Gå til innhold
Spørsmål om bil og motor? Still spørsmål her ×

Plassering av ljosrelé i Volvo 240?


Garegaupa

Anbefalte innlegg

Eg har eit problem med min 88-modell Volvo 240 som gjer at eg ikkje får slått av køyreljos/bakljos med tenningsnykelen eller ljosbrytaren, men må nappe ut sikringane kvar gong eg skal setje frå meg bilen. Eg har fått eit tips om å ta ein kikk på reléet som styrer ljosa, men eg er ikkje i stand til å finne ut kor dette er. I fylgje Haynes-manualen så sit dette oppunder dashbordet på førarsida, i området mellom bensinpumpereléet og sensoren for lampebortfall, men der er ikkje eg i stand til å finne noko som liknar på eit relé. Teikninga i Haynes-manualen er heller ikkje all verden.

 

Er det nokon som har litt meir nøyaktig peiling på kor eg finn dette reléet?

Endret av Garegaupa
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Hei, og takk for svar! :) Eg såg etter i motorromet og fann releet der du sa. Men det verkar som om dette berre styrer hovudljosa, og eg fann ingen andre relé i motorromet. Etter å ha søkt litt rundt på Internett fann eg denne sida her, der det står om eit relé for køyreljosa (daytime running lights relay) som ligg attmed rattstamma. Dette har eg vore ute og leita etter no, men eg var ikkje i stand til å finne det.

 

Problemet eg har er som sagt at eg ikkje får slått av køyreljosa i bilen når eg set han ned. Å slå av tenninga hjelper ikkje, og om eg set ljosbrytaren til "PÅ" eller "PARK", så lyser det like godt. I båe desse tilfella lyser instrumentbelysninga og. Set eg ljosbrytaren til "AV" så lyser køyreljosa og instrumentbelysninga framleis, men då begynner i tillegg eit par andre ting å skje: Alle varsellampene på dashbordet tenner (og står og blinkar) og nåla på fartsmålaren begynner å skvette opp og ned.

 

Når eg set ned bilen så fjernar eg sikringane 15 (L.H. Park and Tail Lamps, License Plate Lamps) og 16 (R.H. Park and Tail Lamps, Instrument and Panel Lamps), og då sloknar køyreljosa så lenge ljosbrytaren står i "PÅ" eller "PARK". Men, viss eg set brytaren til "AV" så tennast dei att likevel, med dei tilhøyrande ekstrasymptoma eg nemnde ovanfor.

 

Eg har prøva å byte til ein annan ljosbrytar for å sjå om det var noko hjelp i, men det var det ikkje. Så då kan ikkje eg skjøne anna enn at problemet enten må liggje i dette reléet som eg ikkje er i stand til å finne, eller at eg rett og slett har ein jordingsfeil ein eller annan plass. Sistnemnde er vel kanskje meir sannsynleg, ettersom eg får så mange tilleggssymptomar når eg set ljosbrytaren til "AV"?

 

Kva trur folket? :)

Endret av Garegaupa
Lenke til kommentar

Jau då, det hadde nok vore det smartaste. Men, no skal eg uansett ha bilen på EU-kontroll mellom jol og nyttår, så eg skal høyre om dei ikkje kan ta ein kikk på dette i same slengen.

 

Uansett, takk for hjelpa båe to - og god jol! :)

Endret av Garegaupa
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...