Skrellaren Skrevet 3. juni 2007 Del Skrevet 3. juni 2007 Denne skulle kanskje vore posta i "maskinen fungerer ikke", men sidan eg veit at fleire som les på laptop-forumet har erfaring med 1557, så postar eg her, så får heller ein sint moderator flytte tråden om han synest det er upassande. Problemet: Min Aopen 1557-G har dei siste dagane fått mykje bluescreen i XP, med påfølgande reboot. Det er ikkje så lett å peike på kva som gjer at den restartar seg, det einaste eg har lagt merke til er at den av ein eller annan grunn ikkje likar at eg går inn på gmail.com via Opera. Eg tenkte jo at ein re-format ville gjere susen (ca eit år sidan sist), så eg sette i gong med det, og då reboota den under installasjon, eller rettare sagt under formatering av systempartisjonen. Det funka derimot å bruke quickformat, så eg fekk til slutt installert XP. Så no har eg fresh installasjon av XP, og problemet er der framleis. No får eg bluescreen blant anna kvar gong eg set i ein usb-minnepinne. Kva eg har prøvd: Eg tenkte det kunne vere eit varmeproblem (vifta går ofte på fullt for tida), så eg prøvde å ta ut vifta for å sjå om det vart verre. Det som skjedde då var at PCen vart meir stabil (dog framleis ikkje stabil nok). Så det trur eg vi kan utelukke. Eg prøvde så å ta ut ei og ei minnebrikke, og starte PCen med alle moglege konfigurasjonar av dei to brikkene, utan at det hjalp. Så kva er det som kan vere årsaka til dette? Utanom varme- eller minneproblem, så er eg blank. Forslag mottagast med stor takk. Lenke til kommentar
ventle Skrevet 3. juni 2007 Del Skrevet 3. juni 2007 kan være en kortslutning på en av brikkene på hovedkortet (BIOS-brikken, northbridge, southbridge osv) pga støvansamlinger. Ta ut hovedkortet og skyll grundig med rødsprit, det hjelper i flere tilfeller enn man skulle tro. Lenke til kommentar
Skrellaren Skrevet 3. juni 2007 Forfatter Del Skrevet 3. juni 2007 Heh.. rødsprit må bli siste utveg trur eg. Eg har snappa opp feilmeldinga eg nokre gongar får når skjermen går i blått: "PAGE_FAULT_IN_NONPAGED_AREA". Nokon som har erfaringar med denne typen feilmeldingar? Lenke til kommentar
Fragment Skrevet 3. juni 2007 Del Skrevet 3. juni 2007 http://www.microsoft.com/technet/prodtechn...3.mspx?mfr=true Lenke til kommentar
Skrellaren Skrevet 3. juni 2007 Forfatter Del Skrevet 3. juni 2007 Takk Fragment, google kjenner eg til. Det eg lurer på er om det er nokon som har hatt ein 1557, og kjenner igjen symptoma til laptopen min. Lenke til kommentar
:chribruu Skrevet 3. juni 2007 Del Skrevet 3. juni 2007 Ta en titt inni og se om du finner noen hybelelefanter temp? Lenke til kommentar
Skrellaren Skrevet 3. juni 2007 Forfatter Del Skrevet 3. juni 2007 Eg har renska ut det som fanst av støv på kjøleribba (temmeleg mykje, faktisk), utan at det hjalp. PCen kjørte faktisk ganske stabilt utan vifte i det heile tatt, så problemet er ganske sikkert ikkje varmerelatert. Lenke til kommentar
:chribruu Skrevet 4. juni 2007 Del Skrevet 4. juni 2007 Eg har renska ut det som fanst av støv på kjøleribba (temmeleg mykje, faktisk), utan at det hjalp. PCen kjørte faktisk ganske stabilt utan vifte i det heile tatt, så problemet er ganske sikkert ikkje varmerelatert. 8776710[/snapback] Japp. Hadde det vært det så hadde vifta vært hysterisk til enhver tid, og det hadde du merket Lenke til kommentar
Skrellaren Skrevet 4. juni 2007 Forfatter Del Skrevet 4. juni 2007 No, etter fersk format, får eg kun (iallefall så lang) bluescreen når eg set i ein USB-minnepinne. Men ikkje når eg set i t.d. ein dongle for trådlaus mus. Kva kan dette kome av? Lenke til kommentar
kloningen Skrevet 4. juni 2007 Del Skrevet 4. juni 2007 Sist jeg fikk bsod var fordi jeg tullet med regitry keys osv.. etter formatering har det aldri skjedd igjen. sett alle bios instillinger til standard. Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå