Gå til innhold

TESTETSETSTETETSETES gimeg test funger ffs


GrandMa

Anbefalte innlegg

Etter at det har blitt satt eit krav om at datamaskin skal bli brukt i alle fag har lektor ved Nansenskulen, Inge Eidsvåg sagt at han meinar kravet om datamaskinar skulen blir møtt med for få kritiske innvendingar. Dette førar jo selvfølgeleg til at man ikkje får belyst alle sida av saka. Eg er derfor samd med Inge om at det blir for få kritiske innvendinga. Kritiske innvendingar betyr jo selvfølgeleg ikkje at kravet blir forkasta med det same. Det kan jo ikkje skade med ein diskusjon.

Kjensla mine angåande dette tema er i beste fall blanda. Eg trur datamaskin på skolane kan være eit utroleg bra hjelpemiddel, men eg ser også at det har ein mørkare side. Eg trur det viktigaste er at ein har god styring på kva elevane hald på med når dei jobbar på datamaskina. Det er sannsynlegvis mange som i hovudsak kjem til å bruke datamaskinane til spel og liknande viss læraren ikkje passar på. Kan ein hald styringa på kva elevane driv med når dei sitt på datamaskinane vil eg seie at det er til enormt mykje hjelp for både elevar og lærarar.

Nå for tida finnes dei ein heilt enorm mengde informasjon på internett noe som eg meinar må bli brukt i skolesamanheng. Eg skjønner at mange er skeptiske til datamaskinane. Det er mange ulempar også. Derimot meiner eg at det er for mykje som går tapt viss vi ikkje brukar datamaskinar og internett. Vi må huske at elevane er på skulen for å gjere det så bra som muleg og eg synest vi må fokusere på å at dei elevane som prøvar og lære noko får muligheita til å læra det.

Av personleg erfaring veit eg at det er lett for at man kan gjere alt anna enn å jobbe med skulen når man sittar med ein datamaskin. Eg hadde nesten vore takknemlig viss nokon hadde gjort det umuleg for meg å gjore noe anna enn skulearbeid i skuletida. Alt for mange timar har forsvunne til tankelaus surfing og chatting på internett.

Eg trur man kan fjerne mesteparten av problematikken som handlar om datamaskiner i skulen ved hjelp av ein ting. God oppfølging frå lærarane. Viss lærarane alltid passar på at elevane gjer det dei skal vil karakternivået og utdanningsnivået på det norske folk stige drastisk i mine auge. Etter eigne erfaringar vil eg si at det er nok spesielt på vidaregåande skule at dette er eit problem for augeblikket. Med tida kan nok problemet krype lenger ned i skolesystemet, men akkurat no trur eg det er i vidaregåande de største problema ligg.

Eg synest også det kan bli problematisk at barn og ungdom skal sitje enda meir stille. Samtidig blir det ein vane å sitte å kikke inn i ein dataskjerm. Dermed kommer aktivitetsnivået sannsynlegvis til senke ytterligare. Eg trur fedme kommer til å bli eit av framtidas største samfunnsproblem. Derfor håper eg ikkje dette kravet forverrar tilstanden som er å finne blant dei unge i dag. Dårleg kosthald og lite fysisk aktivitet er allereie eit stort problem.

Sjølv om det er mange ting som talar for at datamaskinar for alle i skulen kommer til å bli noko negativt synest eg framleis kravet skal bli godtatt. Eg synest rett og slett man skal trekke fram poenget med ansvar for eigen læring her. Eg vil ikkje sjå at dei elevane som er interessert i å lære noko skal bli dratt ned av dei elevane med dårleg sjølvdisiplin. Viss ein elev ikkje greier å gjere det han skal på den datamaskinen synest eg eigentlig at det er hans problem og ikkje noko som skal gå ut over resten av elevane.

For å vere heilt ærleg er eg ikkje sikker på kva eg skal meine i denne saka. Sjølv etter å ha skrevet over ei side om saka er eg framleis like usikker på kva eg meinar. Utdanning er utroleg viktig, noe som eg synest gjer det enda vanskelegare å bestemme meg. Alt i alt synest eg vi skal si ja til kravet. Rett og slett fordi eg meinar at man skal få dei beste muligheita til å gjere det godt på skulen. Noen kommer sannsynlegvis til å ha problem med å gjere det dei skal, men det får vere den elevens eiga problem. Sjølv om man ikkje alltid gjer det man skal på datamaskinane trur eg det hjelper deg uansett. Derfor synest eg at vi må la alle elevane få datamaskinar på skulen. Vi vil jo at dei skal gjere det så bra som muleg. Å halde tilbake noen av elevane ville bare vore absurd. Vi går på skulen for å lære og det må vi få muligheit til.

Lenke til kommentar
Gjest
Dette emnet er stengt for flere svar.
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...