Gå til innhold

Er Gmail tung og seig, eller berre treig?


Bondegutt

Anbefalte innlegg

Hei!

 

Gmail vart nettopp oppdatert, og av dei synlege endringane er mellom anna det litt forbetra etikettsystemet. Gmail ser også ut til å ha vorte tregare som ein konsekvens av dette. Det tek faktisk 12 sekund å opna innboksen her hjå meg, og det skal ikkje vera nettlinja mi som står bak dette.

 

Dersom eg heller vel «older version», der det nye etikettsystemet ikkje finst, så tek det berre 4 sekund å opna. Dette liknar meir kva eg er van med.

 

12 sekund for å opna innboksen er frustrerande lang tid og irriterande ineffektivt. Er årsaka at JavaScripta som køyrer i bakgrunnen har vorte for omfattande? Bør ikkje Google snart tenkje på optimalisering? Eg veit ikkje kor konkurrentane ligg, men dette nærmar seg jo faktisk å verta ei ubrukeleg teneste, tykkjer eg.

 

Må eg berre bruka «the old version» og håpa på at dette valet ikkje forsvinn? Finst det andre triks for å få det til å gå fortare? Eg brukar Firefox, men det går like treigt i Internet Explorer.

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse
  • 2 uker senere...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...