Gå til innhold

Mobil med best støtte for bok-lesing og skriving?


Anbefalte innlegg

Eg skal ha meg ny jobbmobil/PDA og har avgrensa alternativa til to: Nokia E61 eller Hp iPAQ rw6815. Dei to er faktisk ganske like. Nokre mindre skilnader er der, Nokiaen har marginalt større skjerm, men Hp-en mistenker eg har større prosessor (over 400 mhz). Men den eine ”store” skilnaden dei i mellom er operativsystema. Nokiaen køyrer SymbianOS 9.x / Series 60, medan Hp-en køyrer Windows Mobile 5. Men det er ikkje så mykje å gjera eit val ut frå det heller, for dei to operativsystema har også sine fordelar og ulemper. Symbian har rykte for seg å vera meir stabilt enn WM5, og WM har på si side støtte for mykje meir programvare enn Symbian.

 

Det det kokar ned til er sjølvsagt kva eg skal bruka mobil/PDA-en til. Eit argument for meg personlig for WM5, er at det høgst truleg vil ha installert Microsoft Reader, noko som er viktig fordi eg har nokre hundre LIT-filer (mao. bøker) liggjande på harddisken. Det er ikkje umogeleg å få desse over på ein PDA som køyrer Symbian, men det hadde blitt ein del ekstraarbeid sidan Mobireader (symbians ebok-lesar) ikkje støtter Lit-filer (cracking av filer, potensiell konverteringsskade osv).

 

Det andre viktige bruksområdet er skriving. Eg skal kjøpa eit tastatur til PDA-en, men eg vil gjerne ha det i full størrelse (som eit tastatur til ein vanlig stasjonær PC), viss det er mulig. Viss eg må eg ha eit slikt samanleggbart knøttetastatur, så må eg vel det. Det viktige er uansett kva av desse to PDA-ane eller operativsystema som best støttar eit ekstra tastatur. Det har eg ikkje greidd å finna noko fornuftig informasjon om nokon stad. Ein kamerat av meg har E61 og klagar litt på at hans samanleggbare blåtann-tastatur ”hakkar” litt, dvs. det går litt tid frå han trykker tasten til bokstaven faktisk dukkar opp på skjermen. For meg er det ikkje viktig at tastaturet må vera trådlaust, men eg mistenker at det må vera det? Det viktige er at det er minst mulig hakking når eg skriv.

 

Tusen takk for svar!

Mvh. Øystein

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Hmmm, nei, forresten, etter ein del googling visar det seg at å kobla til eit vanleg tastatur ikkje er heilt enkelt. Ein må ha ein ekstra kabel (usb host kabel) og så er det nokre problem å gjera dette under Windows Mobile 5 (noko som har med USB OTG å gjera). Det lar seg kanskje gjera, men det kjennest som om vinninga vil gå opp i spinninga.

 

Det er jo ganske rart at det ikkje finst nokon normal rett-fram metode å gjera noko så enkelt som å kobla eit tastatur til ein PDA i 2007? Dette blåtann tastaturet frå Freedom er eit alternativ, men etter kva eg har høyrt har det mange problem både med drivarar og "hakking". Det virkar alt anna enn robust. Eg jobbar som journalist og treng ei løysing med eit påliteleg tastatur til ein liten og grei PDA. Og det må støtta skandinaviske bokstavar. Så kvifor ikkje berre kjøpa ein berbar PC? Det har eg jo allereie, og det er ikkje alltid det er kurrant å dra på ein berbar, dessutan kan han ikkje ringa.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...