Gå til innhold

På utkikk etter butikk i Stavanger/Sandnes der ein kan få kjøpt MS Outlook 2007


Anbefalte innlegg

Eg skulle hatt tak i Microsoft Outlook 2007 litt kvikt, og har vore innom eit par butikkar i området rundt Sola. Men dei eg har vore på har berre heile Office-pakker og ingen separate versjonar, noko som eit lite søk på nettet gjev meg inntrykk av at gjeld for fleire butikkar og. No prøvar eg meg med eit skot i blinde og høyrer om det er noko her som har peiling på ein butikk her i området som kunne tenkjast å ha dette? Eg kan sjølvsagt bestille gjennom nettbutikk, men eg skulle helst fått tak i dette i løpet av morgondagen (laurdag).

 

(Viss dette er feilposta så er det fritt fram for ein moderator å flytte på det, men eg kom ikkje på nokon betre plass å poste det slik på ståande fot. :))

Endret av Garegaupa
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Ja ja, då har eg vore rundt og kikka litt, og ingen hadde det eg var på utkikk etter. Tre butikkar forsikra meg til og med om at det ikkje gjekk an å få kjøpt programma frå Office 2007 separat i det heile teke. Då er det litt snodig at eg berre kunne gå inn på MPX.no no i stad og bestille det derifrå... :whistle:

Lenke til kommentar

Godt observert, men det har sin grunn. ;) Problemstillinga er som fylgjer: Eg treng å ha Office (i hovudsak Word, Excel, PowerPoint og Outlook) installert på to maskiner (stasjonær og berbar). Skulle eg kjøpt Office Standard (som er den billegaste Office-versjonen med Outlook) til båe maskinene hadde det kosta mangfoldige tusen. Men kjøper eg Office Home and Student (som diverre ikkje har Outlook...) så kan eg leggje inn dette på båe PC-ane, og så kjøpe ein separat Outlook-lisens til kvar av dei. Då er eg framleis nokre hundrelappar under det eitt stykk Office Standard-pakke ville kosta meg. :)

Endret av Garegaupa
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...