lundinjo Skrevet 15. juni 2007 Del Skrevet 15. juni 2007 (endret) Hei Skal kjøpe meg photoshop. Gikk innpå http://www.adobe.com/no/products/, der ble jeg møtt med en haug av forskjellige versjoner av Photoshop!! Derfor lurer jeg: 1) Hva er Adobe Photoshop CS3? 2) Hva er Adobe Photoshop Elements 5.0? 3) Hva er Adobe Photoshop CS 8.0 ? 4) Finnes det andre versjoner også? 5) Hva er forskjellen på disse? 6) Hva trenger jeg? Er nybegynner, men vil likevel ha mange muligheter . Svar: 1) Ditt svar 2) Ditt svar OSV. Tusen hjertelig takk for hjelp. mvh lundinjo Endret 15. juni 2007 av lundinjo Lenke til kommentar
Torbjørn T. Skrevet 16. juni 2007 Del Skrevet 16. juni 2007 Den nyaste versjonen av Photoshop -- det folk flest tenkjer på når dei seier Photoshop. CS3 er den tiande i rekkja; CS3-namnet kjem av at det er den tredje versjonen som er kome etter at PS vart innlemma i pakka Creative Suite. Den finst ogso i ein Extended-versjon, der det er nokre ekstra verktøy for ulike yrkesgrupper. Du kan lese litt meir om den her. Ein annan versjon av Photoshop retta mot nybyrjarar, 5.0 er den nyaste i rekkja. Det er lagt opp til å vere litt enklare, og har ikkje like mange av dei avanserte funksjonane storebroren har. Ein eldre versjon av Photoshop, vanlegvis skriv ein berre Photoshop CS (sjå over). Men denne er vel ikkje til salgs no ... Som sagt er det ein Extended-versjon av PS. Det er ogso eit anna program i Photoshop-familien, kalla Photoshop Lightroom, men dette er heilt annleis. Det er meint for å kunne behandle og organisere store mengder bilete (gjerne RAW) raskt og enkelt. Mykje justeringar kan gjerast her, men det kan ikkje gjere alt, so mange bruker det nok saman med PS. Skal ein til dømes klone mykje, eller fjerne støy (gjerne ved hjelp av ein plugin), meiner eg verktøya i PS er betre. Har allereie sagt ein del, men kan oppsummere litt:Photoshop Elements er nybyrjarversjonen av Photoshop (CS3). Extended-versjonen av PS har ekstra verktøy for mellom anna 3D, video osb. Lightroom er for organisering og RAW-prosessering. Kjem litt an på kva du skal bruke det til. Er du fotograf og tek mange bilete er kanskje Lightroom det du treng, men har du tenkt å drive meir avansert bildemanipulering, tekst/grafikk o.l., so er Photoshop eller Photoshop Elements det du treng. Eg vil tru du kjem langt med Elements, men det er jo fleire mogelegheiter i Photoshop CS3. Prøveversjonar utan andre begrensingar enn at dei slutter å fungere etter 30 dagar kan lastast ned frå sida du linka til. Eit lite tillegg: Når folk flest seier Photoshop, meiner dei Photoshop CS3. Photoshop Elements vert for det meste kalla nettopp det; Photoshop Elements. Photoshop Lightroom vert for det meste kalla berre Lightroom. Lenke til kommentar
k-ryeng Skrevet 16. juni 2007 Del Skrevet 16. juni 2007 6) Hva trenger jeg? Er nybegynner, men vil likevel ha mange muligheter . Torbjørn T. har svart deg grundig på de andre, så jeg svarer på denne jeg:Photoshop Elements gir deg nok stort sett alt du trenger som nybegynner, når du har vokst ut av den kan du heller ønske deg mer. Ellers vil jeg også på det sterkeste anbefale deg å prøve et par av de gratisprogrammene som finnes: Paint.net Kanskje den beste balansen mellom brukervennlighet og avanserte funksjoner PhotoFiltre Relativt lite og enkelt program, men lar deg likevel gjøre det meste. Gimp 2.0 Den mest avanserte, men nok også den vanskeligste å lære. Et par av disse finnes i norsk utgave, Gimp og én av de andre. Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå