krizzzy Skrevet 5. januar 2008 Del Skrevet 5. januar 2008 (endret) SOUNDGARDEN - ALBUMGUIDE HISTORIE Soundgarden blei stifta i 1984 og var eit av banda som starta sjangeren grunge. Seinare kom band som Nirvana, Alice in chains og Pearl Jam, men Soundgarden var meir eit tradisjonelt rockeband og hadde mykje til felles med Led Zeppelin og The Stooges; spesielt i dei første åra. Soundgardens to første album hadde heller liten kommersiell suksess, men dei fikk eit lite gjennombrot i 1991 med albumet Badmotorfinger, og då særlig med singelen Outshined. Men det var først i 1994 at Chris Cornell & Co slo skikkelig igjennom og dette skjedde med albumet Superunknown. Dei hadde no skifta til ein litt roligare og melodiøs musikkstil og singelen Black Hole Sun er eit godt døme på dette. Det er for øvrig ein ekstremt fin sang og ei av mange perler. Soundgarden blei oppløst i 1996, men fikk gitt ut albumet Down on the Upside før eventyret var over Bandmedlemmer Chris Cornell (vokal) Kim Thayil (gitar) Hiro Yamamoto (bass, 1984-90) Ben Shepherd (bass, 1990-97) Matt Cameron (trommer) Album 1987 - Screaming Life/Fopp 1988 - Ultramega OK 1989 - Louder Than Love 1991 - Badmotorfinger 1992 - Badmotorfinger 1994 - Superunknown 1996 - Down On The Upside 1997 - A-Sides ALBUMGUIDE Screaming Life/Fopp(1987/88) Det to første utgivningane til Soundgarden var verken spesielt imponerande eller så mykje å sjå tilbake til, men det viser i det minste ein del av kva vi seinare har å sjå fram til og nokre høgdepunkt var det absolutt. Ein får mykje Zeppelin og Sabbath assosiasjonar på denne plata og det er på mange måtar kun "Nothing To Say" som skikkeleg er innom grunge-kategorien. Ellers så har ein cover av Green River sin "Swallow my pride" og Ohio Players med Fopp. Sistnemnte er gjort i to ulike versjonar, med svært dårlege resultat i begge tilfella. Dette albumet er nok for dei mest interesserte, men 2-3 av sangane er det lurt å få med seg. Sporliste Klikk for å se/fjerne innholdet nedenfor Hunted Down Entering Tears to Forget Nothing to Say" Little Joe Hand of God Kingdom of Come Swallow My Pride Fopp Fopp Spesielle høgdepunkt: Hunted Down, Nothing To Say og Little Joe Karakter: 5/10 ULTRAMEGA OK(1988) Eit gjennomført rockealbum, uten alt for mange sangar som skiljer seg ut kan ein vel kategorisere Ultramega OK som, kanskje med unntak av Flower. Ein byrjar å sjå konturane av det som seinare skulle bli kalla grunge, og at Soundgarden var ein av grunnleggarane er det liten tvil om. Det er veldig mørkt og rett fram, sjølv om humoren òg var viktig her. Sangane "665" og "667" er parodiar på at det "var" satanistisk innhald i rocken (stairway to heaven..). "665" har meldingar om julenissen når ein spelar det baklengs, som eit hint til dei påståtte meldingane om satan. Dette er heller ikkje eit av dei beste albuma til Soundgarden, men det gjorde til at ein kom seg til eit større plateselskap og innflytelsen det hadde på resten av miljøet skal på ingen måte undervurderast. Sporliste Klikk for å se/fjerne innholdet nedenfor Flower All Your Lies 665 Beyond the Wheel 667 Mood for Trouble Circle of Power He Didn't Smokestack Lightning Nazi Driver Head Injury Incessant Mace One Minute of Silence Spesielle høgdepunkt: Flower og All Your Lies Karakter: 6/10 LOUDER THAN LOVE (1989) Det første albumet hos eit større plateselskap er òg det beste hittil. Dette som det forrige er eit gjennomført bra album, men lider òg av at ein manglar den skikkelege hiten. Ein sang som på mange måtar sette standarden for resten av plata. Ein har "Ugly Truth" og "Hands all over" som er veldig gode sangar, men som kanskje manglar det lille ekstra som hadde heva denne plata opp blant dei beste. Den er uansett eit must hos alle fans. Sporliste Klikk for å se/fjerne innholdet nedenfor Ugly Truth Hands All Over Gun Power Trip Get on the Snake Full on Kevin's Mom Loud Love I Awake No Wrong No Right Uncovered Big Dumb Sex Full On (Reprise) Spesielle høgdepunkt: Ugly Truth, Hands All Over og Loud Love Karakter: 8/10 BADMOTORFINGER (1991) Etter mi meining er dette Soundgarden sitt beste album. Her får ein den eine klassikaren etter den andre slengt i trynet. Det er hardt, men på same tid melodiøst. Cornell brukar si fantastiske stemme på best mogleg måte, og det verkar som om heile bandet er blitt løfta av den nye bassisten Ben Shepherd. Dette var på mange måtar gjennombrotet til Soundgarden, men dei kom diverre litt i skyggen av "Nevermind" og "Ten" som kom ut på nesten den same tida. Ellers er eg nok ganske sikker på at dette albumet hadde hatt ei høgare stjerne hos ungdom no til dags. Ein liten kuriositet er jo at Johnny Cash seinare laga cover av Rusty Cage. Større annerkjennelse for kvalitet er det vel vanskeleg å få? Den som ikkje har Badmotorfinger i platesamlinga si bør absolutt skaffe seg den. Dette er grunge på sitt beste. Sporliste Klikk for å se/fjerne innholdet nedenfor Rusty Cage Outshined Slaves & Bulldozers Jesus Christ Pose Face Pollution Somewhere Searching with My Good Eye Closed Room a Thousand Years Wide Mind Riot" Drawing Flies Holy Water New Damage Spesielle høgdepunkt: Rusty Cage, Outshined, Slaves & Bulldozers, Jesus Christ Pose og Room a Thousand Years Wide Karakter: 10/10 SUPERUNKNOWN (1994) Dette er uten tvil det albumet som Soundgarden selgte mest av og som blir hugsa i etterkant. Dei fekk i tillegg grammy for både "Black Hole Sun" og "Spoonman", som må seiast å vere ein bra prestasjon. Ein merkar her at ein har blitt litt rolegare og melodiøse, noko som ein merkar i auka sal og listeplasseringar. Meir radiovennlege kan ein vel kalle det. At dette òg er eit fantastisk album går det ikkje an å diskutere i mot. Utanom "Black Hole Sun" (som eg faktisk ikkje har spesielt sansen for) er det fleire sangar som kappast om å vere best. "Fell on Black Days" og "The Day I Tried To Live" er strålande sangar og det held berre fram. Det er kvalitet over heile linja, og ein kan vel knapt kalle nokon av dei under middels. Anbefalast! Sporliste Klikk for å se/fjerne innholdet nedenfor Let Me Drown My Wave Fell on Black Days Mailman Superunknown Head Down Black Hole Sun Spoonman Limo Wreck The Day I Tried to Live Kickstand Fresh Tendrils 4th of July Half Like Suicide She Likes Surprises Spesielle høgdepunkt: Fell on Black Days, Superunknown, Black Hole Sun, Spoonman, The Day I Tried To Live Karakter: 10/10 DOWN ON THE UPSIDE (1996) Etter to fantastiske album på rad så er Down On The Upside ein liten skuffelse i forhold. Det er langt ifrå eit dårleg album, men ein når ikkje heilt opp til gamle høgder. Ein hadde haldt fram med utviklinga og gjekk meir vekk frå det tunge og mørke og blei endå rolegare/melodiøse. Det er eit ganske så variabelt album på mange måtar og går frå det heilt store (Rhinosaur, Pretty Noose) til det ganske dårlege (Ty Cobb, Applebite). Det selgte i tillegg langt ifrå like mykje som det foregåande albumet, sjølv om statusen til Soundgarden aldri hadde vore høgare. Ein del godbitar er det her, så det anbefalast dette òg. Sporliste Klikk for å se/fjerne innholdet nedenfor Pretty Noose Rhinosaur Zero Chance Dusty Ty Cobb Blow Up the Outside World Burden in My Hand Never Named Applebite Never the Machine Forever Tighter & Tighter No Attention Switch Opens Overfloater An Unkind Boot Camp Spesielle høgdepunkt: Pretty Noose, Rhinosaur, Blow Up the Outside World, Burden in My Hand Karakter: 8/10 A-SIDES (1997) Samlealbum Sporliste Klikk for å se/fjerne innholdet nedenfor Nothing to Say Flower Loud Love Hands All Over Get on the Snake Jesus Christ Pose Outshined Rusty Cage Spoonman The Day I Tried to Live Black Hole Sun Fell on Black Days Pretty Noose" Burden in My Hand Blow Up the Outside World Ty Cobb Bleed Together PS! "Historia" er berre midlertidig. Den kjem til å bli utvida og oppdatert. Kjem òg til å fikse på bileta ( dei er ikkje optimale..) og satsar på å få til ei oppsummering. Kom gjerne med Ris/ros, eller innspel på om noko manglar eller burde vore gjort annleis. Endret 5. januar 2008 av krizzzy Lenke til kommentar
oOF Skrevet 5. januar 2008 Del Skrevet 5. januar 2008 Badmotorfinger er bra, men lyden på plata er litt foppete. Jesus Christ Pose spilt veldig høyt, det blir ikke veldig mye bedre enn det. Lenke til kommentar
Snurreleif Skrevet 5. januar 2008 Del Skrevet 5. januar 2008 Soundgarden for svingende! Bandet Chris aldri skulle ha forlatt og som alt for få Audioslave fans vet om! Lenke til kommentar
NiceViolence Skrevet 5. januar 2008 Del Skrevet 5. januar 2008 Kjempeguide krizzzy! Skulle akkurat til å få tak i litt Soundgarden, men visste ikke hvilke album, så nå vet jeg jo det Lenke til kommentar
oOF Skrevet 5. januar 2008 Del Skrevet 5. januar 2008 Nei nei, det er enkelt: Badmotorfinger, Superunknown og Down on the upside. De tidligere platene er ræl og samleplata trenger du ikke. Lenke til kommentar
krizzzy Skrevet 5. januar 2008 Forfatter Del Skrevet 5. januar 2008 (endret) Kjempeguide krizzzy! Skulle akkurat til å få tak i litt Soundgarden, men visste ikke hvilke album, så nå vet jeg jo det Takk takk Sjekk forresten ut Temple of The Dog òg. Reknar med at eg kjem til å lage ein liten notis om det på slutten av innlegget. Nei nei, det er enkelt: Badmotorfinger, Superunknown og Down on the upside. De tidligere platene er ræl og samleplata trenger du ikke. Syns ikkje Louder Than Love står så mykje tilbake for DoTU kvalitetsmessig. Dessuten så bør han få med seg enkelte låtar frå den første EPen som Nothing to Say. Endret 5. januar 2008 av krizzzy Lenke til kommentar
NiceViolence Skrevet 5. januar 2008 Del Skrevet 5. januar 2008 Tror nok jeg satser på Badmotorfinger, Superunknown og Down the Upside med det første Hvis de faller i smak får jeg tak i resten også. Lenke til kommentar
krizzzy Skrevet 5. januar 2008 Forfatter Del Skrevet 5. januar 2008 Tror nok jeg satser på Badmotorfinger, Superunknown og Down the Upside med det første Hvis de faller i smak får jeg tak i resten også. Sikkert ikkje dumt Får håpe det det fell i smak Lenke til kommentar
svinepelz Skrevet 7. januar 2008 Del Skrevet 7. januar 2008 Du må bestemme deg for om du synes Black Hole Sun er nydelig eller ikke noe spesielt bra, hehe. Fin guide til et flott band. Enig i at det ikke er mye som slår Jesus Christ Pose på full blast! Lenke til kommentar
krizzzy Skrevet 7. januar 2008 Forfatter Del Skrevet 7. januar 2008 Du må bestemme deg for om du synes Black Hole Sun er nydelig eller ikke noe spesielt bra, hehe. Hehe, er klar over den "leifen" der, men har henta historia frå ein eldre omtale eg skreiv om bandet, og hadde meir sansen for sangen då. Skal få fiksa det Fin guide til et flott band. Takk Lenke til kommentar
skraml Skrevet 24. januar 2008 Del Skrevet 24. januar 2008 Flott guide, selv om jeg må si meg uenig i poengscoren du gir til Down on the Upside. Noe av det jeg selv føler er spesielt med Soundgarden, er at hvert album de ga ut var bedre enn det forrige. Ingen andre band på min ”liste” har hatt tilsvarende utvikling. Jeg vil likevel, som du, anbefale nye lyttere å starte med Badmotorfinger og Superunknown. Dagen jeg fikk vite at bandet var oppløst er uten tvil den tristeste dagen i min ”musikkverden”. Når Audioslave kom på banen noen år senere håpte jeg at dette skulle bli et lite plaster på såret – Istedenfor føltes dette som noen jevlige ballespark. Dersom du føler for mer Soundgarden, anbefaler jeg heller å prøve ”Temple of the Dog” (self-titled) fra 1991. Masse historie bak dette albumet, både for Soundgarden, Pearl Jam og Mother Love Bone- fans. wiki Lenke til kommentar
krizzzy Skrevet 27. januar 2008 Forfatter Del Skrevet 27. januar 2008 Det er sjølvsagt lov å vere ueinig. Karakteren er subjektiv, men eg står framleis fast på min. Ellers så er eg heilt einig i at Temple of The Dog er noko som fans av Soundgarden (og andre for den saks skuld) bør sjekke ut, som eg har skrive før i denne tråden. Kombinasjonen Vedder/Cornell er herleg på eine sangen Lenke til kommentar
Toa Skrevet 1. februar 2008 Del Skrevet 1. februar 2008 Soundgarden er snadder. Har stort sett kun hørt på Badmotorfinger og Superunknown. Vanskelig å si hvilket jeg egentlig liker best. De beste sangene på Badmotorfinger er bedre enn de beste på Superunknown, men Superunknown har flere gode sanger enn Badmotorfinger. Syns en del av sangene på Badmotorfinger er ganske middelmådige. Favoritter på Badmotorfinger: 1. Rusty Cage 2. Outshined 3. Slaves & Bulldozers 4. Jesus Christ Pose 9. Mind Riot Resten av sangene er jeg ingen stor fan av. Vanligvis hører jeg de 4 første, for så å slå av platen. Favoritter på Superunknown: Alle sangene er tøffe... ALLE! Kickstand er vel kanskje den jeg hadde savnet minst. Lenke til kommentar
Illuminant Skrevet 1. januar 2010 Del Skrevet 1. januar 2010 (endret) Plukker frem denne igjen.. Soundgarden reunion, dette kan bli kanonbra! Knights of the Soundtable rides again! http://www.soundgardenworld.com Endret 1. januar 2010 av Sjef. Lenke til kommentar
Illuminant Skrevet 16. februar 2011 Del Skrevet 16. februar 2011 Og nå blir det klinkende nytt album i løpet av året. Spennende og se hva slags stil de kjører. Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå