Gå til innhold

Vurderer kjøp av berbar PC til arbeid, Internett og litt film og speling, maks kr. 8.000,-


Garegaupa

Anbefalte innlegg

Eg vurderer no kjøp av ny berbar PC. Denne skal, som det kjem fram i emnetittelen, nyttast i jobbsamanheng (hovudsakleg Microsoft Office 2003/2007), til Internettsurfing og E-post, og sekundært som filmavspelar og spelemaskin. (Når det gjeld spel så har eg ein stasjonær PC som eg i hovudsak brukar til dette, så dette er relativt lågt prioritert viss eg eventuelt kjøper ein berbar PC - eg ser heller på det som ein bonus viss ein kan køyre litt spel på han i ny og ne når ein har ei ledig stund. :)) Det er uansett greitt om maskinen er såpass bra at eg kan ha ho i alle fall i eit par år framover.

 

Som maksimumsgrense for pris har eg i utgangspunktet sett kr. 8.000,-. Vert det mindre enn dette så er det berre positivt.

 

Eg har visse minimumskrav til spesifikasjonane:

 

Skjerm: Minst 15" breiskjerm (og helst ikkje stort større heller)

Prosessor: Dobbeltkjerne (gjerne Core 2 Duo)

Minne: Minst 2 GiB

Harddisk: Minst 120 GB

Skjermkort: Dedikert kort, bør kunne spelast litt på

Kommunikasjon: Innebygd vanleg og trådlaust nettverk

Operativsystem: Minst Windows Vista Home Premium

 

Integrert webkamera og Blåtann ser eg på som ein fordel, men ikkje noko absolutt krav. På same måte ville eg sett på det som ein fordel med TPM-støtte, viss eg i framtida vil bruke BitLocker eller tilsvarande på ho for å beskytte det som ligg på harddisken. Dess lenger batterilevetid, dess betre - men det har ikkje høgaste prioritet, då maskina i hovudsak kjem til å tenestegjere som det ein kunne kalle "lett flyttbar stasjonær PC". ;)

 

Den maskina eg har funne som ser ut som den beste kandidaten så langt er ASUS F3Se. Denne fyller dei krava eg har sett opp ovanfor og vel så det. Spørsmålet er kvaliteten. Skal ein tru på dei to brukartestane frå Komplett.no så ser det heller dårleg ut, men i ein test i siste PC World Norge kjem ho atskillig betre ut. Ein kollega som har ein del erfaring med ASUS-maskiner vil og anbefale dette merket. Eg har søkt litt rundt her på forumet om denne maskinen, men ikkje funne ut stort, så viss nokon har erfaringar så set eg pris på å høyre dei.

 

Elles er eg open for alle slags forslag til andre maskiner som kan oppfylle krava mine like bra eller betre. :)

Endret av Garegaupa
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse
Acer 5720ZG :)

Takk for tipset! :) Eg skal sjå nærare på denne. Har du nokon eigne erfaringar med denne maskina?

 

Redigert: Då har eg fått kikka litt meir på Acer-maskina opp mot ASUS-maskina. Så langt eg kan sjå er fordelane til Acer 5720ZG mot ASUS F3Se at fyrstnemnde har større harddisk (250 GB mot 160 GB), betre(?) skjermkort (Nvidia 8400GS-256MB mot ATI Mobility Radeon X2500) og lågare pris (kr. 823,- i forskjell i Prisguiden). Tilsvarande så er ulempene dårlegare prosessor (Intel® Core® Dual-Core processor T2310 mot Intel Core 2 Duo T5450), mangel på Blåtann, mangel på TPM-støtte (så langt eg kan sjå), og mangel på eSATA-port. Er det då noko eg har oversett/blingsa på? Og er det nokon som veit korleis desse maskinene elles er, målt opp mot kvarandre? Eg tenkjer då i hovudsak på byggjekvalitet, støynivå, batterilevetid og generell ytelse.

Endret av Garegaupa
Lenke til kommentar

Ingen fleire tips? Det hadde vore fint med enno eit par anbefalingar som eg kunne vurdere. :)

 

Redigert: Eg har kikka ein del rundt no, og eg må seie at eg slit med å finne noko som er såpass bra over heile linja som ASUS F3Se til den prisen eg har fått tilbod om (kr. 7.500,-). Eg har dessutan funne eit par sider med svært god kritikk av denne maskina:

 

http://www.notebookjournal.de/tests/239/6 (Tysk)

http://www.newegg.com/Product/Product.aspx...N82E16834220165

 

Dessutan ser eg på Komplett.se at maskinen har fått "Bäst i test!" i PC för alla nr. 10 2007 i tillegg til god kritikk i siste PC World Norge (som nevnt ovanfor). Eg tykkjer dette samanlagt veg tyngre enn dei to dårlege erfaringane på Komplett.no.

 

Men uansett set eg pris på innspel her, både frå folk som har denne maskina (eller kjenner nokon som har ho), eller som har forslag til andre høvelege maskiner.

 

Redigert nok ein gong :p: Eg fann faktisk ei maskin som var hakket nyare og kvassare enn den eg hadde sett på: ASUS F3Sr. Så det vart til at eg gjekk for den. :)

Endret av Garegaupa
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...