MartinAB Skrevet 5. desember 2007 Del Skrevet 5. desember 2007 (endret) Hei! Jeg har skrevet en analyse av en novelle. Jeg bare lurte på om dere kunne kikke raskt over å sjekke om dere så noen feil Tar jo bare 2 min, setter pris på hver feil dere rapporterer. Er ikke spesielt bra innhold, men håper det holder til en 4'er. Det er skrivefeil jeg vil unngå i første omgang. Nynorsk analyse Tittel: Tilnærmingar Forfattar: Gunnhild Øyehaug (1975-) Utgitt: 2004 Frå novellesamlinga: Knutar Handlingsreferat og tema Novella handlar om Ragnhild som er redd for å spele piano for familien. Ho tenkjer på alle feila ho kjem til å gjere og kor flau ho kjem til å bli. Ein av knutane i forteljinga er at ho må så frykteleg på do. Ho prøver å halde seg, men jo lengre ut i forteljinga vi kjem, jo meir må ho på do. Og midt i forteljinga kjem det eit vendepunkt. Ein veps kjem inn rommet og Ragnhild hatar vepsar. Ho kan ikkje vere i rommet når det er ein veps der og dessutan må ho tisse. Ho bestemmer seg for å gå på do, men ho må vere så stille som mogeleg. Viss familien høyrar henne må ho sannsynlegvis spele på piano for dei. Når ho er ferdig på do, går ho inn på kjøkenet for å hente eit syltetøyglas. Det skal Ragnhild bruke til å fange vepsen med. Dei høyrer ho og Ragnhild blir nød til å gjere det ho fryktar aller mest – spele piano for familien. Ho surrar ein del i starten men etter kvart klarar ho å spele nokolunde bra. Når Ragnhild er ferdig klappar familien for ho, og Ragnhild går opp på rommet sitt, glad og fornøgd. Temaet i historia er om Ragnhilds følelsar. Viktige stikkord i denne novella er angst, redsel og frykt. Novella viser korleis redsel har innverknad på oss, men også korleis det følast når man har klart det man har redsel/angst for. Den viser også kor mykje følelsar det er i eit barns liv. Personkarakteristikk Ragnhild er hovudpersonen i novella og det er nesten berre ho som blir nemnt. Ho verkar som ein redd og nervøs person, og ho liker ikkje å bli presset til å gjere ting ho ikkje vil. Ragnhild verkar som ein misunneleg person fordi ho viser misnøye til søskenbarnet sitt, fordi den søte naboguten snakkar med ho og ikkje Ragnhild. Det verkar ikkje som om Ragnhild har det så bra med seg sjølv, fordi ho seier ho hatar alt. Dei andre personane i forteljinga er ikkje spesielt viktige, men bestefaren (”besten”) verkar som ein forventningsfull og følsam person. Han håper at Ragnhild ein dag skal spele piano i den store aulaen i Oslo. Miljø Novella føregår om sommaren. Det er varmt og personane går lettkledde. Det meste av historia føregår i huset til Ragnhild, og det er der høgdepunktet skjer. Det virke som dei er i eit gammalt hus, sida dørene knirkar. Komposisjon Starten på historia begynner tidsmessig før endinga, det vil si at hendingane i historia skjer i kronologisk rekkefølgje. Novella startar i ”in medias res”, det vil si at historia startar midt i forteljinga. Den byrjar med at lesarane oppfattar kva problemstillinga i handlinga er og at Ragnhild er misunneleg på søskenbarnet sitt som flørtar med den søte naboguten. Midtdelen handlar om at Ragnhild blir oppdaga (etter å ha tissa og henta eit syltetøyglas), og at ho må spele piano for familien. Novella sluttar med at Ragnhild er glad og fornøgd. Ho har klart å spele på pianoet og ho tenkjer at ho skal imponere naboguten, meir enn kva søskenbarnet hennar klarte. Avslutning/konklusjon For å samle trådane og finne ein konklusjon på denne analysen, er det heilt klart at teksta handlar om redsel og kor mange følelsar eit barn kan ha samtidig. I novella trur eg det er eit bodskap om at du skal gjere det du har redsel for, slik at du blir kvitt redselen. Takk på forhånd Endret 5. desember 2007 av MartinAB Lenke til kommentar
arex1337 Skrevet 5. desember 2007 Del Skrevet 5. desember 2007 Jeg ville revurdert denne setningen: "Viktige stikkord i denne novella er angst, redsel og frykt." Den tilbyr ingen god informasjon, og inneholder unødvendig repetisjon. Når du beskriver miljøet, bør du også nevne hva det har å si for novellen (budskapet, stemningen, osv). Savner litt mer analyse i denne analysen. Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå