Gå til innhold

XFX Geforce 8800GTS - svart skjerm etter en stund


alvarne

Anbefalte innlegg

Hei,

 

Satte siste skruen i ein ny pc i går og installerte OS (XP professional) og drivere. Det er ein Quad 6600 på eit Abit IP35 pro HK med 4x1GB RAM.

 

Alt virka greit inntil midt i installeringa av driver til skjermkortet, eit XFX Geforce 8800GTS 320MB. Brukte først driver på medfølgande CD. Då vart skjermen plutseleg svart, sjølv om den fortsatt påstod at det var signal inn.

Etter restart at PC-en var det bilde på skjermen igjen, men mistenker at driver ikkje var riktig installert. Installerte derfor ein nyare driver (forceware 163.71). Alt virka igjen greit. Temperaturar ser ut til å vere greie, Nvidia sitt overvåkningsprogram seier 46-50 grader på GPU på tomgang. mGuru rapporterer latterleg låge 13 grader på CPU (kaldt kontor).

 

Likevel held skjermen fram med å gå i svart fleire gongar utover kvelden, sjølv om PC-en går på låg last med sikkerhetsoppdateringar av XP og liknande ting. Må restarte PC-en for å få bilde igjen.

 

Har ikkje etablert om heile systemet går i stå når skjermen blir svart. Skjermen påstår som sagt at det fortsatt er signal ut frå skjermkortet, berre at et er svart. Tenkte å teste det vidare i kveld med eit remote-desktop program, og også med ein annan skjerm. Dersom resten av systemet går vidare, må det jo vere skjermkortet som fuskar.

 

Har nokon opplevd liknande? Kan det vere drivarproblem? Skjermkortet ser som sagt ut til å ha ein behageleg låg temperatur når dette skjer, alle vifter i systemet går og eg har kobla til den PCIe-straumkontakten til kortet, så det skal ikkje vere problem der. (Corsair HX520 straumforsyning.)

 

Takknemlig for konstruktive forslag.

Alv-Arne

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...