Arve Systad Skrevet 20. juli 2007 Del Skrevet 20. juli 2007 (endret) Eg ser ein del dårleg posting her på forumet, og vil med denne posten (sticky, anyone?) prøve å heve den generelle kvaliteten på denne delen av forumet. Det er mykje dårleg eller ufullstendig informasjon i førstepostane, som leder til unødvendig mykje spørring undervegs. Sjølv har eg så godt som slutta å svare på kritikktrådar der du kun får servert ei lenke og "Kritiser!". Enkle tips for å få mest mogleg ut av å legge dine sider ut til kritikk her: - Først av alt, gjer godt arbeid i utgangspunktet. Ikkje sleng ut ei side du har brukt ti minutt på for å få den slakta og deretter bli sur på dei som slaktar deg. Bruk litt tid på sida før du legg den ut til kritikk her - iallefall så mykje at den ser ut som ei nestenferdig side. Om du kun legg ut eit bilete frå Photoshop e.l., la det vere såpass gjennomført at det ser ut som eit ferdig resultat. - Legg til litt eksempelinnhold om sida ikkje har skikkelig innhold. Dette for at vi som kritiserer skal kunne få eit realistisk bilete av korleis sida vil sjå ut til slutt. Inkluder litt overskrifter, litt brødtekst, litt lister, litt bilete etc. Eksempeltekst finn du her. - Fortell oss gjerne litt om formålet med sida dersom det ikkje kjem veldig klart fram av designet du presenterer til oss. Nevn gjerne kvifor du har gjort som du har gjort angåande fargevalg, stiltype, fontvalg osv. - Ta til deg kritikken - det har ingen hensikt å legge ut ei side til kritikk dersom du berre avviser alt folk seier om sida di, eller argumenterer mot. Ikkje alt som blir sagt er like relevant, eller er kanskje imot di meining, men ikkje avvis det brutalt likevel. Om nokon her synest det, så er sjansen stor for at andre gjer det òg. Ta det heller til ettertanke når du skal utvikle det heile vidare. - Hugs lenke til sida. Blir alt for ofte gløymd. Endret 2. oktober 2007 av Zeph Lenke til kommentar
Ståle Skrevet 20. juli 2007 Del Skrevet 20. juli 2007 Jeg er helt enig. Jeg synes ogsa at det skulle vaert en topic-syntax, "Gi meg feedback" og "Hvordan ser siden min ut" blir litt for dumt na da alle tradene her er om det samme. Forslag til hvordan topic skal vaere; link .. Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå