Gå til innhold

Overklokking av NVIDIA-kort i 64-bits Vista?


Anbefalte innlegg

Eg skaffa meg for ikkje så lenge sidan eit XFX GeForce 8800GTS 320 MiB skjermkort, og tenkte no å prøve meg på å overklokke det litt. Eg la inn nTune og begynte å eksperimentere litt med å stille opp frekvensen på både GPU og minne. Problemet er berre at det ikkje skjer noko. Uansett kva slags innstillingar eg gjer, så får eg det same resultatet i 3DMark, og merkar heller ikkje noko til betre ytelse i spel. Det ser ut som at eg kan stille på verdiane, men at kortet ikkje vert klokka opp i det heile teke.

 

Så det eg lurar på er om det er nokon her som har opplevd det same, eller veit kva som kan vere gale? Operativsystemet er Vista Ultimate 64-Bit, så eg har spekulert i om det kan ha noko med det å gjere, men fleire søk på Google har ikkje gjort meg noko klokare.

 

Eg vurderte å prøve RivaTuner og/eller ATITool i staden, men det ser ut til at desse ikkje er så glade i Vista per dags dato.

 

Vonar det er nokon her som har nokon idear. :)

Endret av Garegaupa
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Per dags dato så brukar eg versjon 158.18 på drivarfronten. Eg ser det har kome eitt sett med nyare drivarar etter den tid (158.24), men i fylgje NVIDIA sine Release Notes så er einaste forskjellen på desse to at den nyaste versjonen har fått to småfiksar for 32-bits Vista, så det skulle vel ikkje utgjere så stor forskjell.

 

Eg skal vurdere å prøve den siste betadrivaren, viss eg klarar å overvinne min inngrodde skepsis til alt med forstavelsen "beta" - spesielt på drivarfronten... ;)

 

Eg tykkjer berre det er så rart at eg ikkje klarar å finne andre som har tilsvarande erfaringar med dette. Kan eit skjermkort vere "låst" for overklokking på ein eller annan måte?

Lenke til kommentar

Noe av greia med XFX sine kort er jo at de er fabrikkoverklokka,

men det betyr ikke at man ikke kan få litt mer ut av det.

Har kjørt beta driverne i en ukes tid nå

De er kjempe bra og funker med Rivatuner/ Ntune.

Har forøvrig aldri hørt om gfx kort som er låst for overklokking.

Lenke til kommentar
  • 2 måneder senere...

Det er ei stund sidan eg posta denne, men sidan eg framleis slit med det same problemet så prøvar eg meg på ein liten 'bump'. :)

 

Er det nokon her på forumet som brukar 64-bits Vista og har overklokka skjermkortet sitt med nTune? No har eg prøvd alt eg kan tenkje meg, lagt inn nyaste drivar/nTune-versjon og søkt både høgt og lågt på Internett utan å kome noko nærare ei løysing. :hmm:

 

All hjelp vert motteke med stor takk! :)

 

OPPDATERING: No har eg prøvd med Rivatuner og, men får same problemet der: Det fungerar tilsynelatande, då eg får endra klokkefrekvensane som eg vil - men det hjelper ingenting: Ingen forskjell i poengsummen i 3DMark og null ytelsesforskjell i spel.

Endret av Garegaupa
Lenke til kommentar

Testa med boot fra 64bits XP. Samme der. Fikk en med økning på 2-3 fps i css stress test. Og da med 550 på core. Deretter med 600 på core. Klokka med rivatuner. Det skulle jo vert mye mer. Blir bare mer og mer mystisk dette.

 

*Edit Fiksa seg med ati-tool. I xp 64bit 650/1000:) fikk god score i 3dmark. Men ikke i Vista.

 

http://forums.techpowerup.com/showthread.php?t=40965

Endret av Biomec
Lenke til kommentar
  • 4 uker senere...

Hmm... Eg slit framleis med dette her. Eg har berre ein einaste teori no om kva som kan vere problemet, og vil gjerne høyre kva folket trur om dette.

 

Fyrst litt bakgrunnsstoff: Eg har prøvd å overklokke med dei fire-fem siste drivarane, utan hell. Eg har brukt nTune (eg får stille opp klokkefrekvensane, men ingenting skjer), RivaTuner (same problem som med nTune), ATITool (som eg ikkje får til å fungere på denne PC-en) og Powerstrip (same problem som med ATITool). Uansett kor mykje eller lite eg prøvar å overklokke får eg ingen målbare utslag nokon plass.

 

Skjermkortet har dessutan vorte skifta ut med eit identisk kort grunna ein annan feil med det gamle kortet, noko som skulle utelukke at det er maskinvarefeil som er problemet.

 

Men, så prøvde eg for moro skuld å klokke ned skjermkortet, og då sank ytelsen betrakteleg. Altså fungerar justeringa av klokkefrekvensane, i alle fall i den retninga. Difor begynner eg å lure på om det rett og slett er resten av PC-en som er problemet? At resten av systemet ikkje klarar å henge med? Eg spurde om dette ein annan plass, men der var det nokon som meinte at SM3.0-testen i 3DMark06 kravde så mykje av skjermkortet at det var heilt umogeleg at resten av systemet heldt meg tilbake. Så eg veit ikkje heilt kva eg skal tru...

 

Resten av systemet mitt er i alle fall som fylgjer:

 

- AMD Athlon 64 X2 4200+ (overklokka frå 2200 MHz til 2530 MHz)

- Corsair HX620W PSU

- MSI K8N Diamond hovudkort (FSB 230 MHz)

- 4 GiB Crucial DDR-RAM (går på 230 MHz og 3-3-3-8-2T)

- 250 GB Western Digital SATA-300

- 19" ViewSonic LCD-skjerm (køyrer på 1280x1024)

- Windows Vista Ultimate 64-bit

 

Er dette rett og slett såpass skralt i våre dagar at det ikkje klarar å hengje med eit uklokka 8800 GTS til topps, langt mindre eit overklokka kort?

 

Den einaste måten eg kjem på i farten for å få testa dette er å prøve med meir overklokking på resten av PC-en. Problemet er berre at viss eg går over desse innstillingane her (som for øvrig er 100% stabile til vanleg bruk) så får eg ikkje lasta inn Windows ein gong...

 

Så, kva trur de? Er PC-en min rett og slett såpass utdatert at eg ikkje ser resultata av overklokkinga mi fordi skjermkortet er kraftigare enn det resten av maskina klarar å fylgje med på?

Endret av Garegaupa
Lenke til kommentar

Er det ingen som har noko peiling på kva som kan vere gale her, eller som har eit tilsvarande system som de har prøvd å overklokke skjermkortet på? No har eg prøvd alt eg kan kome på, og vert ikkje klokare... :hmm: Det med at resten av systemet held meg tilbake er det einaste eg kan skjøne at kan vere årsaka, men det hadde vore fint å fått stadfesta det.

Endret av Garegaupa
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...