Gå til innhold

Hvordan lage fotomontasje i PS?


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Veit ikkje om det er andre program som er betre eigna, men det er enkelt å gjere i PS. Lag eit nytt dokument (File --> New), so stort du vil ha det, med kvit bakgrunn. Få so alle bileta du vil ha inn i dette dokumentet ved å anten bruke File --> Place, eller opne bileta og dra dei inn. Berre vel flytteverktøyet og dra dei over, slik det er skildra i steg 2 i denne guiden.

 

Om du bruker sistnemnte skalerer og plasserer du biletet i dokumentet ved å trykke Ctrl + T for å aktivere Free transform. Dra inn hjørna for å gjere det mindre, og berre dra for å flytte. Hald inne shift medan du skalerer, då vil høvet mellom sidene halde seg konstant. Når du er ferdig trykker du enter.

 

Om du bruker fyrstnemnte vil free transform vere aktivert når bilete kjem inn, so berre plasser og skaler det (midlertidig iallfall) og trykk enter før du tek inn det neste.

 

For å få til ramma og skuggen er det berre å bruke layer styles. Anten gå til Layer --> Layer style, eller ved å trykke på post-21406-1185573870_thumb.png nederst i lagpanelet. Ramma legg du til med Stroke -- vel Inside og den fargen og breidda du vil -- skuggen med Drop shadow.

 

Teksten legg du til med tekstverktøyet. Du kan rotere med free transform: Trykk Ctrl + T med tekstlaget aktivt. Hald musa litt utanfor kanten på teksten, slik at musepeikaren endrar seg til ein halvsirkel med pil i kvar ende. Då er det berre å dra rundt for å rotere.

Endret av Torbjørn T.
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...