Gå til innhold

På jakt etter lett, stillegåande bærbar til studie


Anbefalte innlegg

Søkjer altså ei lett og stillegåande bærbar maskin til bruk på studiet.

 

PRIS: Varierer etter kva eg får, men ikkje interessert i å gå over 8000 - 10000 pengar.

 

BRUK: Arbeid på forelesingar og lesesal. Lese pdf-ar, skrive lesenotat og tankekart, surfe på utlagte læremiddel og vitskaplege artiklar. Lese mail og MSN (alas) kjem nok også inn på eit eller anna keisamt tidspunkt.

 

KRAV: Bør ha skjerm som ikkje gjev hovudverk av å lesast på. Av omsyn til medstudentar (og meg sjøl) bør den vere støysvak. Vekt er viktig - maskina eg har i dag er flott, men veg om lag like mykje som ein Audi Quattro og er på rask veg til å gje meg prolaps. Ytelse er ikkje så viktig, så lenge den held til å ha ope nokre Firefox-vindu og eit pdf-dokument eller tre. Skal ikkje køyre tunge og grafikkortkrevjande spel eller andre applikasjonar på den.

 

UTSTYR: Trådlaust nettverkskort, 2 (eller fleire) USB-utgangar. Blåtann ville vere fint (men ikkje noko must).

 

FRAMLEGG: Er særs open. Kan til og med vurdere ein Mac! ;)

 

Særs takksam for alle framlegg!

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...