Gå til innhold

Manglande internkontroll på skule


Anbefalte innlegg

Flytt denne posten vist den er posta i feil kategori.

 

Har no i det siste teinkt litt på skulen eg gjekk på i fjor, og ein del manglar ved skulen.

Set opp ei liste her over ting eg ikkje trur er etter forskriftene.

 

1. Var innom naturfagrommet på skulen her ein dag. Der har dei eit skåp som inneheld diverse kjemiske og giftige stoff. Skåpet er tydeleg merkt med gift, men eg kunne ikkje sjå noko datablad på noko av det som var i skåpet. Kanskje eg ikkje har sett godt nokk etter men eg såg ikkje noko.

 

2. I det samme rommet fann eg ikkje noko som kunne minne om førstehjelps skåp. Meinar eg alder har sitt eit inne på det rommet heller. Er ikkje det krav at det skal vere tilgang på førstehjelps utstyr i ein naturfaglab?

 

3. I gymsalen i det samme bygget er det ein "stikkontakt" av typen 32A 3-fas. Denne heng berre etter kabelen, og det har den gjort i eit år eller meir. (skal leite fram i NEK seinare for å finne ei spesifisert forskrift som gjeld dette).

 

4. I den samme gymsalen er det 4 basketball korger. Under to av dei er det montert vanlege stikkontaktar i kanalar. Det ser ut som at dei berre heng delvis etter eine sida i kanalen noko som er litt på kanten vil eg tru. (skal leite fram i NEK her og..).

 

5. Der undervisninga i Kunst og Handverk er finst det ikkje datablad på kjemikaliar som er brukte i samband med måling og lakkering(veit ikkje om dette er eit krav, sjå etter i FSE?). Det finst eit førstehjelps skåp i samme avdelinga, den inneheld det mest nødvendige for små og mellomstore kuttskadar, men ikkje nåke så enkelt som paracet. Nå veit eg ikkje krava til dette med paracet og andre smertestillande middel. Hadde vore fint om nokon kunne ha vist til ei forskrift/lov for dette.

 

Har vurdert stikke innom skulen med ei lita konkret liste over det eg vil ha utbetra, men det er ikkje så mykje som angår meg når eg var ferdig der for eit år sida men me brukar gymsalen og andre delar av bygget til å arrangere lan i.

 

Kjem til å skrive meir om eg kjeme på noko.

 

Har eg skreve noko som er heilt på jordet? eller har det noko føre seg?

 

Sei dine meiningar om dette !

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Har laga ei lita liste over ting som angår meg som eg vil ha utbetra. Kan hende eg dukkar opp på skulen sitt kontor med den lista ein dag.

 

Desse tinga angår meg fordi eg er ein brukar av gymsalen, me brukar den til å arrangere lan og ser helst då at tinga er som det skal.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...