Haaland Skrevet 8. januar 2003 Del Skrevet 8. januar 2003 I dag har eg sannsynlegvis gjort noko veldig dumt... Eg hadde nokon småproblem med servaren min, og bestemte meg difor for å legge inn Windows 2000 Server på nytt. Problemet, som eg ikkje tenkte på då, var at eg hadde brukt dynamiske disker. I servaren har eg to IBM harddiskar på 40 GB kvar, som eg før hadde sett opp med software-RAID med Disk Management. Systempartisjonen og tre andre partisjoner var speila, mens to partisjoner var stripa. Problema dukka opp då eg var gjennom den første "blå" "DOS"-delen av Windows 2000-installasjonen, ved første omstart. Då nekta maskinen å gå lenger enn der han skal byrja å lasta operativsystemet. Javel, tenkte eg, og plugga ut den eine av dei to diskane, og starta på nytt igjen. Eg fekk lagt inn Windows 2000 Server, og trudde alt var greit, heilt til eg gjekk inn i Disk Management igjen. Der viste det seg at heile disken eg nettopp hadde installert OS-et på, berre innehaldt nettopp det. Speilbilda av dei tre andre partisjonane var vekke, men dei kan eg gjenoppretta. Problemet er at eg no sit igjen med berre ein halvdel av kvar av dei to stripa partisjonane, som til saman skulle bli to heile partisjonar... Eg trur ikkje at dataane som låg der er overskrivne, men eg må vita korleis eg kan gjenoppretta dei! Eg har søkt litt på Google, og kom fram til ei side hos Microsoft (her), men eg forstår ikkje korleis eg skal bruka dskprobe.exe og dmdiag.exe... Er det nokon andre moglegheiter, evt. kan nokon kanskje gi meg ei litt betre "oppskrift" enn MS? Eg vil vera evig takknemlig dersom nokon kan hjelpa meg med dette... Eg skulle så gjerne hatt att filene mine... Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå