Gå til innhold

Hauppauge media mvp og alternativ


Anbefalte innlegg

Hei på dykk!

 

Eg treng litt hjelp. Eg er ute etter ein svært rimeleg og enkel stove-pc-sak som skal

 

- spela ca. alle lyd- og videoformat som finst

- vera Linux-basert, td. mythtv eller freevo eller...

- allerhelst ha dvd innebygd

- ha høg waf-faktor, dvs. liten, plasseringsvenleg, enkel og støyfri

- koste minst muleg (!)

- ha fjernkontroll

 

Det er ikkje prat om ekstrem videokvalitet, ettersom eg berre har eit lite biletrøyr-fjernsyn. Eg er open for å byggje sjølv, evt. kjøpe brukt, og eg kan lodde kabel.

 

Ein boks som ser ut til å tilfredsstille ein del av desse krava er Hauppauge media mvp. Denne ser ikkje ut til å vera å få tak i her i landet, og eg må bruke pc-en om eg i det heile skal sjå videoar. Eg trur eg skal gå ei klasse opp frå denne, og ein litt meir frittståande sak hadde vore fint.

 

Har de nokre gode alternativ? Eg vurderer eit Shuttle-kabinett med rimelege deler, men der er det mange feller å gå i: Støy frå dvd-stasjon, harddisk eller vifte, skjermkort som ikkje funkar med Linux/Mythtv, træl med å få fjernkontroll til å verke...

 

Eg tek med takk imot tips!

 

(redigert: ymse småting)

Endret av gingermig
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...