Berengal Skrevet 21. september 2007 Del Skrevet 21. september 2007 Fyrst vil eg beklaga ordspelet i emnetittelen. Det var ikkje meininga. PC-en min begynnar å bli litt sliten, kan ein seia. Spesielt er det skjermkortet (7900GS) mitt som higer mot pensjonisttilværelsen med sine artifacts uansett driver eller operativsystem, men òg hovudkortet viser mystiske luner på sine gamle dagar, som f.eks å kreve fullstendig avslåing av maskina før den vil starta på nytt, varm restart fungerer ikkje, og av og til bytta om på startrekjefylgja til harddiskane for so å klaga når den ikkje finn os. Prosessoren klarer seg for sovidt bra (Athlon 64 X2 Dual Core 4200+ overklokka so smått), men eg tenkte den kunne få eit nytt liv i ei annan, mindre arbeidsintensiv maskin den òg. Då står eg her, med to harddiskar, 3gb ram (som òg blir vurdert bytta ut), kasse og alt ein treng utanfor denne. Kjekt er det då at eg òg står med eit pluttseleg og betydeleg budsjettoverskot. Nå har det seg slik at eg ikkje heng heilt med på hardwarefronten bortsett frå når eg oppgraderer PC-en min. Dette går bra dei gongene eg berre bytter ut ein og ein del, men no blir det litt mykje å lesa seg opp til. Det er derfor eg spørr her om hjelp. tl:dr Treng hjelp til ny pc. Formål: Gamer PC Budsjett: 10000,- kan strekkjast so langt som 15000,- viss dette fører til markant ytelsesforbetring og auka levetid Treng: Hovudkort, cpu, skjermkort, lydkort, (fysikkort y/n?), (ram) Eg har overklokka litt, men har eigentleg slutta med det viss det har noko å seia. Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå