Gå til innhold
Spørsmål om bil og motor? Still spørsmål her ×

Øvelseskjøre stor MC?


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse
Øvingskjøring klasse A og A1 (motorsykkel)

Øvingskjøring må ikkje vere til fare eller unødig ulempe for annan trafikk!

 

Berre den som har gjennomført trinn 1 - trafikalt grunnkurs har lov å øvingskjøre . Dette kurset skal gje grunnleggjande forståing for trafikk og vere utgangspunkt for vidare opplæring. Aldersgrensa for å ta kurset er 15 år. Tek du kurset i den offentlege skulen, kan du ta det i 10. klasse, sjølv om du ikkje har fylt 15 år.

 

Har du alt førerett i ei anna klasse kan du øvingskjøre i klasse A eller A1 utan å ta trafikalt grunnkurs. NB! Har du førerett i klasse M 146, S eller T må du likevel ta mørkekjøring og førstehjelp før du kan gå opp til førarprøve!

 

Du som skal øvingskjøre i klasse A må vere 16 år, og for klasse A1 må du vere 15 år . Du har ikkje lov å øvingskjøre dersom politiet har gjeve deg sperrefrist for førarkort.

 

Når du øvingskjører må du alltid ha med deg bevis for fullført trinn 1 - trafikalt grunnkurs og legitimasjon med bilete, eventuelt førarkort eller mopedførarbevis. (Førerett i klasse M 145 gjev ikkje rett til øvingskjøring utan at du har trafikalt grunnkurs!)

 

Den som er med deg må vere fylt 25 år og ha hatt førerett for slik motorsykkel som du øvingskjører med utan avbrot minst dei siste 5 åra . Det er den som er med deg, som er ansvarleg for kjøringa, men du som øvingskjører har også ansvar. NB! Den som er med deg og øvingskjører privat, kan ikkje ta betaling, det er det berre trafikklæraren som kan gjera.

 

Er du under 19 år, må du bruke mellomtung motorsykkel når du øvingskjører for klasse A. Det er motorsykkel som ikkje har effekt over 25 kW eller ikkje meir enn 0,16 kW pr kg eigenvekt, jf førarkortforskrifta § 2-2. For øvingskjøring til klasse A1, må motorsykkelen du har lov å øve med vera registrert som lett motorsykkel, sjå i vognkortet.

 

Ved øvingskjøring med motorsykkel på veg eller andre område som ikkje er avsperra, skal den som er med deg sitja på motorsykkelen og kunne instruere deg via tovegs kommunikasjonsutstyr. Har motorsykkelen som du øvingskjører med sitjeplass berre for føraren, må den som er med deg kunne instruere gjennom tovegs radiosamband eller liknande, i tillegg til å ha visuell kontakt.

 

Øvingsområdet må veljast etter kor langt du er komen i opplæringa. Du har ikkje lov til å øvingskjøre i utlandet.

 

På avsperra område eller øvingsbane er det lov å øvingskjøre når den som er med deg har visuell kontakt og kan instruere deg.

Endret av r0zie
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...