Gå til innhold

Nile - Ithyphallical death metal


MrHaze

Anbefalte innlegg

logo-nile.gif

 

post-121678-1178919698_thumb.jpg

 

Studio-diskografi:

  • 1998 - Amongst the Catacombs of Nephren-Ka
  • 2000 - Black Seeds of Vengeance
  • 2002 - In Their Darkened Shrines
  • 2005 - Annihilation of the Wicked
  • 2007 - Ithyphallic (ikkje utgitt pr. i dag)

Nile starta opp i 1993, ga ut to demoar, ein EP og ein singel før fyrste studio-full-lengder, Amongst the Catacombs of Nephren-Ka, kom ut i 1998. Deretter gjekk det 2 år til neste utgjeving, Black Seeds of Vengeance, 2 år til før In Their Darkened Shrines kom ut, og til slutt 3 år før Annihilation of the Wicked. Dei som er kjent med bandet veit at dei spelar ein ganske unik form for death metal, inspirert av egyptisk musikk, mytologi og historie.

 

Amongst the Catacombs of Nephren-Ka (1998)

 

post-121678-1178922193_thumb.jpg

 

Niles fyrste album vitnar allereie om at dei er ute etter å gå stiar som ingen andre har gått før. Som navnet tilseier så spelar dei musikk inspirert av Egypt, då både tekstmessig og musikkmessig. Musikkstilen er nærmare bestemt rimelig teknisk death metal.

Songane på Amongst the Catacombs of Nephren-Ka (unødvendig trivia: Nephren-Ka-navnet er ikkje henta frå Egypt, men frå diverse noveller av H.P. Lovecraft, ein person dei dedikerte ein sang til på det forløpig siste albumet) er rimelig korte i forhold til det me ser på f.eks. Annihilation of the Wicked, den lengste låta her tikkar inn på 4:45. Låtane er solide og tunge, men manglar dog det Nile viser at dei kan seinare. Produksjonen må nok ta litt av støyten for det, sidan gitaren ikkje alltid er like klar som ein skulle ønske, men trommene har ein flott lyd, sjølv om dei forskjelliga instrumenta på dei mest utstrakte blaste-partia kan flyte litt inn i kvarandre.

Karl Sanders, som står for det meste av tekstskrivinga, har gjort bra research rundt tekstane, noko som gjer at dei, i motsetning til mykje anna innan death metal, faktisk er interessante å lese. Er du i tillegg interessert i egyptisk mytologi og historie (slik som meg), så er det mykje bra å hente her, sjølv om Sanders ikkje er heilt ferdig utvikla, reint tekstmessig.

Musikkmessig får me eit relativt variert album, med både rett-fram death metal, litt mindre rett-fram death metal, og musikk med sterke bånd til egyptisk musikk, slik som på Die Rache Krieg Lied Der Assyriche, som startar opp med noko som høyres ut som ein krigssong av noko slag. Til tross for den korte lengda, så har den ein voldsomt episk feeling, og er ein av dei beste låtane på albumet, sjølv om ein ikkje skal kimse ad Smashing the Antiu eller Ramses Bringer of War, heller. Alt i alt må Amongst the Catacombs seiast å vera eit veldig suksessfullt debut-album, og ein god forsmak på godisen som kom seinare.

 

Tracklist:

 

 

1. Smashing the Antiu

2. Barra Edinazzu

3. Kudurru Maqlu

4. Serpent Headed Mask

5. Ramses Bringer of War

6. Stones of Sorrow

7. Die Rache Krieg Lied Der Assyriche

8. The Howling of the Jinn

9. Pestilence and Iniquity

10. Opening of the Mouth

11. Beneath Eternal Oceans of Sand

 

 

 

Sjanger: Teknisk death metal

Høydepunkt: Die Rache Krieg Lied Der Assyriche, Smashing the Antiu, Ramses Bringer of War

Karakter: 9-/10

 

Black Seeds of Vengeance (2000)

 

post-121678-1178920390_thumb.jpg

 

Sanders og Toller-Wade kom med nok eit kanonalbum, berre to år etter Amongst the Catacombs of Nephren-Ka. Dette inneheldt meir egyptisk-inspirerte instrumentals og liknande, samtidig som det hadde mykje lengre songar, og den første verkeleg episke Nile-sangen når det gjeld lengde kom fram. To Dream of Ur klokkar inn på 9:07, og er ein heilt kanon sang, stemningsfull som berre pokker. Heile albumet inneheld ei heil rekke med sprek instrument-traktering. Til tross for at det er tromissen på det forrige albumet, Pete Hammoura, står oppført som trommis, så var det Derek Roddy (Hate Eternal, Malevolent Creation) som spela inn det meste, noko som absolutt ikkje gjer noko, ettersom det er konsekvent fett gjennom hele skiva.

Som sagt, så er musikken meir inspirert av egyptisk musikk denne gongen, introen, Invocation of the Gate of Aat-Ankh-es-en-Amenti, er blant anna ein instrumental som klart er henta frå egyptisk musikk. Me får og ispedd litt meir krydder av samma sort som i Die Rache Krieg Lied Der Assyriche frå forrige plata på Masturbating The War God. Det største høgdepunktet på plata er dog allsangpartiet på tittelsporet. Å høyre Sanders og Toller-Wade brøle Black! Seeds! of Vengeance! er mektig som berre Ross Dolan får det ellers. Heilt ekstremt bra. Produksjonen er og bedre enn på Amongst the Catacombs, med gitaren godt oppi miksen, og utan dei partia som blei litt sludgy på forrige plata. Vokalen er flott plassert, og ikkje noko å klage på, då heller ikkje på utføringa, då det er prikkfrie prestasjonar frå både Dallas og Karl, pluss gjestevokalistane (blant anna Ross Dolan (Immolation)).

Black Seeds of Vengeance viser eit meir vaksent Nile, i tekstane også. Litt meir mytologi og historie, og litt mindre vold og faenskap, sjølv om det sjølvsagt er nok av det og. Den vanskelege andreskiva satt tydeligvis ikkje så langt inne, for Nile gav ein enda bedre prestasjon på denne, enn på forrige.

 

Tracklist:

 

 

1. Invocation of the Gate of Aat-Ankh-es-en-Amenti

2. Black Seeds of Vengeance

3. Defiling the Gates of Ishtar

4. The Black Flame

5. Libation Unto the Shades Who Lurk in the Shadows of the Temple of Anhur

6. Masturbating the War God

7. Multitude of Foes

8. Chapter for Transforming Into A Snake

9. Nas Akhu Khan she en Asbiu

10. To Dream of Ur

11. The Nameless City of the Accursed

12. Khetti Satha Shemsu

 

 

 

Sjanger: Teknisk death metal

Høydepunkt: Black Seeds of Vengeance, Defiling the Gates of Ishtar, The Black Flame, To Dream of Ur

Karakter: 9+/10

 

 

In Their Darkened Shrines (2002)

 

post-121678-1178921432_thumb.jpg

 

In Their Darkened Shrines er eit slik album som kjem veldig an på humøret. Er du i rett humør så funkar det som faen, er du ikkje det, så blir det veldig slitsomt å høyre på. LItt Ephel Duath, berre at slitsomhetsnivået ikkje er så høgt om du ikkje er i rett humør. Konstante trommebreaks i bortimot ein time er ikkje noko ein orkar kvar dag, men no har det seg slik at eg ser det an på formen, og om det er rett form, så sit denna som eit skudd. Låtmateriellet er, sett under eitt, jævlig sterkt, om enn ikkje så bra som på neste. Me får alt frå songar med gjennomsnittleg lengde, til episke låtar som Unas Slayer of the Gods, som klokkar inn på heile 11:42. Ei enormt knall låt, som saman med To Dream of Ur og Von Unaussprechlichen Kulten utgjer det mest episke Nile har gjort. Rart med det, korleis dei episke låtane ofte er blant dei beste på albuma til Nile.

Tekstane er som alltid knall, ikkje stort anna å seie der. Etter Black Seeds of Vengeance skilde Nile lag med Pete Hammoura, og tok inn Tony Laureano. Resultatet blei dei nevnte nesten konstante trommebreaksa, og eit album som eg synes lignar minst på resten av diskografien, utan at det er noko negativt. Dei to instrumentalane på starten og slutten av In Their Darkened Shrines-suiten (i mangel på bedre ord så adapterar eg frå prog-verdenen) er og heilt konge. Egentleg så er den suiten ganske original til death metal å vere, og Nile gjer det gjennomført som alltid.

Riffinga er til tider ikkje heilt på topp på In Their Darkened Shrines, men det er ikkje så vanskeleg å oversjå, når det rett etterpå kjem ballefeite riff. In Their Darkened Shrines er pr. i dag på nivå med Amongst the Catacombs, men i det rette humøret så er den heilt der oppe med Black Seeds of Vengeance. Heldigvis var det ikkje eit album som skapte så splitta følelsar som kom etterpå.

 

Tracklist:

 

 

1. The Blessed Dead

2. Execration Text

3. Sarcophagous

4. Kheftiu Asar Butchiu

5. Unas Slayer of the Gods

6. Churning the Maelstrom

7. I Whisper In the Ear of the Dead

8. Wind of Horus

9. In Their Darkened Shrines I. Hall of Saurian Entombment

10. In Their Darkened Shrines II. Invocation to Seditious Heresy

11. In Their Darkened Shrines III. Destruction of the Temple of the Enemies of Ra

12. In Their Darkened Shrines IV. Ruins

 

 

 

Sjanger: Teknisk death metal

Høydepunkt: The Blessed Dead, Unas Slayer of the Gods, I Whisper in the Ear of the Dead

Karakter: 8+/10

 

 

Annihilation of the Wicked (2005)

 

post-121678-1178921791_thumb.jpg

 

Det skulle ta tre år og ein ny trommis før Nile ga ut ei ny plate. Den viste seg å vere vel verdt ventetida, men kva Nile-plate har ikkje vore verdt det? Uansett, med Geroge Kollias bak trommesettet så vart det bokstavelig talt fart på sakene. Han pøser på med spreke fills og breaks, samtidig som det ikkje blir overkill slik som det til tider blei på In their Darkened Shrines. Den egyptiske musikken er ikkje så mykje tilstades som på dei foregåande albuma, men det er framleis knallsterk riffing frå Toller-Wade og Sanders, og me får heile tre songar av episka proporsjonar - User-Maat-Re, tittelsporet og den Lovecraft-inspirerte Von Unaussprechlichen Kulten. Sistnevnte har kanskje tidenes mest apokalyptiske slutt, og er heilt fantastisk knall. I await the day when the claws of doom shall rise!

Songskrivinga til Nile har utan tvil berre vorte betre med tida, og det har nådd ein forløpig topp i Annihilation of the Wicked. Med riff som det andre i tittelsporet så kan ein ikkje la være å prise Nile. Fy faen så groovy og brutalt! Det er vel eit ankepunkt ein kan ha mot Annihilation of the Wicked, og det er at den åttende songen, som stort sett består av krokodille-lydar, kunne ha vore kutta ut, men det er berre småpirk, for resten er heilt fantastisk. Produksjonen er klar og tydeleg, du høyrer alle instrumenta bra, og det er ein fryd for øyraet. Tekstane er ogbest her, for fy fader så konge det er når Sanders verkeleg vil.

Sjølv om mange Nile-fans regnar In Their Darkened Shrines som deira magnus opum, så synes eg Annihilation of the Wicked er det forløpig beste albumet, men kven veit kva dei greier å prestere med Ithyphallic? Annihilation of the Wicked virkar som eit album som er vanskleg å slå, men det har dei foregåande og gjort, så kven veit? Karl, Dallas og George er tydeligvis eit team som fungerar veldig godt, men forhåpentligvis tek dei med litt meir egyptisk inspirasjon på neste album.

 

Tracklist:

 

 

1. Dusk Falls Upon the Temple of the Serpent on the Mount of Sunrise

2. Cast Down the Heretic

3. Sacrifice Unto Sebek

4. User-Maat-Re

5. The Burning Pits of the Duat

6. Chapter of Obeisance Before Giving Breath to the Inert One in the Presence of the Crescent Shaped Horns

7. Lashed To the Slave Stick

8. Spawn of Uamenti

9. Annihilation of the Wicked

10. Von Unaussprechlichen Kulten

 

 

 

Sjanger: Teknisk death metal

Høydepunkt: Cast Down the Heretic, Von Unaussprechlichen Kulten, Annihilation of the Wicked

Karakter: 10/10

 

Nile@Myspace

Nile official

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse
Kjøpte Annihilation of the Wicked når den kom ut, og syns ærlig talt det var litt kjedelig. Kanskje på tide å fi den en ny snurr.  For to-tre år siden hadde jeg tross alt ikke den store peilingen på DM

8593014[/snapback]

 

Gi det en sjanse til, jeg sier bare en ting:

 

krem-do-kanapek-male-co-nieco.jpg

Lenke til kommentar
  • 2 måneder senere...
  • 1 måned senere...
  • 10 måneder senere...
  • 1 måned senere...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...