Gå til innhold

Kommandoar i linux-terminalen


Anbefalte innlegg

Eg har lenge hatt lyst til å lære meg dei forskjellige kommandoane ein kan bruke i linux, men dei listene over kommandoar eg har sett har som regel vore for omfattande for ein nybegynnar som meg. Derfor kan eg starte med å beskrive to enkle kommandoar som eg syns er nyttige, så kan dei som kan meir enn meg følge på med fleire.

 

 

Som dykk ser startar eg veldig enkelt. Så det er nok opp til andre om tråden blir noko nyttig for nybegynnarar.

 

 

Kommandoen "cd"

 

cd står for "change directory", og er kommandoen ein brukar for å navigere seg gjennom filsystemet i terminalen. Eg vil seie at du har 3 moglegheiter med den kommandoen:

 

1: Du kan skrive heile adressa

 

Enkelt og greit, men du må vite kvar du skal sjølvsagt.

 

Eks:

# cd /etc/samba

 

 

2: Du kan gå utifrå mappa terminalen "befinn seg i"

 

Du beveger deg altså trinnvis gjennom filsystemet. Vanligvis tek terminalen utgangspunkt i /home/"dittbrukernamn", så derfor kan det vere greit å gå til rota av filsystemet først ved å skrive "cd /"

 

Eks:

 

/ # cd etc

/etc# cd samba

/etc/samba #

 

 

3: Hoppe tilbake i filsystemet.

 

cd ..

 

Eks:

 

/etc/samba # cd ..

/etc # cd ..

/ #

 

 

 

Kommandoen "dir"

 

Denne kommandoen listar opp filer og mapper i mappa du befinne deg i:

 

# cd /

/ # dir

 

*liste over filer/mapper i / kjem opp*

 

cd /etc

/etc # dir

 

*liste over filer/mapper i /etc kjem opp*

 

 

Alt dette står forøvrig mykje betre forklart her, men eg tenkte eg måtte setje tråden i gang. :whistle:

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Men hvorfor bruke "dir" når man kan bruke "ls"? ;)

 

"ls -l" er også nyttig (litt mer detaljer)

 

Edit:

Kan nevne et par til når jeg først er i gang :

 

mv /path/til/filnavn /path/til/nytt/filnavn - flytter en fil fra et sted til et annet, evt skifter navn på fila.

 

cp /path/til/filnavn /path/til/kopi/av/filnavn - kopierer en fil fra et sted til et annet.

Endret av Sokkalf^
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...