dei finn klare teikn på at Andrew var heroinmisbrukar.

 

Det er no ikkje meir å gjere for Harry i denne saka, og flyreisa blir bestilt. Harry reiser på bar, og eks-alkoholikaren finn seg ein lett utveg. Harry vaknar opp med ei hore i senga si, og flyet har reist. Birgitta finn ut av dette, og forlèt Harry.

Til tross for dette samarbeider Birgitta med Harry og polititeamet om å fange Evans, ettersom han no er den einaste mistenkte, og alibiet var for tynt. Birgitta skal ifølgje planen bli plukket opp av Evans for å gjennomføre ein narkotikahandel. Evans blir fanga, men Birgitta er ikkje i lag med han. Dei får eit nyss om at Toowoomba, nevøen til Andrew, ein gamal boksar, står bak drapa og kidnappinga av Birgitta. Toowoomba gjer seg sjølv til kjenne, og stiller ultimatumet om at han skal kvitvaskast for morda som er gjort, og at Evans White blir sikta for drapet på Inger Holter. Dette blir han nekta, og han tek livet av Birgitta.

Toowoomba blir oppdaga på eit akvarium, og Harry byrjar jakta på han. Det heile ender med at Harry skyt Toowoomba i leggen. Toowoomba fell uti vatnet og blir eten av ein hai.

 

 

 

 

Personskildring

Birgitta Enquist

Birgitta er ei svensk jente Harry møter på baren Inger Holter jobba på. Birgitta er eit frampå og imøtekomande vesen, og ho og Harry finn kontakten raskt.

Birgitta er slank, har raudt hår og frekner og er svensk. Jo Nesbø framstiller Birgitta som ei pen, sjølvsikker og forførande 20-åring. Me fer inntrykket av at ho er ei typisk svensk jente som er sprudlande og liker fart og spenning.

Birgitta er ei modig og rettferdig jente. Sjølv om Harry såra henne ved å vere utru, vil ho likevel samarbeide med han og politiet om å fange Evans. Dette blei dessverre hennar bane.

Birgitta seier ho såg med ei gong at Harry var alkoholikar, sidan far hennar var alkoholkar.

 

Harry Hole

-Mora er halvt same, døydde for seks år sidan

- faren er lektor, liker ikkje det Harry driv med

- elskar systera si mest på jord, ho har Downs syndrom.

- seier sjølv han ikkje har noko grunn til å vere alkoholikar. ”Jeg har hele mitt liv vært omgitt av mennesker som er glade i meg. Jeg har fått alt jeg noensinne har spurt om. Jeg har kort sagt ingen forklaring på hvorfor eg ble det jeg ble. Ble alkoholiker.”

Likevel, Harry var utfor ei ulykke ein dag. Han og kollegaen skulle avhøyre ein mistenkt i ein sak. Harry var sjåfør. Ut på hovudvegen svinga det ein 18-åring, og dei kolliderte. Partneren til Harry omkom, gutungen blei lam, medan Harry kom relativt greitt frå det. Historia blei fiksert av politiet slik at media og alle pårørande trudde det var kollegaen som køyrde. På denne måten greidde politikammeret å hindre at Harry fekk sparken.

 

Harry blir veldig forelska i Birgitta. ”Jeg er vilt, hemningsløst og himmelskakende forelsket i deg.”

 

Harry sin eks-kjæraste

 

Robin Toowoomba

Toowoomba er ein svart boksar frå Queensland. Første gong Harry møter Toowoomba er dessutan på ein boksekamp. Ein må kunne seie at han er slu og listig, ettersom han greier å lure politiet slik han gjer.

Han er ein aboriginar, utan heilt å vite kva for stamme. Han tilhøyrde det ein no kallar for den ”tvangsurbaniserte” generasjonen av aboriginarar. Faren hans veit han ingenting om, og mora er alkoholikar. ”Og moren min gir blaffen i hvor hun kommer frå, bare hun får skrapet saman penger til en flaske vin.”

Andrew plukket Toowoomba opp frå gata då han var ung og byrja og trene han som boksar. Andrew fekk Toowoomba på universitet. Andrew såg på Toowoomba som sin son.

 

Robin Toowoomba er veldig open om kven han er. Han hadde eit forhald med ein mannleg klovn, Otto, som han seinare drap. At han hadde eit forhald med ein mann er han ikkje så open om, men han veit sjølv at han er psykopat, og er veldig open om det. ”… Jo, som du sikkert vet er psykopater ofte paranoide, eller de lider av andre vrangforestillinger. Min vrangforestilling er at min livsoppgave er å hevne mitt folk.” Toowoomba har ein vrangforestilling om at han skal voldta bornlause, kvite kvinner. Toowoomba trekker parallellar mellom dei og terra nullius-prinsippet. (Då dei kvite kom til Australia definerte dei aboriginarane som eigedomslause fordi dei ikkje sådde i jorda. ”Dere tok fra oss landet vårt, voldtok og drepte det foran øynene våre.”)

Alt dette gjev eit inntrykk av at han er jordnær og klok, sjølv om han er psykopat. Jordnær, fordi han greier å sjå at han sjølv er sjuk, og klok fordi han greier å halde seg sjølv skjult som mordar såpass lenge som han gjer.

Han skryter veldig av drapa sine til Harry mot slutten av boka – han er temmeleg overlegen.

 

Andrew Kensington

Andrew Kensington er partneren til Harry i Australia. Han er ein morosam person, kjem som regel med morosame innslag og held humøret til Harry oppe. Me fer inntrykket av at han er godt likt og har mange vener. Andrew tilhøyrer det nokre vil kalle ein ”foreldrelaus generasjon” av aboriginarar. Han har aldri sett mora si eller faren sin. Alt han veit om mora er at ho blei funnet død på ein busshaldeplass i Bankstown – ingen visste korleis ho kom seg dit eller kva ho døydde av. Faren var kvit, og namnet har han aldri visst. Andrew blei satt på ein borneheim då han blei født.

 

Likevel, Andrew har alltid vært skuleflink. Han blei sendt på privatskule i England. Etter det byrja han på universitetet i Sydney. Her fekk han ord på seg for å vere valdeleg og karakterane var ikkje lenger så gode. Toowoomba har sjølv ein lita teori om dette: ”… Jeg har forstått det slik at det var en ulykkelig kjærlighetshistorie inne i bildet der, en hvit kvinne som sviktet ham fordi familien ikkje var så begeistret, men Andrew har aldri ville snakket så mye om det.”

Andrew lærte seg å bokse, og han gjorde veldig bra som boksar. Han kom til finalen i det australske meisterskapet. Etter ein episode med den andre finalisten kvelden før finalen, måtte han avstå finalen. Dette var slutten på boksekarriera, og han byrja omsider på universitetet att.

Andrew er av hippie-generasjonen, og var i løpet av universitetstida blitt avhengig av narkotika. Dette gjorde til at han ikkje fekk så gode eksamenar. ”Så en dag våknet Andrew, stod opp, så seg i speilet og oppsummerte. … var blitt over tredve år, var uten noen ferdig eksamen og hadde sannsynligvis et gryende avhengighetsforhold til visse kjemiske sammensetninger. Bak seg hadde han en ødelagt boksekarriere og foran seg en mildt sagt usikker fremtid. Så hva gjør du da? Du søker politiskolen.”

 

Likevel om Harry finn ut at Andrew har fortid som narkoman, er han ein openhjarta person, og han liker godt å fortelje historier om konflikten mellom aboriginarar og nybyggarane i Australia.

 

Neil McCormack

Neil er sjefen for Sydney South politidistrikt. Han har ein roleg natur, og greier å halde hovudet kaldt sjølv om det er ganske hektisk på etterforskingsavdelinga. Neil liker å snakke om kjenslene, tankane og meiningane sine til Harry. Han skil seg ut som sjef, ettersom det er vanskeleg å sjå for seg han som ein sjef – han er ikkje ein sjefstype, men gjer likevel ein eminent jobb som det.

Miljø

Flaggermusmannen utspeler seg i Australia. Stort sett heile boka føregjeng i byen Sydney. Harry er innom fleire forskjellige miljø i løpet av boka. Han kjem stadig tilbake til baren der Birgitta jobbar, men er ofte innom andre barar rundt om i Sydney. Stort sett held han seg i King’s Cross, mørkesida av Sydney, fullt av horer, hallikar, narkomane og transvesittar.

På jakt etter ein mistenkt reisar han rundt omkring i landet, blant anna til Queensland, det ein vil kalle for landsbygda i Australia.

Han får sjå mange sider av Australia. Han får kontaktar innan horemiljøet, lærer mykje om aboriginarane i landet (han jobbar jo med Andrew og blir kjent med Toowoomba, som begge er aboriginarar).

 

Boka si komposisjon

Boka er delt inn i tre delar. Fyrste del heiter Walla. Andre del heiter Moora, og tredje del heiter Bubbur. Denne inndelinga er ikkje tilfeldig. Den baserer seg på ein historie Harry blir fortald av Andrew. Historia er ein gamal, australsk legende.

Historia handlar om ein ung krigar med namn Walla. Walla var forelska i ein kvinne med namn Moora, og dette var gjensidig. Ettersom Walla var blitt ein mann etter å ha fullført stammen sin innviingsseremoni, kunne han gifte seg med kven han ville i stammen. Han valte Moora, men tradisjonen var at han måtte ut på jakt, og byttet av skulle gå til Moora sine foreldre. Medan han var ute på jakt, reiste Moora ut i skogen, og blei drepen av ein stor slange med namn Bubbur. Då Walla kom tilbake og fekk vite dette, planla han ein hemn. Han fekk med seg nokre kameratar og reiste ut i skogen og drap Bubbur.

Fyrste del av boka heiter altså Walla. Fyrste del av boka handlar for det meste om Harry og om jobben han gjer. Mot slutten av fyrste del av boka innleiar han eit forhald med Birgitta, og dette er ein viktig tråd i andre del av boka. Andre del av boka heiter då sjølvsagt Moora. Tredje del heiter som nemnt Bubbur, og det er i denne delen av boka han finn ut kven mordaren er.

Det er altså veldig lett å trekkje parallellar mellom den australske legenda og hendinga i boka. I legenda blir Walla og Moora forelska, men Bubbur drep Moora, og Walla hemner seg ved å ta livet til Bubbur. I boka blir Harry og Birgitta forelska, så kjem slangen Bubbur, Toowoomba, og drep Birgitta, og Harry fer sin hemn på Toowoomba ved at Toowoomba døyr.

Flaggermusmannen har fleire opp- og nedturar i løpet av boka, men stort sett er det eit høgdepunkt. Dette høgdepunktet byrjar når Harry, Birgitta og politiet skal lure Evans White. Birgitta blir kidnappa, og det heile endar med at Harry får sin hemn over Toowoomba.

 

Flaggermusmannen er delt inn i 23 kapittel. Kvart kapittel har eit rart namn. Det kan vere heilt uforståeleg når du byrjar på kapittelet, men gjev mykje meining etter du er ferdig med kapittelet og kikkar tilbake. ”Kapittel 6, En slåbrok, statistisk signifikans og en akvariefisk” gjev ikkje mykje meining når du tek til på kapittelet, men etter å ha lest kapittelet ser ein at Nesbø har sagt kva som skjer i det kapittelet.

I dette kapittelet ligg han for eksempel på eit hotellrom med Birgitta, og Birgitta har på seg ein slåbrok. Seinare i kapittelet, på eit møte på politikammeret, blir dei einige om at dei ikkje kan bruke statistisk signifikans, altså ein systematikk som kan forklarast ved hjelp av statistiske tilfeldigheitar. Mot slutten av kapittelet reiser Harry og Birgitta på eit akvarium. No gjev kapitteloverskrifta meining.

 

Flaggermusmannen strekk seg over ein kort tidsperiode. Det byrjar når Harry er på veg til Australia og sluttar når han reiser tilbake, altså i løpet av 2 veker. Boka er kronologisk skriven, men er full av tilbakeblikk. To av dei viktige tilbakeblikka er då han blei dumpa av kjærasten sin, Kristen, og om ulukka han var utfor som politi i Oslo.

Jo Nesbø skriv på ein veldig god måte. Me fer gjennom heile boka inntrykket av at me er i Australia ved at han innimellom kjem med innslag av engelsk. I byrjinga av boka er det mykje preg av dette, men det er roar seg etter kvart i boka. Heilt i byrjinga kan det sjå slik ut: ”In Norway we call you ’australneger’ – Australian negro.”

Nesbø krydrar innimellom samtalane med ein liten spøk som går gjennom heile boka – nemlig at utlendingar ikkje greier å seie Hole, men seier i staden Holy. ”Hvilke nyheter bringer du så seint, Holy?”

Jo Nesbø er flink med ord, og han har ein fantastisk måte å forklare miljø og situasjonar på.

”Ved et bord på fortauet på hjørnet Campell Parade og Lamrock Avenue satt Harry, Lebie og Wadkins. Bordet lå i skyggen så sent på ettermiddagen, med det var ennå ikke så sent at solbrillene deres så påfallende ut. Da var det verre med dressjakkene i varmen, men alternativet var å sitte iført skjorte og pistolhylse. De sa ikke stort, bare ventet.”

Jo Nesbø skriv om Harry i tredjeperson. ”’I’m fine’ løy Harry.”

 

Symbolbruk

Flaggermusmannen er full av symbol. Som tidligare nemnt blir historia om krigaren Walla eit symbol på Harry. Toowoomba fortel også ein historie, som ein etter kvart skjøner at trekk parallellar til Toowoomba sjølv. Denne historia kallar han Black snake.

Denne historia handlar om ein ufarleg liten slange med namn Ouyouboolooey. Ouyouboolooey og dei andre dyra i jungelen hadde ei gong eit møte for å finne ut korleis dei skulle ta knekken på den giftige guana-øgla. Ouyouboolooey sa han ville ta på seg oppgåva, men då lo alle dyra av han. Ouyouboolooey greidde å lure til seg giftposen til guana-øgla og drap ho. No var Ouyouboolooey blitt den farlegaste, utan at nokon visste om det. Ein etter ein drap Ouyouboolooey dei som var med på møtet og fekk sin hemn.

Med denne historia kan ein trekkje parallellar til Toowoomba. Toowoomba seier han hemner seg på kvite, bornlause kvinner, ein etter ein.

 

Eit anna symbol som går gjennom heile boka er songen The wild rose. Fyrste gong Harry høyrer denne songen er då sidemannen til Harry på flyet høyrer på den omtrent heile turen til Australia. Andre gong på ein uteplass i King’s Cross, og til slutt tatoverer han i fylla ein rose på armen sin.

Eg tolkar det i den retninga at Harry ser på Birgitta som The wild rose. Først og fremst kan Birgitta sjå ut som ei rose – ho har raudt hår og frekner. Birgitta kjem frå Sverige, men bur i Australia, noko som er ein parallell med at roser vanlegvis held til i hagen, mens dette er ei villrose. Jo Nesbø siterer noko av denne songen: ”Then I kissed her good-bye, said all beauty must die, I bendt down and planted a rose between her teeth.”

Harry følte nok at han var grunnen til at Birgitta døydde, og det er ein parallell med dette sitat.

 

Bodskapen

Å lese Nesbø si bøker er ikkje berre gama, men også lærerikt. Han fletter inn mange faktaopplysningar i boka si, for eksempel om aboriginarar. Ved at Andrew og Toowoomba er aboriginarar, får me vite veldig mykje fakta om deira tradisjonar, skikkar og kva som har hendt med aboriginarane oppigjennom åra, og korleis dei har det no til dags. Dei har blitt mykje urettferdig behandla, og det ser eg på som bodskapen i Flaggermusmannen.

 

Kva med tittelen til boka? Flaggermusmannen blir bare nemnt ei gong i boka. Det er når Otto er myrda, og dei så vidt skimtar mordaren, utkledd som ein flaggermus. Det er då Harry kallar han for flaggermusmannen. Flaggermus er aboriginarane sitt teikn, og generelt sett er flaggmusene eit symbol på døden.

 

Forfattaren Jo Nesbø

Jo Nesbø har heile livet sitt vært interessert i litteratur. Han gjorde det ikkje spesielt bra på skulen, og bestemte seg tidleg for å bli ein profesjonell fotballspelar. Han debuterte for Molde Fotballklubb som 17-åring, skulka skulen og konsentrerte seg berre om fotballen. Nesbø blei tvungen til å avslutte karrieren som fotballspelar då han fekk ein skade i begge knea.

Jo Nesbø er i dag journalist, siviløkonom og musikar. Han er komponist, tekstforfattar og vokalist i den kjente, norske gruppa Di Derre.

 

Jo hadde permisjon frå jobben i eit halvt år og var på veg til Australia då han kom på plottet bak Flaggermusmannen. Boka skreiv han under opphaldet sitt der. Då han skulle levere boka til forlaget ville han ikkje føre på namnet sitt, ettersom han var redd dei hadde høyrt om han sitt allereie kjente namn og at det ville telje med i vurderinga.

Boka var ein stor suksess, og mottok Rivertonprisen for årets norske kriminalroman. Ikkje nok med det, fekk han Glasnøkkelen for årets skandinaviske kriminalroman.

Jo Nesbø har gitt ut fleire bøker etter Flaggermusmannen. Fleire av desse har han fått forskjellige prisar for.

Lenke til kommentar
  • 11 måneder senere...
Videoannonse
Annonse
  • 1 år senere...

Hei

 

Jobber selv med særemne og ser på likheter og ulikheter mellom bøkene Flaggermusmannen, Rødstrupe og Frelseren. Huske detaljer fra tre bøker når jeg i tillegg er lat med noteringen sier seg selv er et dårlig utgangspunkt, så jeg finner teksten din som en fantastisk ressurs for å vekke detaljer jeg selv hadde glemt. Tusen takk :)

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...