Bozzeye Skrevet 15. mai 2007 Del Skrevet 15. mai 2007 Lurer på korleis ein lagar rammer. Ikkje sånn som er heilt ute i kanten av biletet, men som du kan f.eks. sette litt inn på biletet. Og ein ting til, korleis gjer man at du lagrar det du held på med og kan starte når du vil med å åpne fila. F.eks. med eit animert bilete, at du lagrar det og startar att der du slutta sjølv om du stengjer PCen f.eks. Er det .PSD eller .PDD? Lenke til kommentar
Torbjørn T. Skrevet 15. mai 2007 Del Skrevet 15. mai 2007 Ikkje sånn som er heilt ute i kanten av biletet, men som du kan f.eks. sette litt inn på biletet.Kan vere eg berre er treig i oppfattinga, men eg forstår ikkje kva du meiner her. Kan du forklare nærare, eventuelt vise nokre døme? For det andre spørsmålet ditt: PSD. Lenke til kommentar
Bozzeye Skrevet 15. mai 2007 Forfatter Del Skrevet 15. mai 2007 Du er kanskje ikkje treig i oppfatninga, det er nok berre eg som har forklart litt dårleg. Det skal vere ei ramme (som vist på biletet) i biletet. Ikkje heilt i kanten, men at ramma er nokre cm innafor kanten på biletet. Lenke til kommentar
Torbjørn T. Skrevet 15. mai 2007 Del Skrevet 15. mai 2007 (endret) OK. Det du kan gjere er å fyrst bruke rectangular marquee og merke ein firkant der du vil ramma skal vere, og etterpå velge Edit --> Stroke. Pass på å bruke Inside, for med dei to andre vil hjørna verte avrunda. Har du vanskar med å få markeringa (og dermed ramma) på rett stad med ein gong, kan du flytte den i ettertid. Flytt musa innanfor markeringa, so det kjem ein firkant av stipla linjer ved musepeikaren. Eller du kan gjere markeringa på ein litt annan måte. Anten, merk alt (Ctrl + A), og gå til Select --> Transform selection (kan vere den ligg på Edit-menyen, eg hugser ikkje nøyaktig). Hald inne Shift og Alt, og dra inn hjørna på markeringa. Eller, merk alt og gå so til Select --> Modify --> Contract. Dette vil gjere markeringa mindre, med so mange pikslar du skriv inn. Redigert: Ville berre leggje til ein liten ting, men det er unødvendig å lage ein ny post for det. Grunnen til at ein skal halde inne shift og alt etter å tatt select --> transform selection, er følgjande: Shift gjer at proporsjonane mellom høgd og breidd held seg konstant. Det gjer at markeringa (og dermed ramma) får akkurat same høve mellom høgd og breidd som biletet. Alt gjer at nedskaleringa av markeringa vert gjort med utgangspunkt i sentrum av biletet. Hadde ein ikkje gjort dette, måtte ein fyrst dratt inn det eine hjørnet, og so prøvd å dra inn det andre like mykje. Endret 15. mai 2007 av Torbjørn T. Lenke til kommentar
SkummelType Skrevet 7. oktober 2007 Del Skrevet 7. oktober 2007 Tenkte bare jeg skulle takke siste poster for en kjempebra måte å fikse ramme på, takk så mange Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå