Anders Voldsund Skrevet 23. juni 2007 Del Skrevet 23. juni 2007 (endret) Hei Eg såg nettopp litt av FISM på TV2. Det føregjekk i Sverige og var verdensmeisterskap i trylling eller ei samling for tryllarar. Då såg eg eit trylletriks, som var ganske tøft. Eg veit ikkje kven som utførte trikset, men heile trikset gjekk ut på at han hadde nokre ballar som han hadde inne i stålkoppar, etterkvart viste det seg at stålkoppane ikkje hadde var koppar sidan det no ikkje var botn i dei. Han fortalte heile tida kva han gjorde, og eg trur han snakka ganske britisk. Trikset var relativt tidleg i programmet, trur det var den andre tryllekunstnaren. Og før han var det Norbert Ferre som snakka med ei pipestemme, i samtale med programleiaren. Veit nokon kva han heiter og om det er ein film av trikset på internett? (youtube e.l) Det hadde vore gøy å sjå det igjen. Programmet heiter "VM i trylling 2006". Etter litt trylling trur eg at han heiter "Shawn Farquhar", men eg har ikkje funne ein film av det enda. Endret 23. juni 2007 av Anders Voldsund Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå