Gå til innhold

Hjelp med forminsking


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Har aldri brukt Office Picture Manager, men kan tenkje meg at det er fordi biletet ikkje er kvadratisk og OPM vil halde på høvet mellom lengd og breidd. Til dømes, om du har eit bilete som er 750*500 pikslar, og skalerer dette til 75*75, so vil det verte strekt i breidda, men med 75*50 vil det derimot verte korrekt.

 

So til Photoshop. Vil du ha eit bilete til 75*75 her har du ulike mogelegheiter. Du kan gå til Image --> Image size (same som Sportive nemnte over) og skrive inn tala der. Om biletet ikkje er kvadratisk må du fjerne haka frå «Constrain Proportions», men merk at biletet då vil verte strekt ein veg. I mine auge vil det vere betre å la den lengste sida vere 75 (eller kva no enn maksgrensa er), og den andre mindre, so høvet mellom dei ikkje endrar seg.

 

Vil du ha det akkurat 75*75, men utan at det er strekt i breidda, les guiden du finn her. (Under overskrifta «- Guider og nyttige linker») Det finst fleire måtar å gjere det på, men denne fungerer no greit.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...