Gå til innhold
Trenger du hjelp med PCen? Still spørsmål her! ×

PC slår seg av etter kort tid


Anbefalte innlegg

Hei

 

Eg har då eit problem med ei maskin her heime.

Her er ei liste over komponentane

- Hovudkort: Asus A7N8X-E Deluxe

- CPU: AMD Athlon XP 2800+

- RAM: Twinmos PC 2100 DDR 512MB

- Grafikkort: PowerColor Radeon 9550 Proi

- Harddisk: Seagate Barracuda 80 GB (formatert)i

- PSU: Chieftec ATX HPC 360-202

- DVD: Sony DW-Q28A

 

Eg kopla til alt av leidningar, og plugga straumkabelen i straumforsyninga. Lampa på hovudkortet lyser. Så startar eg maskina, og alle viftene snurrar og eg kjem meg inn i BIOS. Etter ei stund (frå 10 sek. til 1 min.) slår maskina seg rett av, og den vil ikkje på igjen før eg har tatt straumkabelen ut av straumforsyninga og plugga den inn att (lampa på hovudkortet sluttar ikkje å lyse før eg har tatt ut kabelen). Temperaturen til prosessoren ligg på under 50°C, så då er det sannsynlegvis ikkje den. Eg mistenkte då at straumforsyninga var syndaren, men etter å ha prøvd med ei anna straumforsyning får eg opp akkurat dei same symptoma.

Så då lurer eg på om nokon her på forumet har nokon forslag til kor feilen ligg og korleis eg skal løyse dette problemet. Alle tips er velkomne.

 

Takk på førehand.

 

(Om nokon kjem på ein betre emnetittel er det berre å seie ifrå)

Endret av Imperivm_Romanvm
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse
Prøv å resette BIOS vha. jumper på hovedkortet. Har du sjekket at kjøleren på CPU er riktig montert?

8389577[/snapback]

Eg trur kjølaren er riktig montert; den er iallfall klipsa fast til hovudkortet. Har resetting av BIOS same verknad som å laste inn standardinnstillingar?

Lenke til kommentar
Sjekket drivere? temperatur? er det fullt av støvkaniner inni kabinettet?

8392228[/snapback]

Det kan ikkje vere noko problem med drivarar, fordi det ikkje ligg noko innpå harddisken. Eg har tatt hovudkortet ut av kabinettet for å gjere det reint, så støv skal ikkje vere noko problem.

Lenke til kommentar
Min pc pleide å skru seg av og starte på nytt fordi jeg hadde for liten strømforsyning. Selv om dette bare skjedde pga at grafikkortet fikk for lite strøm når jeg spilte etc, så kanskje du har en altfor liten strømforsyning?

8410577[/snapback]

350 Watt er nok til det oppsettet, det er eg sikker på.

Lenke til kommentar
  • 4 uker senere...
  • 3 uker senere...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...