Dabola Skrevet 17. april 2007 Del Skrevet 17. april 2007 På ein 3 mnd gamal stasjonær pc med XP prof. og sp2 har eg plutseleg oppdaga at funksjonstastane F.. ikkje utfører standard kommandoane lenger. Problemet er generelt, dvs ikkje programavhengig. I både Opera og Firefox opnar F5 "opne fil"-meny'en i staden for å oppdatere websida - som eit eksempel. Tilsvarande rot i andre programmer. F12 => utskriftsmeny, F11 => lagre som, F10 => F4-kommandoen, F5 => opne fil (normalt ctrl+O)..... Sidan eg tek sikkerheitskopi av registeret kvar morgon (via "Planlagt Oppgave" i Systemverktøy) med den supre programvaren Erunt (gratis) forsøkte eg å installere ein to dager gamal versjon av registeret (då fungerte funksjonstastane normalt), men dette hjalp ikkje. Eigentleg uventa fordi ein skulle tru at feilen var i registeret. Kva kan då vera feilen? Eit tredje program som køyrer? Har forsøkt både å starte opp i sikkerheitsmodus, men der fungerte ikkje funksjonstastane i det heile - og det trur eg er normalt. Har gått igjennom oppstart-lista og også sett på program som køyrer men her er alt som det har vore i lengre tid. Benytter Microsoft Multimedia tastatur. Og MS Intellitype Pro driver for det trådlause tastaturet. I Kontrollpanel, >Tastatur, >Egenskaper finnast ein knapp "Restore default". Kan dette vera eit alternativ, eller skal eg heller oppdatere driver? Nokon som har ein ide korleis eg skal ringe inn feilen? Lenke til kommentar
Syar-2003 Skrevet 17. april 2007 Del Skrevet 17. april 2007 Trykk på F-Lock/F-Mode tasten på tastaturet. Lenke til kommentar
Dabola Skrevet 17. april 2007 Forfatter Del Skrevet 17. april 2007 Tusen takk, syar2003! Tenk so enkelt, men dog so fjernt... Som nevnt har eg styra ein masse det siste døgnet for å finne feilen. Trur til og med at eg har erfart denne Flock-tasten tidlegare, men den hadde tydlegvis falt ut at langtids-minnet. Det var i det registeret "feilen" var. Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå