Ohaio Skrevet 12. november 2007 Del Skrevet 12. november 2007 Hei Kanskje er det ikke så mange som har lyst til å rette en nynorsktekst, men jeg prøver likevel. Jeg skal i kveld levere et bokreferat på en side, skrevet på nynorsk. Nynorsk er ikke mitt sterkeste fag. Jeg har en tendens til å sette for stor lit til wordkorrekturen. Så hvis noen kan peke ut stygge feil i denne teksten før jeg leverer, vil det komme godt med Bokreferat Kåre Holt Kongen – Fredløse menn Sverre Sigurdsson, konge for dei fredlause menn. Mellom fire- og fem-hundre er dei. Nokon er hardt skada, nokon har fenge bane, nokon er dugelege og nokon er udugelege. Sverre, kongearving, kongsemne, og no, hærførar. Han gjeng hardt til verks med å tukte flokken som ein dag skal felle Erling Jarl. Fyrst vil han skilje dei dugelege frå dei udugelege. Sjansen baud seg då presten i Hammrön fekk bøkane sine fråstole av nokre birkebeinare. Med hard brutalitet blir dei skuldige trampa ned av Sverre med ein hest. Dei ligg i snøen og skrik framfor ein taus hop av det som pleidde å vere barske, høglydte menn. Dagen deretter har mange rømt. Dei som står igjen er dei mest barske. Vilhjalm frå Saltnes blir valde som leiar for huskarane, som skal skaffe veitsler til birkebeinarane når dei fer gjennom landet. I all hemmelegheit blir det bestemt at dei skal fare til Nidaros og hærta Kaupangen. Der kan dei krone Sverre, og gje han legitimitet som kongsemne. Dei set ut på ei hard ferd til Nidaros. Dei tek omvegen gjennom Sveariket.. På sin veg er dei varsame og tek helst ikkje meir enn eit dyr frå kvar bonde. Dei mistar fleire menn til sott og djupe elvar. Dei treffer heidningar i bortgøymde skogar og einsame bønder. I Varmländ, vest for Kaupangen finn dei sendemann Karl og hans menn. Dei overrumplar han, og Sverre tek hemn for si mor ved å henge han. Dei fer mot Kaupangen og jammen tek dei Nidaros mot umoglege odds. I Nidaros kan dei derimot ikkje bli lenge. Spionar fortel at ein bondehær har reist seg i nord, og at Erling Jarl har samla ein flåte i Bjørgvin. Dei rekk å krone Sverre før dei på ny set ut på ei ferd til Opplanda. Dei stel sølv frå gjeruge adelsmenn og betalar for sine veitsler. Det heile kulminerer i eit tokt mot Bjørgvin. I Voss blir de derimot overfell av ein stor bondehær på fleire tusen mann. Dei slår dei tilbake, men sjøvegen og landevegen til Bjørgvin er no stengd. Dei blir difor tvunge til å gå den harde vegen over vinterfjellet. Dei overlever så vidt, men munken Bernard døyr. Det set hardt inn på Sverre som mistar noko av trua på seg sjølv. Dei reiser på ny til Nidaros i håp om at biskopen ikkje skal mane til kamp. For fyrste gong møter dei ein fiende utan å leggje ein kampplan. Sverre tek feil, og biskopen angrip. Birkebeinarane tapar deira fyrste slag under leiing av Sverre og mange døyr. Nokon kjem seg unna, men sjølv Sverre er såra. Han hamner i galenskap, men når Einar Vismann forsøker å si frå Sverre kongetittelen, kjem han til sansane. Den neste delen er skrive i korte trekk. Sverre, Audun og dei andre fer tilbake til Sveariket. Der samlar dei nye menn, før dei på ny marsjerar mot Nidaros. Der kjem dei i åtak med Erling Jarl som har tre gonger så mange menn som Sverre. Dei sigrar og jarlen fell. Kong Magnus er med, men flyktar til sjøen. Endeleg har Sverre sigra og sikra seg ein region. Men kampen om Noreg er framleis ikkje avgjerda. Boka er fortel i to dimensjonar. Han eine tek plass i ein snøstorm, på ein gard i Rafnaberg der Audun fortel soga om den avdøydde Sverre til dottera hans. Han andre er historia om Sverre sjølv. Avsnitta pregest av begynningar som: ”dette hugsar eg om kvinna i Kaupangen”, eller ”dette hugsar er eg om kong Sverre.” Dimensjonen der Audun fortel soga om Sverre har si eiga handling. I begynninga av boka får vi kvite at Gaute, den einarma mannen som går med eit sterkt ynskje om å tilgi alt og alle, rømmer frå Rafnaberg. Han vil oppsøkje Baglarane i Tunsberg som Audun og kongsdottera gøymer seg for, og seie til de: ”Vi gøymer oss på Rafnaberg. Gå dit, drep oss om de tør . Møt då fram for den allmektige Guds son med ei kongsdotters blod på nevane.” Audun vet at det vil bli deira bane om Gaute gjer det. Då Gaute så forsvinn sender han sin beste hærmann etter han. Mens dei ventar fortsett han å fortelje soga om Sverre til dottera, jomfru Kristin. I slutten av boka kjem Hærmannen tilbake med Gaute. Han fortel at det var kongens ord at alle som svik han skulle bøte med ein arm. Men han er feig og seiar at kongen ofte gav grid. Det blir hans påbod at ein hærmann skal ta Gaute ut og gjere med han det han trur kongen ville gjort. Her endar andre bind. Lenke til kommentar
Mephistopheles Skrevet 12. november 2007 Del Skrevet 12. november 2007 Såg bra ut for mitt auge. Har ein tendens til å verta ein smule ukritisk ovanfor nynorsk, men eg fann ikkje nokon store brølarar. Men kampen om Noreg er framleis ikkje avgjerda. - Du står fritt til å skrive avgjort. Boka er fortel i to dimensjonar. - Det er råd å skriva fortalt. Begynninga - Byrjinga. Fyrste som slo meg, var at tittelen ikkje var oversett, men ved nærare ettertanke er moglegens dette like så greit ... Lykke til med karakterjaget:) Lenke til kommentar
Ohaio Skrevet 12. november 2007 Forfatter Del Skrevet 12. november 2007 Tusen takk. Jeg har endret overnevnte. Skulle noen oppdage mer er det bare å tilføye. Tror ikke man skal oversette tittelen i overskriften Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå