Gå til innhold

Analyse av tekst!


Garanti

Anbefalte innlegg

Hei godtfolk!

Skreiv ein tekst i ein skuletime, heilt tilfeldig, kan dykk kommentere og evt. analysere den?

 

Mannen gjekk ein tur, møtte på ein annan, som slutta seg til broderskapet, som byrja å minke, samtidig som han ikkje ville innrømme sannsynet for total utmattelse. Seinare vart han kjend med tanken på at han ville hoppe i fallskjerm, ofte skjedde det at han kunne revne arket sitt, men kven brydde seg vel? Han kunne tenkje seg at naboen gjorde det, for han sin skyld, liksom.

 

Så kom dagen, dagen utan navn, utan handling, utan vers, med greie tankar om meg og han andre. Skulle han hoppe? For han ville vel ikkje? Kanskje han ville no, kanskje ikkje? Hopp! Han hoppa. Ikkje no? Nei. Han snudde seg, og sprang, sprang heim til tørt brød og saft, mykje takka være mor, som likte å lage ein god stemning. Den andre mannen tykkjer at det høyrast ut som ein fantastisk dum tanke, og følgjer etter. Forhåpentligvis er det sant, men det er usannsynleg, om ikkje umogleg, i likheit med mykje anna. Brød!

 

Han var lei av han no. Tre dagar under huda på deg, sa han. Vel; han var snar med å endre sin oppfatning om tid, samstundes som han vart irritert på uttrykket "grell". Vidare tenkte han på noko som fannst, som han ikkje kunne sjå eller forøvrig føle. Men; han kunne vel kjenne det? Då følte han det. Brød. Han gjekk ut av gangen, tok på seg ein bukse, og gjekk ut. Det var varmt, han kjente sand som kilte under beina hans, samstundes som den skrapte. Kvifor ville han fare? Kvifor spørje seg sjølv spørsmål heile tida? Kunne han ikkje berre finne seg til rette ein eller annan stad, og gjere det han ville, ikkje kunne han ønske seg det meir enn noko anna.

 

Men; som alltid, kvifor skulle han koste trappa for sand, når han kunne gjere det i kveld, meir enn ein tur til frisøren. Han sparka ein stein, kom på at han ikkje hadde på seg sko, snudde, snudde igjen. Kven treng sko på oppdrag? Vidare gjekk vegen, over byen, over vegen, til stranda. Brød. No tok han av seg buksa, sparka den vekk. Så gjekk han ut i vatnet, grua seg til at det skulle nærme seg midja.

 

So skjedde det, han tok sats, stupte framover. Mannen på stranda er gått no? Kanskje han berre skulle gå inn att? Så tok han med seg buksa, gjekk inn i skogen, la seg ned, tenkte på jungeltrommar og broren sin hanske. Fekk han lov? Han var jo vaksen? Likevel kunne han vel kanskje gi seg med dei verste rundane.

 

Men; så sant, det gjekk nok no. So kan eg gå vidare med god samvittigheit. Hadde han fått nok no? Han reiste seg opp og kunne med misnøye sjå at eit blad hadde funne vegen inn i øyret hass. Brød. Klokka ringte, og han sprang heim. Noko som han ville gjere meir av når klokka vart litt meir. Nokon såg litt skeptiske ut, tanta deriblandt.

 

EDIT: Endra litt på avsnitta.

EDIT v.2.0: Eg får heller skilja med mellomrom.

Endret av jrundruud
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...