Zaphon Skrevet 28. juni 2007 Del Skrevet 28. juni 2007 Heihå! Eg lurte å om det var hjelp å få angåande ein jordskjelveffekt, altså å få filmklippet til riste. (Fôrorsaka av jordskjelv eller eksplosjonar) Høyrte at i Premiere må du bruke keyframing for å få til dette. Er det nokon som har ekspertise på det området? Eg fekk og med meg at dette kunne enkelt fiksast i After Effects med eit eller anna motion-styr, så kanskje eg skal skaffe meg/prøve ein demo av det. Men akkurat no har eg berre Premiere. Help plox? Lenke til kommentar
Torbjørn T. Skrevet 28. juni 2007 Del Skrevet 28. juni 2007 I PPro må du so vidt eg veit bruke nøkkelrammer ja. Du gjer alt i Motion, som er ein standardeffekt i Effect Controls. Det hadde kanskje vore lurt å fyrst gjort klippet litt større, kanskje 110-120%, for å ha noko å gå på. Om du ikkje gjer det vert det litt svarte kantar på sidene. So legg du til so mange nøkkelrammer du vil for rotasjon og posisjon. Du må nok ha ganske små mellomrom mellom nøkkelrammene. Om du ikkje kan bruke nøkkelrammer, sjå denne videoen. Der lærer du det grunnleggjande. Men i AE er det nok litt enklare ja. Der er det ein funksjon kalla «Wiggler», som gjer akkurat dette: Lager nøkkelrammer med tilfeldige verdiar innanfor eit område. Denne videoen viser korleis du bruker denne. Lenke til kommentar
Zaphon Skrevet 29. juni 2007 Forfatter Del Skrevet 29. juni 2007 Dæven! Tusen takk! No fekk eg det til. Forresten, du forklarte meg korleis eg skulle få til den spøkelse-effekten eg spurte om for ei god stund sidan, takk for det og, det funka bra. Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå