Giger Skrevet 2. juni 2007 Del Skrevet 2. juni 2007 Kort om problemet: Jobbar på ein stor skule. Mange tilsette pedagogar. Inspektøren vår er ansvarleg for at kvar klasse har ein lærar i kvar time. Når nokon er vekke frå arbeid må inspektøren finne vikar. Det er fleire lister inspektøren må sjekka for å finne ut kven som er aktuell til vikar. 1. Kven har "fritime"? 2.Er denne "fritimen" ein verkeleg fritime eller har læraren bunden tid? 3. Har læraren det faget som skal undervisast i? 4. Har nokon av dei aktuelle vikartimar i stillinga si? Dersom det er fleire som er sjuke er det faktisk ganske mykje arbeid å kryssjekka å finne lærarar som kan ta jobben. Dersom ein av dei aktuelle seier nei må jobben gjerast på ny. Dette tenkte eg måtte kunna automatiserast. Eg har derfor plotta informasjonen om kvar lærar inn i eit skjema i Access. Når ein er litt Access kyndig er det greit å få ut den informasjonen ein treng gjennom spørjingar, men eg ville så gjerne laga dette så enkelt at ein kvar "idiot" skal kunna bruke det. Ønske: Eg vil at det skal vera mogeleg å berre trykka på knappar. Trykka frekvens: Dag......time......fag...... Etter denne trykkinga skal eg få fram ei prioritetsliste med "ledige" personar til den timen. Kva for eit program bør eg nytta. Er Access bra nok? Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå