Gå til innhold
Trenger du tips og råd? Still spørsmål anonymt her ×
🎄🎅❄️God Jul og Godt Nyttår fra alle oss i Diskusjon.no ×

Far på ferde -Ein tråd for oss fedre.


Anbefalte innlegg

Hei.

Eg er relativt ny her på forumet, men har merka meg at det fins fleire familiefedre blant brukarane. Har søkt litt, men har ikkje funne ein rein pappatråd.

Difor tenkte eg å lodde stemninga for ein slik tråd, ved å starta ein.

 

Aktuelle tema eg tenkte me kunne ta opp; er synspunkt på papparollen. Ei rolle som er endra drastisk dei siste åra.

Oppdraging, sett frå eit maskulint humreperspektiv er og meir enn velkoment. Historiar om våre håpefulle, om deira liv og leven. Lovverk, likestilling og kjønnsrollemønster er og interessante tema.

 

Vonar dette vil fengje dykk andre, både fedre og komande fedre. Eller berre dei som går med ein draum om farskap i magen. Mødre, og ymse representantar frå det motsette kjønn er og velkomne.

 

Men som emnetittelen seier, vonar dette blir ein tråd mest av og om papparollen.

 

For å lette stemninga, dersom nokon skulle vegra seg for å byrje, går eg i bresjen med mi eiga soge.

 

Eg er 1984 modell, som hamna i uføret for åtte månadar sidan. Med andre ord, termin er sett til 17 desember.

Skrekkblanda fryd pregar kvardagen, no som fødselen er nært foreståande.

Sambuaren min har ein gut frå før, som fyller fire den 11 desember. Så eg er stefar, og vordande far.

 

Det var slett ikkje lett å bli kasta inn i farsrolla, då eg blei saman med mi utkåra. Guttungen, la oss kalle han for professoren, var ikkje meir enn to og eit halvt år på den tida. Utviklinga eg har fått vore vitne til, er ikkje anna enn fantastisk. Eg trengde litt tid før eg var klar for ansvaret og tilliten eg blei gitt. Det var vanskelegare enn eg trudde å klare sjå professoren for det barnet han faktisk er, framfor ein liten vaksen.

Språket, finmotorikken og intellektet utviklar seg fortare enn eg er i stand til å følge etter. Eg kjenner nesten eit stikk av redsle for å ende opp som min eigen far, totalt blotta for forståing for kva som foregår i hovudet til borna mine.

Ikkje eit vondt ord om far min, for all del, men de forstår forhåpentligvis kva eg meiner.

 

Professoren viste eindel symptomer på sjalusi ovanfor bror sin, noko som kunne vera eit slit. Han byrja væte buksene igjen, skrik og ber seg, og er jamt over merksamheitsjuk. Heldigvis gjekk det kjapt over, men det kjem nok fleire stormar av dette slaget. Det er mange utfordringar med det å vera stefar, og difor vonar eg fleire er i same situasjon, så me moglegens kunne belyse emnet litt, for moglegens lette samvitet til nokon og einkvar. Men eg ville ikkje vore professoren forutan.

Forhaldet mellom far til professoren og sambuaren min er derimot så som så, og avgjerder må somregel gå gjennom advokatar.

Gjennom dette, veit eg litt om skeivhetene i lovverket om barnehald og foreldreansvar. Slik regelverket er no, er det etter mi meining altfor skeivt fordelt. Kvifor skal mor vere meir verdt enn far?

 

Dette leiar meg inn på eit anna tema: Foreldrebøker.

Ammebøker, oppdragingsbøker, svangerskapsbøker og andre relaterte bøker, er altfor ofte pappafri sone. For å bruke Levi Henriksen sine ord, frå boka De siste meterne hjem, plar det i beste fall stå: "Husk at barnefaren og kan være spent i tiden før fødselen," i svangerskapsbøkene.

Det er med stor glede eg ser at det er kome ut fleire bøker på marknaden av og for fedre. Finn Bjelke, Levi Henriksen, Per Asbjørn Risnes og Claus Joachim Sonstad, har alle utgitt bøker for fedre. (Sistnemte gav meg idéen til namnet på tråden.) Bøkene er skrevne i ein lett tone, med alvorsprega humor. Eg er stofornøgd med dei bøkene eg har lese til no, og synes humrefaktoren er befriande, framfor dei trauste, pappafrie bøkene som er skrevne for mødre.

 

Vonar dette blir ein kjekk tråd, med tips og vink, samt gjevande diskusjonar. For oss fedre imellom.

 

Mvh.

Espen

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...